| |
Du er her: Godt å
vite - vurdering
Oppdatert 21.08.06.
VURDERING, KARAKTERGRUNNLAG, KARAKTERSETTING M.M.
| |
Karakterane skal settast i samsvar med Opplæringslova,
jfr. forskrift §§ 4-12, 4-13, 4-14, 4-15,
4-16, 4-17. Sjå og Skulereglementet § 6. |
|
Korleis termin- og standpunktkarakterar blir sette:
Karakterane skal basere seg på eleven sin aktivitet og
prestasjonar gjennom skuleåret. Undervegs vil en ta omsyn
til fleire moment når ein vurderer:
Munnleg
Lesing av tekst, samtale, påhøyr av innhald
Forklaring på tavle, gloser
Generelt inntrykk
Skriftleg
Heimeoppgåver
Mindre prøver (1, 2 eller 3 timar)
Lekseprøver
Øvingar, særoppgåver, prosjektrapport
Samlingar (herbarium)
Heildagsprøver
Praktisk
Øvingsrekke, praktisk arbeid på verkstad, kjøkken
Dugleik - kroppsøving
Kombinerte prøver
Skriftleg/munnleg
Praktisk/skriftleg
Enkeltkarakterar:
Desse skal gi grunnlaget for å sette termin- og standpunktkarakterar.
Det er derfor viktig at desse kjem fram ved ein god, trygg
og korrekt karaktersetting. Det skal vere samsvar mellom enkeltnoteringar
og terminkarakter, og mellom terminkarakterar og standpunktkarakter.
For t.d. parallell-klassar må ein kome fram til felles
krav ved prøver i høve til tal-rekkja i karakterskalaen.
Den enkelte fagseksjon må samarbeide om nivå og
fagkrav, slik at det blir sett ein lik standard/krav for den
enkelt prøve eller oppgåve. Dette kan skje ved
felles fagprøver og oppgåver, evaluering av same
oppgåvesvar etc.
Elevane skal vere orienterte om karaktersystem, karakterkrav
og korleis karakterane blir sette. Dei skal og bli orienterte
om dei enkeltnoteringar som blir gjorde og førde inn
i karakterprotokollen. Dei skal vere kjende med kva for vekt
den einskilde notering/prøve har (småprøve/heildagsprøve),
og korleis fordelinga er t.d. mellom skriftlege og munnlege
prestasjonar (t.d. 50/50 eller anna?), eller mellom praksis
og teori (t.d. 70/30). All karaktersetting/notering skal kunne
grunngiast/eller kva for kriterium som blir lagt til grunn.
Antal karakternoteringar pr. termin bør vere på
minimum 3 pr. fag.
Terminkarakterar:
Terminkarakterane må settast i høve til dei måla
som er sette opp og må stå i eit rimeleg forhold
til enkeltnoteringar i løpet av terminen, og den vekt
desse har.
Karakterar frå prosjektatbeid, øvingar, arbeidsstykkje
etc. skal reknast inn i termin-karakteren.
Terminkarakterane blir fastsette av faglærarane.
Standpunktkarakteren
Det skal leggast mest vekt på karakteren for 2. termin.
Om ein i noko mon kan vektlegge det jamne arbeidet gjennom
året, kjem an på "fagets art". Dersom
faget har klare, skilde modular, der dei enkelte fagområde
ikkje byggjer direkte på kvarandre, kan det vere rimeleg
å vektlegge det jamne arbeidet gjennom året, meir
enn dei resultata/noteringane eleven får i delmodulane
på slutten av året. Dersom faget er samansett
slik at det eine fagområdet/den eine modulen byggjer
på den andre, vil prøver på slutten av
året tydelegare vise "det totale nivået eleven
har nådd fram til". Desse karakternoteringane må
da tillegg-ast størst vekt.
Veging
Nyare føresegner gir ikkje høve
til å gjere vegingar mellom fag.
Den einskilde faglærar må ha avgjort med seg sjølv
kva for karakter som skal settast for den einskild eleven
i det einskilde faget. Tvil om kva som er den rette karakter,
kan likevel takast opp til drøfting i klasselærarråd.
Modul-karakter
Enkelte elevar makter ikkje å gjennomføre heile
faget, men berre 1 eller ev. 2 modular. Desse elevane skal
få karakter(ar) i den/dei modulen/ modulane som eleven
har gjennomført. Når alle modulane i eit fag
er gjennom-ført, kan det bli gitt standpunktkarakter
i faget. Standpunktkarakteren kjem fram ved å summerer
modulkarakterane og dele på antal modular.
