Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Fysikk-elevar til CERN og Paris

Fysikk-elevar til CERN og Paris

Vinterferie kan brukast til så mangt!

For FY2-elevane og fysikklærarane på HVS vart det meste av denne veka nytta i Geneve og Paris med hovudfokus på fysikk.

"Fagleg input og sosial glede" er vel ganske god skildring av denne fagturen, gjennomført 21.-26.februar i 2017.

Først reiste gjengen til Geneve, der dei skulle nytte, og nyte, ein full dag i CERN sitt fantastiske anlegg. Deretter gjekk turen med lyntog over til Frankrike og hovudstaden Paris, der nye faglege impulsar, i lag med kulturelle og sosiale opplevingar, venta.

Biletkavalkade frå ei spennande veke

Her er ein biletkavalkade frå ei spennande veke for fysikkelevane. Bileta er tatt av fysikk-elev Jørgen, med unntak av tre. Desse har fysikklærar T. Trøen tatt. Teksten til kvart bilete/biletserie står over bileta. greit å vite. God fornøying!

Klart for avreise

1-3:
Slår i hel ventetida før flyavgang på Vigra. Kva skulle ein gjort utan mobil???

Cern2017_1
Cern2017_2
Cern2017_3

4:
Kommentarar ikkje naudsynt. 

Cern2017_4

(Ja, det meinte i alle fall gutta sjølve var den beste kommentaren).

Nesten framme ....

5-6:
medan vi ventar på toget frå Geneve flyplass til Geneve sentrum...

Cern2017_5
Cern2017_6

Litt selfie-taking skapar alltid god stemning, både blant oss sjølve og dei som hoderystande morar seg med å sjå/høyre på.

Geneve og CERN

Så er vi framme ved hovudmålet for turen, og vi vart straks fullt fokuserte og gjorde oss klare for eit av turens høgdepunkt.

7:
Her er vi samla utanfor resepsjonen på CERN.

Cern2017_7

8:
Nokre av oss er her på veg inn i resepsjonen på CERN.

Cern2017_8

Når det var festa på mobilen sitt minnekort, styrta vi andre raskt etter og inn i ein ny, spennande verd for oss.

Her er litt av det vi fekk sjå, og som vi kunne ta bilete av.

9-13:
I Micro Cosmos får ein innsyn i oppbygginga av eit LHC eksperiment

Cern2017_9
Cern2017_10
Cern2017_11
Cern2017_12
Cern2017_13

14:
Venting i resepsjonen ....

Cern2017_14

... og så var det klart for å kome inn i neste "avdeling".

15-16:
«Globen» med utstillinga: Eit univers av partiklar.

Cern2017_15
Cern2017_16

Stilig, ja?

17:
Utstilling av ein magnet av same slag som er nytta i LHC’en

Cern2017_17

18: Plakat på kontordør.

Cern2017_18

Omvisning og fagleg informasjon

Dette fekk vi av vår kontakt i Cern, Jens Vigen. Han sette av god tid til oss, og vi var glade for å få all informasjonen greit formidla, på norsk.

19:
Omvisning med kontakten vår, Jens Vigen.

Cern2017_19

20:
Introduksjon om CERN ved Jens Vigen.

Cern2017_20

21:
Kontrollromet for LHC eksperimentet ATLAS.

Cern2017_21

Så nærma vi oss det store senteret vi alle hadde høyrd om før vi dro til CERN.

ATLAS

22:
Vi ventar utanfor ATLAS eksperimentet.
(Her lurte og fysikklærar Pettersen (t.h) seg med på bilete).

Cern2017_22

23-26:
Hallen der magnetar til LHC’en vert testa, reparert og sett saman.

Cern2017_23
Cern2017_24
Cern2017_25
Cern2017_26

Kjentfolk på basen

Haramsøying og tidlegare TAF-elev på HVS, Pål Forr Austnes, er inne i sitt 2.år ved CERN. Han trivst godt! Kjekt at han tok seg tid til å møte oss og fortelje om sitt liv ved basen.

27:
Pål Forr Austnes forklarar kva han har gjort, og kva prosjektet gjeng ut på.

Bileta fortel kanskje ikkje så mykje til alle, men vi syntast det heile var veldig interessant!

Cern2017_27
Cern2017_28
Cern2017_43

Paris i Frankrike

Etter ein spennande dag forlot vi CERN og Geneve. Paris neste stopp.

29:
Eiffel tårnet

Paris2017_29

30-31:
Triumfbogen

Paris2017_30

Men ikkje alle severdigheitar er for passive tilskodarar!

vitenskapsenteret fekk vi verkeleg utfalde oss - GØY!

32-36:
Bondesjakk i 3D, virtuell kontroll av seglfly,ubåt og utsida av ein 360-graders IMAX video sal.

Paris2017_32

- Ingen tvil om at dette var noko for oss!

Paris2017_33
Paris2017_34

- Engasjement har vi alltid hatt!

Paris2017_35
Paris2017_36

Rundturen gjekk vidare - nokon dro hit og andre dit.

Vi ville ha med oss det meste.

37-38:
Notre Dame (baksida) - for det var der vi kom først, og vart imponerte ...

Paris2017_37
Paris2017_38

Flott, ja?

Men vi gjekk jo rundt for å finne framsida og, vi gjorde det.

39-42:
Foran framsida på Notre Dame.

Paris2017_42

- Flotte karar på sight seeing

Paris2017_40
Paris2017_41

Utover dagen vart vi igjen samla til ein flokk, og då måtte vi innom det obligatoriske - gruppefoto!

44:
Gruppebilete foran Eiffeltårnet.

Paris2017_44

Det siste bilete er frå ein litt meir "scary" del av Paris og Paris sin historie;

45:
Frå katakombene, under Paris.

Paris2017_45

Det var det - TAKK for turen!
Fy2 - 2017