Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Elevtenester > Helsetenesta

Helsetenesta

Helsetenesta på HVS

Helsetenesta - eit tilbod til alle elevar ved skulen.

Helsesøster

Haram vidaregåande skule er så heldige å ha helsesøster tilgjengeleg på skulen kvar tysdag og torsdag. Helsesøster Monica Brungot Sandvik er å finne i kontorlokale i 2.høgda, rett opp for hovudinngangen.

Treffetid
Helsesøster vil ha kontortid/treffetid på skulen kvar tysdag og torsdag i tidsrommet kl.09:00 - 13:00. Du treng ikkje bestille time på førehand, men det er mogleg om du føretrekk det.

Treffetida kan du nytte dersom det er noko du vil ta opp i forhold til fysisk- eller psykisk helse, eller dersom det er noko som verkar inn på trivselen din. Du kan få råd, rettleiing/hjelp innan helsespørsmål, og eventuelt få kontakt med andre instansar når det er behov for det.

Helsesøster har teieplikt, og er der for deg om du treng nokon å snakke med!

I byrjinga av skuleåret vil helsesøster ha ei orientering i kvar klasse om helsetenesta ved skulen. Ho vil og vere kopla inn i spesielle prosjekt knytt til tema ”Helse i skulen” gjennom skuleåret.

Kontakt utanom treffetid/avtale treffetid?
Helsesøster vil du kunne nå anten via
 e-post:monica.brungot.sandvik@haram.kommune.no

eller ved bruk av sms/mobil/telefon: 
- helsesøsters mobil: 950 98 748
- Helsesøsters kontor: 71 28 17 59 (direkte)
- Brattvåg Helsestasjon: 70 20 75 00 (via Servicetorget)

Du kan og få kontakt med helsesøster via kontaktlærar eller rådgjevar.

    

Gode linker for råd og rettleiing

Av og til kan det vere greit å lese litt for å kunne hjelpe seg sjølv eller andre. Eller snakke med nokon utanfor skulen. Kan hende finn du nyttig informasjon på desse linkane:

1) Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til deg mellom 13 og 20 år (24 år) i Haram. Her kan du snakke med helsesøster og lege.

Kom gjerne til Helsestasjon for ungdom dersom du treng å snakke om:
- Rus og tobakk, seksualitet og prevensjon, uønska graviditet og abort, kjønnssjukdomar, psykiske problem, spiseforstyrring, mobbing, fysisk aktivitet, kosthald, søvn og mykje anna.

Vi kan gje råd, rettleiing og tilby undersøking om det trengst. Vi kan og vise deg vidare til andre hjelpetenester og spesialistar, dersom det er behov for det.

Alle vi som jobbar på Helsestasjon for ungdom har teieplikt.

Her finn du oss:
 Stad: 2. etasje i Rådhuset, inngang ved Servicetorget
 Opningstid: Torsdagar kl. 15.00 - 17.00.

Helsestasjon for ungdom er stengt i skuleferiar (med unntak av sommarferien).

Du treng ikkje timebestilling. Tilbodet er gratis

Har du problem som Helsestasjonen for ungdom ikkje kan hjelpe deg med der og då? Vi ved HFU vil hjelpe deg vidare i systemet!

     

2) Psykisk helse

Nokre linkar som kanskje kan vere til nytte for deg?

Psykisk helse - HelseNorge.no
Voksne for barn - ein organisasjon som arbeider for barn og ungdoms psykiske helse.

     

3) Gravid og usikker - kikk innom her ....

Stiftelsen Amathea
er en helsetjeneste som tilbyr gratis veiledning til kvinner og par som er blitt uplanlagt gravide. 

    

3) Kors på halsen (KPH) - Treng du nokon å snakke med?

Kors på halsen (KPH) er Røde Kors' nasjonale samtaletilbod for alle opp til 18 år.

Det er gratis og anonymt, og vi held ope måndag til fredag kl. 14-22 gjennom heile året. Rundt 200 Røde Kors-frivillige med grundig opplæring svarer på mail, chat og telefon. På nettsida vår har vi og eit forum kor ungdom kan støtte kvarandre. 

Kors på halsen er inga kriseteneste, men eit lågterskeltilbod kor barn og unge kan ta kontakt om det dei har på hjartet – stort eller smått.

Du finn oss her

 

4) Utsatt for overgrep?

Kontakt helsesøster - ho vil kunne gje støtte, hjelpe og råde deg.

Kanskje kan SMISO (Senter mot incest og seksuelle overgrep) også vere til god støtte, og tenesten deira til god nytte i situasjonen.

SMISO Møre og Romsdal er eit fylkesdekkande lågterskeltilbod for ungdom og vaksne av begge kjønn som har opplevd seksuelle overgrep, samt deira pårørande og hjelpeapparat. SMISO tilbyr også støtte og rettleiing av pårørande til utsatte barn. Hos SMISO Møre og Romsdal får du møte ei tverrfagleg samansett personalgruppe med fokus på hjelp til sjølvhjelp og traumesensitiv omsorg.

Bruk dei, få hjelp.