Skulen skal, innanfor dei rammene fagplanane set, tilpasse undervisninga
til den enkelte eleven. Etter dei gjeldande reglane skal eleven
vurderast med karakter etter i kva grad han/ho har tileigna
seg dei kunnskapar og dugleikar som faget krev. Dette vil i
praksis seie at alle elevar skal vurderast etter same norm i
faget, sjølv om undervisninga kan vere tilpassa på
ulike måtar. Dei fleste fag er no delte inn i modular.
Enkelte elevar kan ha eit opplegg der modular av eit fag blir
tatt i løpet av skuleår, eller kan avslutte opplæringa
i eit fag etter at 1 modul er gjennomført. Her kan det
som sagt ovanfor, settast karakterar i modulen.
Varsling om ikkje greidd eller ikkje gitt karakter - (nekting)
Eventuell nekting av standpunktkarakter blir avgjort av faglærar
etter drøfting i og tilråding frå klasselærarråd.
For høgt fråvære og nekting i ein termin
kan medføre nekting av standpunkt-karakter. I spesielle
høve kan standpunktkarakter likevel settast på
grunnlag av ein terminkarakterar i 2. termin. Obligatorisk særarbeid/øvingar
må vere vurdert av faglærar før standpunktkarakter
kan settast. Eksamensprøve(r) kan bli annullert(e) dersom
det etter eksamens-dagen blir halde klasselærarråd
med vedtak om nekting av karakter i 2. termin eller nekting
av standpunktkarakter.
ALLE KARAKTERNOTERINGAR SKAL INN I KARAKTER-PROTOKOLLEN
Som vurderingsform skal nyttast talkarakterar dersom ikkje anna
er bestemt. Ved karakteroppgjer skal berre nyttast heile talkarakterar.
Føring av karakterprotokollar:
|
a) |
Karakterprotokollen
er eit fortruleg dokument som skal oppbevarast i safen. |
|
b) |
Skriftlege fag: resultata av ei kvar
prøve som skal telje med ved fastsetting av ein
termin-karakter, skal straks
førast inn. |
|
c) |
Praktiske og munnlege fag: inntrykk
av elev-prestasjonar skal førast inn med jamne
mellomrom i form av karakterar, slik at både faglærar,
klassestyrar og skulen sin administrasjon får
eit inntrykk, og slik at grunngjevinga for ein terminkarakter
skal falle lettare. Karakterprotokollen må ikkje
fjernast frå skulen, men leggast attende i safen.
|
Som hovudregel gjeld at karakterar skal nyttast også i
2-timars valfag (der kvar enkelt elev tidlegare kunne velje
mellom karakter og "deltatt"). Berre skoleutvalet
kan, etter søknad, gjere unntak frå denne regelen
(§ 6). Dersom utvalet gjer eit slikt vedtak, gjeld avgjerda
alle elevar på skulen som har valt dette
faget.
Karakteroppgjer
| a) |
Etter terminoppgjera og standpunktkaraktermøta
får elevane utlevert karakterlister (data-utskrift).
Den enkelte faglærar skriv, før termin-slutt/standpunktkaraktermøtet,
inn fag-karakterane på data (IST). Klassestyrar
legg inn ordens-karakter og fråvere. |
| b) |
Dersom eleven ved terminoppgjeret for 1. termin har
karakterar svak 2, under 2 eller strykkarakter i noko
fag, gjer klassestyraren særskilt merksam på
dette under "Meldingar"., t.d. "står
svakt i faget......". Dersom eleven har fått
nedsett karakter i orden, vert også grunnen til
dette oppgitt under "meldingar". |
| c) |
MERK: Når faglæraren fastset termin- og
standpunktkarakter for ein elev, skal desse bygge på
enkeltkarakterer som står innførte i
karakter-protokollen. Dette gjeld både for
skriftlege og for munnlege eller praktiske fag. |
| d) |
Om varsel ved sviktande karakter-grunnlag, sjå
kapitlet P. Fråversordninga - elevar 1996 "
i "Godt å vite". |
Orden- og åtferdskarakter
For å få ein trygg og rettferdig fastsetting av
karakterane i orden og åtferd, er det nødvendig
at skulen har felles grunnlag/kriterium og praksis.
HUGS: Ordens- og åtferdkarakteren blir fastsett i klasselærarråd.
