Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Elevkvardagen > Velkomen til HVS 2005/2006

August 2005

VELKOMEN TIL EIT NYTT SKULEÅR



Skuleåret 2005/2006 er det 31. i rekka ved Haram vidaregåande skule. Jubileumsåret vil vi prøve å markere på ulike måtar.

Frå 1975 og fram til i dag har studietilbod, klassetal og elevetal endra seg mykje. Hausten 1975 hadde vi 2 klassar, 56 elevar i allmennfagleg studieretning, og 8 tilsette. På det meste har skulen hatt 21 klassar og 395 elevar og lærlingar. Dette skuleåret vil det vere 45 tilsette, 225 elevar og 14,5 klassar; fordelt på allmenne fag, elektrofag, helse- og sosialfag, mekaniske fag og tekniske og allmenne fag.

I løpet av dei 30 år som har gått, har vidaregåande opplæring endra seg frå å vere eit tilbod for dei få, til å bli ein rett for alle. Studie- og fagtilbodet har vorte mykje breiare, og faginnhald og arbeidsmåtar er jamt under endring. Det same er elevrolla, der siktemålet er å få elevane meir aktivt med i læringsarbeidet, i planlegginga, gjennom-føringa og i evalueringa av det arbeidet som er gjort. Det overordna målet har likevel alltid vore det same, elevar som tileignar seg nye kunnskapar og ny lærdom. Den neste større endringa er Reform 2006/ Kunskapsløftet, med oppstart hausten 2006.

For å kunne møte utfordringane, er det viktig at Haram vidaregåande skule er til stades i tida, og som evner å gi noko for framtida.
Dette tilseier utvikling og endring, noko skulen både skal møte og påverke, med fleksibilitet og tilpassingsevne. Studietilbodet ved skulen må samsvare med ungdommen sine ønske og behovet i samfunn og næringsliv.

Det overordna målet for skulen er å gi deg som elev størst mogleg lærings-utbyte. Det vil seie at du når lengst mogleg mot dei måla som er sette for opplæringa. Den samla kompetansen opplæringa gir deg, skal vere eit godt grunnlag for framtidig yrke eller vidare studium. All kunnskap kjem deg til nytte, både som yrkesaktiv og som samfunnsmenneske. Men det er ikkje slik at kunnskap alltid treng å vere ”matnyttig”, kunnskap har og ein verdi i seg sjølv, og for ein sjølv.

For å gi deg størst mogleg kompetanse, må skulen møte deg med dyktige lærarar som kan sine fag, som tilpassar og tilrettelegg opplæringa til dine føresetnader, og som nyttar varierte arbeidsmåtar i opplæringa. Som elev skal du trekkast aktivt med i læringsarbeidet, i planlegginga, gjennomføringa og i evalueringa av det arbeidet som er gjort. Læringsutbytet aukar med auka aktivitet og deltaking.

Organiseringa av opplæringa er og viktig for studietilbodet og læringsarbeidet. M.a. har elevane studietid og det er fastlagt møtetid for elevar og kontaktlærar.

Skulen legg og vinn på å vere ein skule med gode undervisningslokale og godt utstyr, m.a. innanfor IKT. Vi samarbeider og godt med arbeidslivet utanfor skulen, slik at vi får til nye og spennande læringsarenaer. Innovasjonsstudio og Designstudio ved skulen, bli m.a. nytta innan IBD-tilbodet.

For å styrke undervisninga og å leggje betre til rette for tilpassa opplæring av kvar elev, og ivareta elevane sine sosiale behov, nyttar vi gruppeorganisering. Kvar elev blir knytta til ein kontakt-lærar, med ansvar for praktiske, administrative og sosialpedagogiske gjeremåla, m.a. kontakten med heimen.

Arbeidet med internasjonalisering vil neste år igjen føre oss til Italia. Italienske elevar kjem hit i august 2006, mens våre elevar (3TAF), skal til Italia i juni 2006. ”IBD-elevane” på 3.-året allmenne fag, skal i haust på tur til England.

Vi som arbeider ved skulen, er her for å hjelpe deg, slik at du fortast råd finn deg til rette. Det er viktig for at du skal trivast, og trivsel er igjen avgjerande for læringsmiljøet, og at du skal gjere godt arbeid. I den første tida er det viktig at du spør oss, eller "røynde" elevar, dersom det er noko du lurer på.

Men sjølv om vilkåra for læring er til stades i størst mogleg grad, er det framleis slik at tileigning av kompetanse krev interesse, arbeid og innsats. Utan at du sjølv er aktivt med og tar ansvar for eiga læring, vil ikkje læringsutbytet kome. Det er og viktig at du er aktivt med på å skape eit godt skule- og klassemiljø.

Ved skulen vil du møte menneske med ulik bakgrunn og ulike fagområde, interesser og ønskemål. Som elles i samfunnet må du lære å respektere andre og vise omsyn, samstundes som du er kritisk og tar vare på det du sjølv står for og det du sjølv er.

Dersom du vil endre skulesamfunnet til å bli slik du eller dine medelevar ønskjer det, må du vere aktivt med og ta på deg oppgåver i elevråd og skuleutval.

Velkomen til Haram vidaregåande skule, og lykke til.

Jøstein Taftø
rektor


Tilbake til:
Hovudsida
Godt å vite - diverse informasjon