Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > FY2 til Paris og Geneve/CERN

FY2 til Paris og Geneve/CERN

Hausten er reisetid på HVS, og ekskursjonen til Geneve/CERN og Paris er FY2-elevane sin eksotiske utflukt - i år, som så mange skuleår før. Og det slår vi fast, dette er reisemål som leverer! 

I år starta turen i Paris.
Først med ein søndag stappfull av museumsbesøk, eller kanskje betre å kalle det ein aktiv fysikk dag? I alle fall var programmet tett, og både timane og opplevingane mange. Interessant fagdag!

Måndag er dei fleste musea stengde i metropolen, så difor la elevane i staden opp til "å gjere Paris!" på eigahand.

Nei, ikkje akkurat med tanke på shopping, her skulle alt som kunne sjåast sjåast. Meinte dei. Ungdommane tok mobilane/GPS'n fram og så var det berre å henge på. Ein ivrig gjeng var å sjå marsjerande opp-ned-fram-tilbake i gatene i Paris sin midte. Hadde dei hatt skritt-teljarar (noko dei nok også hadde), er det stor sjanse for at dette vart rekord-dagen for året ...

Mykje vart sett, og gjengen var fornøgd med både dagen og seg sjølve når kvelden kom. (Bileta med høgdepunkta frå Paris kjem).

 

Sveits neste...
Så la elevar og lærarar den eine storbyen bak seg, og reiste med toget vidare til Sveits, Genève, og reisen sitt hovudmål: CERN.

CERN, institusjonen som er kjent for sin partikkelakselerator, og jakt på ting som Higgs-bosonet, antimaterie og «svarte hull». Altså alt kva eit fysikk-hjarte søkjer.

Her vart dei møtt av tidlegare TAF-elev, Jørgen Andreas Mo, no tatt inn på andre året som elektrotekniker hos CERN. Han følgde dei gjennom dagen, gav tilleggsinfo og skildringar av livet i samfunnet inne på CERN og bidro med omvisning utover det offisielle programmet. Det sette både fysikklærar Terje E. Pettersen, kontaktlærar Helene Austbø og elevane stor pris på.

Dette vart ein flott dag, meldte dei tilbake etter turen.

Også her ventar vi no på bilete frå gjengen, men litt er allereie posta på skulen sin instagram-konto: Realfagselevar frå HVS på besøk hos CERN. Sjekk ut.

 

Genève er ein flott by, så her var det bestilt byvandring. Denne er kalla «I Calvins fotspor» og var i regi Sjømannskirken. Vandringa starta ved reformatorveggen og vart avslutta i katedralen inne i gamlebyen. Interessant og spennende tur, med ein levande engasjert guide. Du ser forresten gjengen frå HVS i bileta på heimesida deira, Sjømanskirken, Sveits - byvandring i Genève . Klikk deg inn og sjå!

 

Kven Calvin er? 
- Ein fransk teolog og reformator, og ein av grunnleggjarane av den reformerte kyrkje. Det vil seie ein av dei tre store kyrkjene om vaks fram under reformasjonen på 1500-tallet i Europa. Fullt namn er Jean Calvin (f. juni 1509, d. mai 1564) og han budde og arbeidde i mange år i Genève.  Kalvinismen som trosretning lærer at Bibelen er Guds lov, at nokre menneske er  førebestemt til evig frelse, medan andre til evig fortaping. (Kjelde: snl.no, og les ev meir her om du vil).

 

Ei flott, lita veke - gled dykk kommande FY2-elevar, om de og får oppleve denne turen.

Tidlegare tur til CERN:
... i 2016
... i 2017
... i 2018