Om grunnlaget/kriterium, sjå Skulereglementet.
Klage
Elevane har etter føresegnene ikkje formell klagerett
på enkeltkarakterar og termin-karakterar. Men dei kan
likevel ta opp med faglæraren både karakteresettinga
på enkeltprøver og på terminkarakteren.
Dersom fag-læraren finn at det er gjort feil, kan desse
karakterane rettast av faglærar. Karakteren for 2. termin
blir no fastsett i saman med standpunktkarakteren. Dette gjer
endring av denne terminkarakteren noko vanskelegare.
Endring av standpunktkarakteren kan berre skje etter formell,
skriftleg klage. Det kan berre klagast på formelle feil.
Det er ikkje høve for ein lærar å endre
karakter med grunngjeving at ein har vore for streng osb.
Til den skriflege klagen skal faglærar uttale seg.
Skulen sin administrasjon handsamar klagen og kjem med tilråding
om medhald eller avslag, og sender den vidare til Fylkes-utdanningssjefen
i Molde. Her blir det avgjort om klagen blir avvist eller
får medhald. Dersom klagaren får medhald, skal
faglærar og rektor sette karakter på nytt.
Inhabilitet
Det hender at enkelte lærarar må undervise eigne
barn eller andre som dei er i slekt-/mågskap med, utan
at dette tilseier at ein er inhabil. Både den enkelte
lærar og elevar som dette vedkjem, kan kjenne dette noko
vanske-leg. Andre elevar ved skulen og folk utanfor skulen,
kan ved høve stille spørsmål ved om slike
forhold påverkar karaktersettinga. For å få
ei trygg og rettferdig karaktersetting, bør skule og
faglærar få til ei ordning der andre lærarar
er med på vurderinga av prøver og ved fastsetting
av termin- og stand-punktkarakterar.
STANDPUNKTKARAKTERMØTE
Innføring i karakterprotokollen
Før møta skal faglærarane ha ført
inn i karakter-protokollane enkeltnoteringar, termin-karakterar,
forslag til standpunktkarakter og endeleg standpunktkarakter.
Unntak
Endeleg standpunktkarakter skal ikkje
førast ut når
- eleven står i fare for å få 1(stryk),
- eleven kan bli nekta karakter
- faglærar er usikker på endeleg karakter
Drøfting av standpunktkarakter
Standpunktkarakter som er ført ut som endeleg standpunktkarakter,
blir ikkje tatt opp til drøfting (lese opp) på
møtet.
Unntak
Endeleg standpunktkarakterar blir tatt opp til drøfting
når
- eleven står i fare for å få 1(stryk),
- eleven kan bli nekta karakter
- faglærar er usikker
- rektor ønskjer nærare forklaring på grunn-laget/grunngjevinga
for karakteren
Karakteren i Orden og åtferd skal takast opp som eige
punkt under møtet.
Gjeldande standpunktkarakter
Den karakteren som blir ført inn i protokollen er den
gjeldande, og kan etter møtet ikkje endrast utan etter
skriftleg klage frå eleven.
Faglærarane må kontollere at det er samsvar mellom
karakteren i protokollen og den som er ført inn i datasystemet.
FRÅ SKULEREGLEMENTET §6
Fråvere, fråversføring, karaktergrunnlag
osb.
Elevane er sjølve ansvarlige for ikkje å få
for stort fråvere og skal til ei kvar tid kunne gjere
greie for sitt eige fråvere. Alle elevar skal føre
fråveret på eige fråversark (fråversbok).
For kvar av dei to terminane skal elevane informerast av den
einskilde faglærar om grensa for kor stort fråvere
i terminen som kan føre til at det blir vurdert å
ikkje sette terminkarakterar.
Høgt fråvere kan medføre at eleven ikkje
får termin- eller standpunktkarakter.
Elevar og ev. føresette skal varslast ved fare for
|
· |
manglande vurderingsgrunnlag
(pga stor fråvere) for termin og standpunktkarakter |
|
· |
ikkje gitt termin- og ikkje gitt eller
greidd stand-punktkarakter |
|
· |
nedsett standpunktkarakter i orden og åtferd |
Varsel skal bli gitt slik:
1. termin:
Ved 10 % (15 % for 2-timars fag) fråvere blir eleven
varsla munnleg om fare for sviktande karaktergrunnlag, og
at det kan bli det vurdert å nekte termin-/standpunktkarakter.
