Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter

Ekskursjon til Ekornes, Sykkylven

Mandag 10. desember var klassene 1EL1 og 1EL2 på ekskursjon til Ekornes AS i Sykkylven. I morgonmørkret sette elevar og faglærare seg inn i bussen utanfor Haram vgs, klare for ein tur til den verdsberømte bedrifta.

Les meir

Informasjon til elevar og føresette om undervisningsevalueringa 2018-19

Det er politisk vedteke at vidaregåande skolar i Møre og Romsdal skal gjennomføre ei undervisningsevaluering kvart skoleår. Målet med evalueringa er at ho skal vere eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa i fylket. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar. Rambøll Management Consulting hjelper fylkeskommunen i design, gjennomføring og rapportering av evalueringa. 

Les meir

Utdanningsval 2018

Utdanningsval vert i år gjennomført i veke 46, med to besøksdagar her på skulen. 

Les meir

Livsglede for eldre i Brattvåg

Elevar frå Vg1 Helse- og oppvekstfag på Haram vidaregåande skule gjorde dagen litt ekstra god for tysdagsgjengen på dagsenteret. Det vart mykje smil og glede :-)

Les meir

Yrkes-NM 2018

WorldSkills Norway arrangerer annakvart år Yrkes-NM, der læringar og unge fagarbeidarar får vist sine ferdigheiter i relativt tøff konkurranse - kjempespennande!

Les meir

Ekskursjon i naturfag, Vg1 ST/TT

3 flotte elevgrupper, Vg1ST1, Vg1ST2 og Vg1TT, var i september på 3-dagars fagtur til Vestnes i lag med naturfaglærarane sine.

Målet var å studere naturleg utvikling, altså SUKSESJON, i naturen. I tillegg fekk alle høve til å bli betre kjende med kvarandre. Noko som heller ikkje er så dumt på oppstarten av eit skuleår på ein ny skule.

Les meir

Biologi 2, feltarbeid i fjellet

Basen var Kaldhussetra i Tafjordfjella og feltarbeidet var knytt til fjellvegetasjon.

Ein 3-dagars ekskursjon til stor fagleg nytte!

Les meir

Skuleåret er i gong - Rebusløp 2018

Ved oppstart er det mykje nytt; - informasjon og timeplanar skal ut, lærebøkar skal fordelast, nye elevar og gamle elevar skal slusast inn i dette skuleåret sin kommande kvardag ... Då er det godt å få kome seg ut - saman!

Les meir

Skole-NM 2018

Skole-NM 2018 vart gjennomført på våren i 2018.
WorldSkills Norway inviterte til deltaking i april og arrangerte Skole-NM i heile 27 yrkesfag. Elevar frå Haram vgs deltok.

Les meir

Lånekassen informerer!

Elevar med ungdomsrett får full støtte til vidaregåande opplæring.

Les meir