Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Heimeundervisning - retningslinjer ved HVS

Heimeundervisning - retningslinjer ved HVS

Alle elevar er bedne om å følgje opp skulearbeidet i dei ulike faga sine heimefrå, etter dei opplegg kvar faglærar gjev dei. Type undervisningsform og opplegg vil variere frå fag til fag.

Undervisninga vil vere i tråd med det opplegget som normalt er i faget eller som faglærar har informert om inn i den nye situasjonen.

Om ikkje faglærar informerer om noko anna, vil meldingar og kommunikasjon i utgangspunktet gå via Its Learning. Så vil kvar faglærar og elevgruppe saman nytte dei høveleg kommunikasjonsvegane dei finn naturleg langsmed.  

I samband med at elevane får heimeundervisning:
- Lærarane er direkte tilgjengelig digitalt eller per telefon i dei aktuelle timane faga går etter timeplanen, så langt dette er råd å få til. Dersom ein lærar ikkje kan vere tilgjengeleg etter timeplanen, skal elevane bli beskjed om alternative klokkeslett.

- Tar ein elev kontakt utover den timeplanfesta tida/avtalt tid, vil ein måtte vente til lærar/kontaktlærar har anledning å svare.

- Er det satt fristar for heimearbeid/innleveringar skal desse overhaldast. Om ein elev ikkje leverer innan fristen, vert det satt ordensmerknadar, jf. ordinære rutiner.

- Dersom ein lærar manglar vurderingsgrunnlag i fag (utanom fråværsgrensa), må ein sende varsel digitalt til eleven/føresette, med kopi til kontaktlærar, kontoret (e-post: haram.vgs@mrfylke.no) og rådgjevar (e-post. ivar.roald@mrfylke.no)

  

Elevoppfølging:
- Det er viktig at kontaktlærar er tilgjengeleg i basistida og tar kontakt med kvar elev i basisgruppa si for å høyre korleis det går med eleven, personleg og fagleg . Dersom kontaktlærar/faglærar ikkje får kontakt med ein elev, må dette følgjast opp inntil ein får eit svar. 

- Faglærarar må halde kontakt med eleven sin kontaktlærar når dette er naudsynt i elevoppfølging, og leiinga må orienterast.

- God kontakt mellom elev og kontaktlærar/faglærar er viktig og naudsynt for å fremme læring og positive opplevingar i situasjonen

 

Lukke til med læringsarbeidet i den nye situasjonen vi alle er komne i.

   

Rektor