Ved 15 % (20 % for 2-timars fag) fråvere blir eleven/føresette
varsla skriftleg i saman med karaktermeldinga for 1. termin
om fare for manglande vurderings- og karaktergrunnlag for
standpunktkarakter, fare for ikkje greidd standpunktkarakter,
og fare for nedsett stanpunktkarakter i orden og åtferd.
2. termin:
Ved 10 % (15 % for 2-timars fag) fråvere blir eleven varsla
munnleg om fare for sviktande karaktergrunnlag, og at det blir
vurdert å nekte termin-/standpunktkarakter. Ved 15 % (20
% for 2-timars fag) fråvere blir eleven/føresette
varsla skriftleg om fare for sviktande karaktergrunnlag, og
at det kan bli det vurdert å nekte termin?/stand-punktkarakter.
Like eins skal det bli gitt skriftlege varsel om fare for manglande
vurderings- og karaktergrunnlag for standpunktkarakter, fare
for ikkje greidd standpunktkarakter, og fare for nedsett standpunktkarakter
i orden og åtferd. Merknad:
Høgt fråvere kan ha tre konsekvensar :
·
|
fare for ikkje gitt terminkarakter.
Ettersom termin-karakterane er grunnlaget for
fastsetting av stand-punktkarakteren, er det viktig at
varsel blir gitt på eit tidspunkt som gjer det mogleg
for eleven å rette på tilhøva. Skriftleg
varsel i 2. termin grunnar seg i at det ved fastsetting
av standpunktkarkter, skal det leggast størst vekt
på resultatet for 2. termin. Nekt av terminkarakter
skal og vurderast i høve til mål-oppnåinga
i faget og læringsarbeidet knytt til måla
i læreplanen, dvs. deltaking i gruppeoppgåver,
arbeid i klassesituasjonen, samarbeid med andre, utføring
av individuelle oppgåver og deltaking på termin-prøver.
Eit munnleg varsel kan og passast inn i ein elev-/ foreldresamtale |
· |
varsling om fare for ikkje greidd (0 eller
1) eller ikkje gitt standpunktkarakter.
§ 4-17 i forskrifta til Opplæringslova:
Dersom det er fare for at ein elev får ikkje greidd
standpunktkarakter (0 eller 1), under dette at det ikkje
er grunnlag for å gi karakter på grunn av
stort fråvære, skal eleven/føresette
givast skriftleg varsel utan ugrunna opphald etter at
det klart at slik fare ligg føre. Det same gjeld
dersom det er fare for at ein elev kan få karakteren
Nokså god eller Lite god i orden og åtferd.
Når det gjeld tidspunktet for varslinga, er dette
i hovudsak ei fagleg/pedagogisk vurdering. Formålet
med varsling er å sikre at eleven eller eleven sine
føresette (når eleven ikkje er myndig), får
varsel om at det er fare for ikkje greidd karakter. Eit
seinaste tidspunkt for utsending av varsel vil verte påverka
av mange tilhøve, som t.d. progresjonen i faget,
tidspunkt for terminprøvane og fråværet.
|
· |
ikkje gitt standpunktkarakter.
Dette kan berre vere aktuelt om varsling er gitt.
Om det er tvil om grunnlaget for å setje karakter
er til stades, bør skulen leggje tilhøva
til rette slik at eleven får høve til å
dokumentere sin kompetanse, eventuelt ved å halde
ei ekstra prøve. Om ein elev ikkje får standpunktkarakter
eller ikkje greidd (0 eller 1), kan ikkje ei slik avgjerd
berre grunngjevast med høgt fråvære,
men og ut i frå ei heilskapleg fagleg og pedagogisk
vurdering, og må grunngjevast ut i frå reglane
om karakterfastsetting, jfr. § 4-7 og § 4-12
i føresegner til Opplæringslova. |
· |
om faget kroppsøving:
Når ein elev er til stades i ein kroppsøvingstime
utan å delta i planlagt eller tilrette-lagt aktivitet,
blir dette vurdert på same måte som dei ulike
slag fråvære ovanfor. Ein slik time blir ikkje
rekna som fråvære i høve vitnemålet,
men den har likevel ikkje gitt læraren grunnlag
for fastsetting av karakter.
|
Skulen skal, etter avtale med eleven, hjelpe elevar som får
mykje fråvere på grunn av langvarig/kronisk sjukdom
eller omsorgsansvar, slik at ein unngår tap av opplæring
og vurderings-grunnlag (ekstra opplæring, ekstra prøver,
sjølvstendig studiearbeid).
