Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS

Kalender for Haram VGS

‹‹ September 2020 ››
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn
  1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30        

I dag:

September 2020:

2 sep

Fotografering pågår!

2 sep - 3 sep

I år, som i fjor, vert det Reed Foto som skal ta bilete og lage skulefotokatalog for oss.

Dette skjer onsdag 2. og torsdag 3. september på rom 107.

All undervisning på det rommet dei to dagane vert flytta til auditoriet.

Vedlagt til høgre er planen for når dei ulike klassene skal møte opp.

Lukke til!

10 sep

FORELDREMØTE VG1

10 sep

 

FORELDREMØTE FOR VG1 HAUSTEN 2020

Foreldre/føresette som har elev ved VG1 på Haram vidaregåande skule er velkomne til foreldremøte TORSDAG 10. SEPTEMBER KL. 1800.

Av omsyn til tida vi er inne i, vert organiseringa noko annleis enn tidlegare.

Føresette må i år melde seg på til foreldremøtet via kontaktlærar (sjå svarslipp på invitasjonen) og foreldregruppene blir fordelte på ulike rom:

1. HO, TIP og EL møter i auditoriet.
- Fellesinformasjon for foreldre/føresette med elevar på HO, TIP og EL.
- Klassevis informasjon ved kontaktlærar på tildelte rom:

  1EL rom 104

  1TP1 rom 226

  1TP2 rom 108

  1TP3 rom 107

  Om 1HO skal ha felles orientering kan dei bruke auditoriet vidare,
  eller nytte rom 247 og 248.

  

2. Foreldre/føresette med elevar på ST og TAF/YSK får informasjon klassevis

- Klassevis informasjon ved kontaktlærar på tildelte rom:

  1TT   rom 244/245 (omtalt som TAF/YSK)

  1ST1 rom 249 (utvid med åpning til 250 ved mange påmeldte).

  1ST2 rom 230

 

Kontaktlærarane leier klassemøtet og vil m.a. orientere om utdanningsprogram/gruppa generelt (om skuledagen, miljøet, skulereglement, fråværssystem, fag, karakterar, eksamen etc.), og om det som skal skje i gruppa utover i skuleåret. Vi oppmodar foreldra til å kome med dei spørsmål dei måtte ha om Vg1, faga og skulen generelt.

Dersom foreldre/føresette har spesielle ting dei ønskjer å drøfte med kontaktlærar, bed vi om at dei tek kontakt med vedkomande etter møtet.

Alle kontaktlærarar vil føre deltakarliste.

  

Vel møtt!

23 sep

Politiet: NETTVETT I FOKUS

23 sep

Internett er ein viktig del av liva våre, spesielt for unge. Vi ønskjer at DU skal vere merksam på kva for situasjonar som kan oppstå og vite litt om korleis du kan beskytte deg og venar mot ubehagelege opplevingar og nettovergrep.

Vi håper denne økta med POLITIET kan vere med på å gje kvar av dykk eit fornuftig og trygt forhold til nettbruk i kvardagen.
Les gjerne meir her

Korona-situasjonen gjer at vi må dele opp og køyre to parallelle seksjonar, der ST/TT-elevane får ei økt og YF-elevane ei anna. Møt opp til oppgitt tidspunkt.

   

NETTVETT I FOKUS
Arrangør: POLITIET v/Politioverbetjent Ingrid Korsnes Hildre 

Programmet for onsdag - vi følgjer denne planen:
kl.11:25 – 12:55 (1,5 time)             – Vg1ST-klassane og Vg1TT
Kl.13:05 – 14:30 (knapt 1,5 time)  – Vg1 YF-klassane

  

NB!
Alle elevar må ha med mobiltelefon/nettbrett eller pc til økta i auditoriet, då delar av denne vert interaktiv.
Alle må vere på plass og pålogga på nettet raskt, så møt opp i GOD tid!

Lærarane som har klassane i desse øktene skal vere med inn i auditoriet, og  hjelpe til og syte for at elevane følgjer med i opplegget og oppfører seg slik dei skal.

 

Ønskjer dykk ei lærerik økt.

Vel møtt!