Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > FY3 sitt reisebrev frå CERN/Geneve og Paris

FY3 sitt reisebrev frå CERN/Geneve og Paris

Fysikk-elevane gjennomførte også i haust ein spennande fagtur med CERN som hovudmål, Geneve (Sveits) og Paris (Frankrike) som reisemål. 

Fagleg var det "fysikkens verden" elevane søkte meir innblikk i, men det vart sjølvsagt fyllt godt på med både historiske, kulturelle og sosiale inntrykk i tillegg. Biletkavalkaden deira under tilseier at dei har hatt ein fantastisk flott tur og fått med seg mange fine inntrykk og erfaringar, også til nytte for livet etter vidaregåande skule.

Fysikklæraren deira, Terje E. Pettersen, har vore på same runden uttallige gongar før, og geleida dei unge på nærast usynleg vis frå severdigheit til severdigheit, med faglege innsmett og utgreiingar langsmed. Kontaktlærar Helene Austbø var og med som reiseleiar. Begge har vore på besøksrunder hos CERN før, og kunne bidra med litt undervegs. Når gruppa i tillegg vart motteken av gamle kjenningar (heri ligg både tidlegare studiekontaktar og nokre tidlegare elevar), vart det ekstra kjekt for alle!

Mykje spennande og fagleg eksotisk å sjå og høyre, mange gode råd og inspirerande forteljingar å ta med seg - livet etter vidaregåande kan verkeleg bli spennande, utfordrande og lærerikt for dei som ønskjer og vil! Det var bodskapen elevane tok med seg når dei sette seg på flyet etter endt tur.

 

Her er bileta deira frå turen - vi lar dei tale for seg sjølve :)

Vi startar på CERN sitt område.
Først eit punktleg oppmøte (sjå bilete øvst). Så ein varm velkomst og så var vi i gong. Elevane fekk informasjon om aktiviteten som pågår i CERN akkurat no, og litt historikk, og dei fekk vite litt om livet i samfunnet innanfor CERN "sine grenser". Deretter var det på med verneutstyr og ut på ein rundtur. Det vart tatt nokre bilete, men mest høyrde ein etter og trakk inn alle inntrykka ... Og, ja, ein følte på kroppen at dette var fagleg eksotisk!
 

FY2_1
FY2_2

 

FY2_4

 

FY2_3

 - Vi vart tøffe, ja?!!
   

IMG_20181005_111736
FY2_5

 

FY2_7
FY2_8

 

FY2_6

  

FY2_9

- Vi er her enda :) Måtte berre vise oss litt te ...

 

Vi var og på rundtur i Geneve, før vi forlot Sveits og sette turen (med LYN-tog) hit ...

  

PARIS !

FY2_10

  

(Fleire bilete kjem)