Merknad:
Fråvere frå ein- og to-timarsprøver, eller
heildags-prøver, gir ikkje automatisk rett til ny prøve.
Faglærar avgjer i kvart tilfelle om karakter-/vurderings-grunnlaget
gjer det nødvendig å halde ny prøve, ev.
annan oppgåveform, som gir grunnlag for vurdering og karaktersetting.
Skulen skal, dersom det er mogleg, ha skriftleg melding frå
elevar som sluttar før kurset er fullført.
Merknad:
Elevar som er borte frå undervisninga over lengre tid,
utan å gi melding til skulen, får skriftleg innkalling
til samtale. Dersom eleven ikkje kan nåast av skulen,
vil det bli sendt rekommandert brev med melding om at skulen
ser på eleven som slutta, og vil bli overført til
oppfølgingstenesta.
Orden og åtferdskarakter:
Brot på skulereglementet og/eller reglar og ord-ningar
fastsett med grunnlag i skulereglementet, kan medføre
nedsett karakter i orden og åtferd: Nokså
god:
7-9 mindre alvorlege merknader, eller meir enn 1 alvorleg
merknad.
Lite god:
15-18 mindre alvorlege merknader.
Alvorlege brot på reglementet blir vurdert i kvart tilfelle.
Døme på mindre alvorlege brot:
· forseintkoming til timen
· gløyming av skulemateriell
· for sein innlevering av pålagt arbeid
· røyking utanfor dei faste røykestadane
· fråvære utan grunn
· eting og drikking i timane
· mobiltelefonbruk i timane
Følgjande ordning blir praktisert ved forseint-koming:
· Inntil 20 minutt: ordensmerknad
· Over 20 minutt: timefråvære
Alvorlege brot handsamast særskilt.
Døme kan vere:
· bruk av rusmiddel og synleg rusing
· skadeverk på skulen sitt utstyr/eigedom
· upassande eller uhøvisk oppførsel overfor
medelevar og skulen sine tilsette
· ikkje etterkome pålegg frå skulen sine
tilsette
· fusk eller forsøk på fusk ved prøver
Frå forskrifter til Opplæringslova:
Verkeområde og definisjonar
§ 4-1. Rett til vurdering
Elevar, lærlingar og lærekandidatar i offentleg
vidaregåande opplæring og i private vidaregåande
skolar godkjende etter privatskulelova § 3 bokstav a, c
og d, har rett til vurdering etter reglane i dette kapitlet.
Det same gjeld privatistar og praksis-kandidatar. Fylkeskommunen
og dei private skolane har ansvaret for at rettane til elevane,
lærlingane og lærekandidatane blir oppfylte.
For vaksne i opplæring organisert for dei gjeld reglane
i § 4-59 - § 4-67 uttømmande.
For vaksne som følgjer ordinær opplæring
i vidaregåande skole, gjeld dei andre reglane om vurdering
i kapittel 4.
· Endra ved forskrift 19.01.2001
§ 4-2. Verkeområde
Reglane i dette kapitlet gjeld:
- |
vurdering, eksamen, fag- og sveineprøve,
kompetanseprøve og dokumentasjonsordningar som
gjeld vidaregåande opplæring etter opplær-ingslova |
- |
karaktersystemet i vidaregåande skole og fag-opplæring |
- |
oppmelding til eksamen, fag-/sveineprøve og kompetanseprøve |
- |
fritak for vurdering i fag |
- |
fritak for fag |
- |
reaksjonar ved brot på eksamensføresegnene. |
· Endra ved forskrift 19.01.2001
§ 4-3. Definisjonar
|
- |
Elev er etter reglane i dette kapitlet ein
som er teken inn i den vidaregåande skolen, og som
har teke imot plassen. Ein elev kan vere heilkurselev
eller delkurselev. |
|
- |
Lærling er ein som har skrive lærekontrakt
med sikte på fag- eller sveineprøve i fag
som har læretid i bedrift, jf. forskrifta §
1-3 og opplær-ingslova § 4-1. |
|
- |
Lærekandidat er ein som har skrive ein opplær-ingskontrakt
med sikte på ei mindre omfattande prøve enn
fag-/sveineprøve, jf. opplæringslova §
4-1. |
|
- |
Praksiskandidat er etter reglane i dette kapitlet ein
som har meldt seg til fag-/sveineprøve etter opplæringslova
§ 3-5 utan å vere elev eller lærling. |
|
- |
Privatist er etter reglane i dette kapitlet ein som
har meldt seg til eksamen utan å vere elev. |
|
- |
Fyrstegongsprivatist er etter reglane i dette kapitlet
ein som har meldt seg til eksamen utan å vere elev
og som ikkje har karakter i faget korkje som elev eller
privatist. |
|
- |
Eksamen er den prøva som blir organisert etter
reglane i dette kapitlet, og som blir halden ved avslutninga
av fag. Omgrepet omfattar ikkje den praktiske delen av
fag-/sveineprøva. |
|
- |
Fag-/sveineprøve er den avsluttande prøva
for lærlingar og praksiskandidatar. |
|
- |
Kompetanseprøve er den avsluttande prøva
for lærekandidatar |
· Endra ved forskrift 19.01.2001
Vurdering
§ 4-4. Grunnlaget for vurdering
Grunnlaget for vurdering i vidaregåande opplær-ing
er dei samla måla for opplæringa slik dei kjem til
uttrykk i den generelle delen av læreplanen og i læreplanane
for dei enkelte faga og kursa.
