Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Lektor2-prosjekt 2019 - Marine Ingredients

Lektor2-prosjekt 2019 - Marine Ingredients

Biologi- og kjemielevane ved Haram vidaregåande skule har starta på eit prosjekt gjennom ei ordning som blir kalt "Lektor 2".

Lektor 2-opplegg går ut på at elevar skal få konkrete oppdrag frå ei lokal bedrift, med realfagleg vinkling og praktisk tilnærming. Vi har vore så heldige å få samarbeide med Marine Ingredients i Brattvåg, som lagar ulike produkt av fiskeolje.

Saman med bedrifta har vi over tid diskutert oss fram til høvelege tema og innfallsvinklar på eit prosjekt som kan klare å fange opp tre programfag innan realfag (KJ1, KJ2 og BI2), har gode treff med faga sine læreplanmål og som får vist den faglege spennvidda som faktisk er i ei bedrift som jobbar med fiskeoljeproduksjon.

Marine Ingredients AS er ei innovativ bedrift, lokalisert i her i Brattvåg, ikkje så langt frå skulen. Dei produserer høykvalitets Omega-3 produkt i form av konsentrat og naturlege oljer av marint råstoff. Produkta deira blir nytta som kosttilskot og medisin, anten i mykgelatin kapslar eller som flytande stoff på flasker.

Vi lærarar hadde ein ide i utgangspunktet om kva vi kunne samarbeide om, men etterkvart som vi fekk meir innsikt i kva bedrifta hadde å vise oss og bidra med, forsto vi at dette var meir midt i blinken enn kva vi i det heile hadde håpa på.

Det vart etterkvart eit krevjande, spennande prosjekt! 

 

Så var vi igong!
Prosjektet starta måndag 18.mars, med eit lite "Kick off" oppe på Haram vgs med alle elevane frå Kjemi1, Kjemi2 og Biologi2 til stades. Der presentert EHS/HR Manager Inger Ann Søvik Hjelle bedrifta for elevane, for greit nok visste dei alle at Marine Ingredients var ei bedrift lokalisert i Brattvåg, men kva dei faktisk gjer på i sitt daglege virke, nei, det var mindre kjent blant ungdommen. Det blei det retta på i løpet av økta!

Og så vart oppdraget lagt fram for elevane; - 3 ulike oppdrag, avhengig av kva fagleg fokus den enkelte gruppe skulle ha. Spenninga og forventninga steig i rommet...

Bedriftsbesøk
I dag, onsdag 20.mars, har 27 elevar og to lærarar (kjemi- og biologi-) vore på omvisning og fått høyre foredrag på bedrifta, og trur du ikkje bedrifta stilte opp med nok folk til å gje ulike omvisningar etter kva oppdrag dei hadde tenkt å gje elevane! 

Lektor2_2019_1

Her er vi, ferdig oppkledde og godkjente for å tre inn i bedriftslokala.

 

Den komande veka skal elevane få jobbe med ulike oppgåver:

- Kjemielevane i 2ST (Kjemi1) skal sjå på ulike renseteknikkar av avløpsvatn, og dei skal gjerne forsøk med emulsjon.

- Elevane som har Kjemi2 i 3ST ser på dei ulike seperasjonsprosessane bedrifta bruker, td destillasjon, ekstraksjon og kromotografi. Dei skal få gjennomføre forsøk der dei gjer om triglyserid i fiskeolja til etylester, noko som er naudsynt for å få høgast mogleg konsentrasjon av omega 3-feittsyrer i sluttproduktet. Og dei veit kva konsentrasjon dei må opp i for å få "godkjent"!

- Elevar frå biologiklassa (Biologi2) skal få undersøke samanhengen mellom mengde miljøgifter i fiskeolja bedrifta får inn, kva fiskeart som er nytta, kor den kjem frå osv. Dei fekk lære mykje om korleis bedriftar som Marine Ingredients jobber for å fjerne eventuelle miljøgifter frå produkta, korleis ein må teste sluttproduktet og korleis ein må handtere avfallsstoffa, under omvisninga på bedrifta. 

No har vi ei spanande veke foran oss, med labforsøk og mykje research.

Som ein elev sa i dag: «Kult, da!»

 

Hei, hopp ... De høyrer frå oss når vi er ferdige med prosjektet!!!

