Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Fysikk 2 på klassetur til Genève og Paris.

Fysikk 2 på klassetur til Genève og Paris.

I vinterferien var Fysikk2-elevar frå Vg3ST og Vg4TAF på klassetur til Genève og Paris. Ein god kombinasjon av faglege opplegg, guida turar og museumsbesøk gjer denne turen til ei heilt spesiell oppleving for både elevar og lærarar.

Genève var hovudattraksjonen for turen, med forskingsstasjonen CERN, der det vert drive partikkelfysisk-forsking, som det store høgdepunktet. Her lærte vi mykje relevant til fysikkfaget og pensum, i tillegg til åmed oss interessante foredrag både på norsk og engelsk. I tillegg fekk vi ei omvising av tidlegare HVS-elev, Pål Austnes, som no er TTE på CERN for eit år. Han viste og fortalte om arbeidet han gjer.

Vi fekk også ein god dose med kultur i Genève, då vi var med på ein guida tur i byen for å lære om reformasjonen av kristendommen. Interessant!

Vidare bar turen til Paris med tog, og her hadde vi 3 dagar der vi som elevar fekk ta del i planlegginga av opplegget sjølve. I Paris fekk vi med oss dei store turistattraksjonane som Triumfbuen, Eiffeltårnet og Notre Dame, og fleire reiste også på museum og konsert.

Vi hadde ein kjempekjekk klassetur som var både sosial og lærerik fagleg sett, og vil rette ei takk til lærarar våre, Thomas Trøen og Terje E. Pettersen, og skulen som gjorde at vi fekk reise på denne turen!

 

Bilete frå turen:

KlasseturCERN-1
KlasseturCERN-2
KlasseturCERN-3
KlasseturCERN-4
KlasseturCERN-5
KlasseturCERN-6

Ja, så de skjønar at dette vart ein tur med mange inntrykk. Får du sjansen å bli med på noko slikt, du og, så gled deg!

Skrevet av ein FY2-elev ved Haram VGS.