Vurderinga skal gi uttrykk for i kva grad måla for opplæringa
(individnivå) er nådd. Vurderinga skal også
gi uttrykk for i kva grad skolen/lærebedrifta si organisering,
tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa
medverkar til å nå dei mål som er fastsette
i dei fagspesifikke læreplanane og i den generelle delen
av lære-planen, jf. forskrifta § 2-1.
§ 4-5. Gruppering av den samla vurderinga
I dette kapitlet blir vurderinga delt inn i to grupper i forhold
til dei samla måla i læreplanane:
|
a. |
Individuell vurdering
som blir avslutta med karakter. |
|
b. |
Individuell vurdering som ikkje blir
avslutta med karakter.
Ved individuell vurdering av elevar, lærlingar
og lærekandidatar skal det leggjast vekt på
løpande munnleg og skriftleg tilbakemelding,
oppfølging og rettleiing i forhold til dei mål
den enkelte eleven, lærlingen og lærekandidaten
arbeider mot. |
· Endra ved forskrift 11.05.2001
§ 4-6. Generelt om karakterar i fag/kurs
I fag/kurs blir vurderinga avslutta med stand-punktkarakter
og eventuelt eksamenskarakter for elev i skole, og med karakterar
til fag-/sveine-prøve for lærling og for elev som
tek den avslutt-ande fagopplæringa i skole.
Karakterane i fag/kurs skal gi uttrykk for i kva grad måla
i dei fagspesifikke læreplanane er nådd. Dette gjeld
også dei mål i den generelle delen av læreplanen
som er nedfelte i måla i dei fag-spesifikke læreplanane
for faget/kurset, deriblant fellesmål. Skole og lærebedrift
har plikt til å informere eleven/lærlingen om kva
som er grunn-laget for karakterane.
· Endra ved forskrift 11.05.2001
§ 4-7. Standpunktkarakterar og termin-karakterar
i fag/kurs for elevar
Standpunktkarakterar i fag/kurs skal gi uttrykk for i kva grad
eleven har nådd dei fastsette måla, jf. forskrifta
§ 4-6.
Rektor har ansvaret for at faglæraren, etter drøfting
i møte der lærarane for klassen er til stades,
set standpunktkarakterar eller gjer vedtak om at standpunktkarakterar
ikkje kan givast.
Som grunnlag for standpunktkarakter skal det normalt setjast
to separate terminkarakterar som blir gjorde kjende for eleven/foreldra,
éin for første termin og éin for andre
termin. Den første terminkarakteren skal givast rundt
midten av opp-læringsperioden. Eleven skal få opplyst
karakteren i andre termin samtidig med stand-punktkarakteren.
Ved eventuell periodisering av opplæring knytt til eit
fag eller til komprimert opplæring som ikkje går
over to ordinære terminar, skal det givast terminkarakter
midt i perioden og ved slutten av perioden, slik at standpunktkarakter
blir gitt på bakgrunn av to terminkarakterar.
Ved fastsetjinga av standpunktkarakterar skal det leggjast størst
vekt på resultatet for 2. termin.
Eksamen i eitt eller fleire fag som er halden før vedtaket
om standpunktkarakter er gjort, vil bli annullert dersom eleven
ikkje har oppnådd terminkarakter etter 2. termin som del
av grunn-laget for standpunktkarakter i faget/faga.
