Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Kven vann?

Kven vann?

Vinnarane av dei to konkurransane som vart gjennomført første skuleveka er no kåra - og dei er premierte!

God innsats under begge klassetevlingane i oppstartsveka! Det lover godt før eit skuleår tek til for alvor.

Lukke til, alle saman!

 

HVS-labyrinten 2019

Dette er ei "bli-kjend-på-huset"-øving for alle Vg1-elevar. Nokre andre klassar valde og å vere med i år - det var kjekt! 

Mange grupper gjorde grundig arbeid, verkeleg bra! Men aller best vart ei gruppe frå Vg1TT (med sine andre klassegrupper hakk i hæl).

Dermed vart årets vinnarklasse
HVS-labyrinten 2019:  1TT

 

 

REBUSLØPET 2019

Dette løpet er løpet der ingen løper ...

I staden går alle basisgruppene som lag rundt Synnalandsvatnet og løyser dei utfordringane som måtte dukke opp (sjå tidlegare oppslag). Gjengen som gjorde det best i år var elevane i Vg3 Påbygg-klassen. Godt jobba, frå post til post! Det blir det god poengsum av.

Dermed vart årets vinnarklasse i REBUSLØPET 20193PB

Sjokoladekake

  

Premie vart det også.
Begge klassane får servert sjokoladekake med tilbehør i Kulturkantina på tildelte tidspunkt. 

  

Vi gratulerer!