 

..........................................................................................................................................

Og KULT var det!

Sjå berre her :)

Lektor2_2019_3
Naturleg fiskeolje er tjukk og mørk på farge.
Her skal vi forbetre den ...
Klarte vi å halde rett temperatur i lang nok tid?
Lektor2_2019_4
Triglyserida har blitt spalta!
 
 

 

Ekstraksjon som separasjonsmetode er pensum i Kjemi 2, og her får elevane teste det i praksis.

Lektor2_2019_5

Separasjon pågår ...

 

Lektor2_2019_6
Klare, fine faser grunna ulik polaritet :)
Lektor2_2019_7
Fortsatt tydelege faser,
sjølv om konsistensen ikkje var like lekker...

 

Lektor2_2019_8

Og der kom lukta av tran, ja...

 

Lektor2_2019_9

Rå fiskeolje til venstre, og vårt ferdige produkt til høgre. Litt forskjell!

 

Lektor2_2019_10

Ferdige produkt, klare til analyse hos Marine Ingredients. Blir dei godkjende, er dei reine nok?

Spanande!

 

Presentasjon av resultat
Etter ei veke med intenst arbeid i fagtimane våre, og litt til ... , var vi klare til å presentere arbeidet vårt; - kva vi har gjort, kva vi har erfart(!) og konkludert undervegs. Og sjølvsagt, reflektere over det endelege produktet vi har laga. 

Vi var jo tre grupper med ulike innfallsvinklar, så det skulle bli spennande å høyre kva alle hadde oppdaga og erfart.

Vi gjennomførte kvar vår presentasjon med fokus på det spesifikke oppdraget og var vel så ivrige og engasjerte at vi gløymte litt å verke nervøse :) Og det enda det blant tilhøyrarane var representantar frå bedrifta, frå skuleleiinga og til og med lokalpressa. Uansett, det gjekk fint!

I. Kjemi1-elevane hadde rensa avløpsprodukt, og innrømte at dei hadde justert opp oppskrifta for i det heile å klare å nå inn i rett pH-område for godkjent utsleppsprodukt. Medan dei skildra kva dei tenkte og gjorde undervegs i prosessen, satt ein av bedriftsrepresentantane og nikka smilande nede i salen. For elevane hadde ikkje mottatt den enklaste prøven å jobbe med, kanskje heller tvert i mot ... Difor var tankane deira, og justeringane deira i utprøvingsdelen absolutt fornuftige. Godt jobba!

II. Kjemi2-elevane hadde som mål å få høgast mogleg konsentrasjon av omega 3-feittsyrer i sluttproduktet. 
Bedrifta hadde i forkant av presentasjonen gjennomført analyser av prøver frå fiskeoljene elevane hadde rensa fram - og dei fekk DET resultatet! God margin på svært god kvalitet - YES! (sitat frå strålande fornøgd lærar). Også her blei teori og faglege vurderingar tatt godt i mot av fagpersonane i salen. Her var det kvalitet på arbeidet.

III. Biologi2-elevane hadde fokus på handtering av miljøgifter. Dei viste korleis miljøgifter samler seg oppover i næringskjeder og korleis livsmiljø i ulike økosystem verkar inn. basert på dette såg dei på kva for val bedrifter av denne typen må gjere når dei vel ut råvareprodukt, kva miljøomsyn dei må ta i heile prosessen frå fangst i havet, via transport inn til produksjonslokala, i produksjonen og ved handtering av avfall. mange interessante betraktningar her - og mykje god lærdom. Og "det enkle er ofte det beste", også her :)

Nordre skreiv i etterkant artikkelen "Elevar fekk bryne seg på fiskeolje og avløpsvatn", som du kan lese ved å klikke på dokumentet oppe til høgre.

 

Eit særs spennande samarbeid er no gjennomført, til stor glede for elevane og vi håper det og er til nytte for Marine Ingredients - på sikt :)

 

Tusen takk for all velvilje,
og for at vi alle er samde om at vi køyrer på etter same lest til neste år!
Nye idear er allereie lufta ...

Så her kjem det meir, til neste år.

 

Og om du vil sjekke ut kva Lektor2 er, finn du det her

 

Mvh
elevar og lærarar innan KJ1/KJ2/BI2