§ 4-8. Eksamenskarakterar og karakterar ved
fag-/sveineprøve
Karakterar til eksamen og fag-/sveineprøve skal gi uttrykk
for i kva grad ein har nådd dei måla ein blir prøvd
i. Eksamens- og prøveformene og dei oppgåvene som
blir laga, skal utformast med tanke på at ein så
stor del av måla som mogleg kan bli vurderte ved eksamen
og ved fag-/sveineprøve, jf. forskrifta § 4-6.
· Endra ved forskrift 11.05.2001
§ 4-9. Standpunkt- og terminkarakterar i orden og åtferd
for elevar
For elevar skal det givast ein felles karakter i orden og åtferd.
Karakteren i orden og åtferd skal gi uttrykk for:
- |
om eleven sine arbeidsvanar er prega av
ansvar, orden og at eleven er ryddig, punktleg og påliteleg |
- |
om eleven opptrer omsynsfullt, realt og høfleg
mot andre.
Kriteria for karakterane i orden og åtferd skal
gjerast kjende for eleven.
Rektor har ansvaret for at terminkarakter og standpunktkarakter
i orden og åtferd blir sette etter drøfting
i møte der alle lærarane i klassen er til
stades.
Standpunktkarakterane i orden og åtferd skal baserast
på to terminkarakterar. |
· Endra ved forskrift 19.01.2001
§ 4-10. Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med
karakter
Eleven/lærlingen/lærekandidaten skal få løpande
individuell rettleiing og vurdering i forhold til måla
i dei fagspesifikke læreplanane, under dette fellesmål,
t.d. når det gjeld hans/hennar arbeid og utvikling i faget,
med sikte på å hjelpe eleven/ lærlingen til
å nå desse måla på best mogleg måte.
Lærekandidaten skal ha vurdering og rettleiing i samsvar
med den opplæringsplanen som er utarbeidd for han/henne,
jf. forskrifta § 6-37 eller opplæringslova §
5-5 første ledd.
Eleven/lærlingen/lærekandidaten skal få løpande
individuell rettleiing og vurdering i forhold til dei mål
i den generelle delen av læreplanen som ikkje inngår
i dei fagspesifikke læreplanane, med sikte på at
han/ho skal kunne nå desse måla på best mogleg
måte.
Individuell vurdering som ikkje blir avslutta med karakter,
skal givast for å utvikle heilskapleg kompetanse hos eleven/lærlingen/lærekandidaten,
i samsvar med dei samla måla for opplæringa, mellom
desse verdi- og holdningsmål, og utvikling av eigenskapar
og dugleik.
Som ein del av den individuelle rettleiinga og vurderinga som
ikkje skal avsluttast med karakter, skal skolen/lærebedrifta
minst ein gong kvart halvår gjennomføre ein samtale
med eleven/ lærlingen/lærekandidaten.
Det er fylkeskommunen sitt ansvar å sjå til at rettleiinga
og vurderinga blir gjennomført etter intensjonane.
· Endra ved forskrift 19.01.2001
§ 4-11. Planlegging, gjennomføring og
vurdering av opplæringa
Den enkelte skolen/lærebedrifta skal ha eit system som
sikrar at opplæringa blir planlagd, gjennom-ført
og vurdert i samarbeid med eleven/lærlingen/ lærekandidaten
og som sikrar at opplæringa er i tråd med den generelle
delen av læreplanen og dei fagspesifikke læreplanane.
Elevane/lærlingane/lærekandidatane skal få
ei innføring som gir grunnlag for å kunne delta
aktivt i dette arbeidet.
· Endra ved forskrift 19.01.2001
§ 4-12. Karakterar for elevar/privatistar i
den vidaregåande skolen og for kandidatar til den teoretiske
delen av fag-/sveineprøva
Vurderinga med karakterar er delt inn i denne grupperinga:
|
Over middels måloppnåing i faget |
|
Middels måloppnåing i faget |
|
Under middels måloppnåing i faget |
|
Inga måloppnåing i faget. |
For elevar/privatistar i den vidaregåande skolen og for
kandidatar ved den teoretiske delen av fag-/sveineprøva
skal det brukast talkarakterar dersom ikkje anna er bestemt
i medhald av reglane i dette kapitlet eller i læreplanen
for faget.
