Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Kalender for Haram VGS > Kultursekken presenterer: Forfattarbesøk av Lena Lindahl

Mandag 24. februar 10:00 - Mandag 24. februar 12:30

ID-huset

Kultursekken presenterer: Forfattarbesøk av Lena Lindahl

Då skal du få oververe eit forfattarbesøk, der forfattar Lena Lindahl snakkar kring boka si, som ho har kalla "Jenta i veggen".

Den boka handlar om jødiske Betzy Rosenberg;
- Betzy var ei norsk, jødisk jente, busett i Trondheim. Det skulle vise seg å ikkje vere så greit når krigen nådde Noreg. Ho greide å gjemme seg for dei tyske og norske nazistane i Trondheim frå hausten 1942, då deportasjonane starta, og heilt fram til krigen tok slutt i mai-dagane 1945. Ho overlevde, rett ved fienden, takka vere eit medmenneske som risikerte livet ved å skjule ho.

Les gjerne boka!
Men om boka er lese eller ikkje, dette vert eit besøk og ei forteljing til ettertanke ...

 

Velkomen!

 

Link til Den kulturelle skulesekken: Forfattarbesøk av Lena Lindahl

Dokument