Relatert til dei mål som er fastsette i læreplanane,
har dei enkelte karaktergradane dette innhaldet:
- |
Over middels måloppnåing
i faget:
Karakteren 6 og karakteren 5. Karakteren 6 gir uttrykk
for svært høg måloppnåing i faget.
Eleven/privatisten/kandidaten viser sjølvstende
og utmerkjer seg spesielt. Karakteren 5 gir uttrykk for
høg måloppnåing i faget, men eleven/privatisten/kandidaten
viser noko mindre sjølvstende. |
- |
Middels måloppnåing i faget:
Karakteren 4 og karakteren 3. Karakteren 4 gir uttrykk
for middels eller noko over middels måloppnåing
i faget. Karakteren 3 gir uttrykk for noko under middels
måloppnåing i faget. |
- |
Under middels måloppnåing i faget:
Karakteren 2 eller karakteren 1. Karakteren 2 gir uttrykk
for mangelfull og usikker måloppnåing i faget.
Karakteren 1 gir uttrykk for svært svak og utilstrekkeleg
måloppnåing i faget. |
- |
Inga måloppnåing i faget:
Karakteren 0. |
Det skal berre brukast heile talkarakterar. Bestått tilsvarer
karakterane 2 - 6. Departementet kan i spesielle tilfelle bestemme
ei anna grense for bestått.
§ 4-13. Karakterar ved den praktiske delen
av fag-/sveineprøva
Ved den praktiske delen av fag-/sveineprøva blir det
brukt ein tredelt skala:
- «Bestått mykje godt»/ «Bestått
meget godt»
- «Bestått»
- «Ikkje bestått»/ «Ikke bestått».
Relatert til måla i dei fagspesifikke læreplanane
har desse karakterane dette innhaldet:
- |
Bestått mykje godt/Bestått meget
godt:
Mykje tilfredsstillande måloppnåing i faget. |
- |
Bestått:
Tilfredsstillande og middels måloppnåing i
faget. |
- |
Ikkje bestått/Ikke bestått:
Mykje svak eller inga måloppnåing i faget.
|
§ 4-14. Karakterar i orden og åtferd
Karakteren i orden og åtferd skal setjast etter ein tredelt
skala:
- God
- Nokså god
- Lite god
Karakteren God skal beskrive den vanleg gode orden
og åtferd.
Nokså god skal nyttast ved klare avvik frå
vanleg god orden og åtferd.
Karakteren Lite god skal nyttast i ekstraordinære
tilfelle av mykje svak orden og åtferd.
§ 4-15. Fritak for vurdering i kroppsøvingsfaget
Elevar som ikkje kan følgje den ordinære opp-læringa
i den praktiske delen av kroppsøvings-faget, skal givast
tilrettelagd opplæring. Fritak for vurdering av den praktiske
delen av faget skal givast når den tilrettelagde opplæringa
ikkje kan vurderast med karakter.
Det blir ikkje gitt fritak for vurdering av den teoretiske delen.
Elevar med fritak for vurdering i den praktiske delen av kroppsøvingsfaget
kan få vitnemål.
§ 4-16. Fritak for fag eller del av fag
Normalt skal elevane følgje alle fag i eit kurs. Rektor
kan likevel etter søknad gi fritak for fag som inngår
i fagfordelinga i eit kurs, dersom vedkomande tidlegare har
bestått det same faget eller har bestått likeverdig
eller meir omfattande opplæring i faget. Dette gjeld
ikkje for faget kroppsøving.
For den praktiske delen av faget kroppsøving kan rektor
etter søknad gi fritak når det ved fråsegn
frå lege er dokumentert at opplæringa er til skade
for eleven, og tilpassa opplæring ikkje er mogleg.
· Endra ved forskrift 19.01.2001
§ 4-17. Varsling ved ikkje bestått
eller ikkje gitt karakter
Dersom det er fare for at ein elev får ikkje bestått
standpunktkarakter, under dette at det ikkje er grunnlag for
å gi karakter på grunn av stort fråvær,
skal eleven/foreldra givast skriftleg varsel utan ugrunna
opphald etter at det er blitt klart at slik fare ligg føre.
Det same gjeld dersom det er fare for at ein elev kan få
karakteren Nokså god eller Lite god i orden og åtferd.
· Jf også rundskriv F-67/99
§ 4-18. Særlege føresegner
ved vurdering av privatistar
Privatist skal berre givast karakter ved eksamen.
Tilbake til "Godt
å vite"
|
|