Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Språkreise - Spania

Språkreise - Spania

Spansk-elevane er og ute på språkreise - dei tok turen til Granada!

Granada
- dette er ein by i det sørlege Spania, om du ikkje visste det :)

Spania er delt inn i ulike provinsar og denne byen er hovedstad i provinsen med same namn, nemleg Granada. På kartet til venstre ser du markering av Spania på Europakartet, markering av provinsen Granada på Spanskekartet og byen Granda midt i denne. 

Byen har litt av kvart å vise fram, med sin lange, gamle historie.
I Møre og Romsdal har vi t.d. Geiranger som verdsarvminne (Unesco), medan Granada nok har nokon fleire. Verdensarvminnet i Granada består av heile tre plassar; -  Generalife (bygd på 1300 og utover), Alhambra (bygd på midten av 1300) og Albayzín.

Generalife, eller "Arkitektens hage", var det dei nasridiske sultanane hadde som sitt sommerpalass i Granada. Palasset og hager blei påbegynt kring 1300, og er blitt ombygd og redekorert fleire gongar siden det. Flott var det i alle fall, også i dag!

Alhambra
På bilete nr.3 under ser du (i alle fall så vidt...) palasset Alhambra i bakgrunnen. Alhambra betyr eigentleg «Det raude slottet», og som du ser er det bygd i ein raudleg murstein/mur. Festningskompleks, eller palasset om du vil, blei bygd på midten av 1300-talet av dei mauriske herskarane i emiratet Grenada. Festningen er ein av Spania sine største turistattraksjonar, flott både utanfor murane og innafor. Det er med andre ord ikkje tilfeldig at vi tok det bilete av oss akkurat der :)

På bilete 1 (under) ser du oss posere inne i festningskomlpekset, i hageromma som er der. På bilete 2 er vi fotograferte utanfor muren.

Vi poserer gjerne:

Spania_Granada_2

Bilete 1: Frå Alhambras hage

 

Spania_Granada_3

Bilete 2: Her er vi utanfor "La Alhambra"

 

Spania_Granada_4

Bilete 3: Gjengen, med palasset Alhambra i bakgrunnen.
Vi er her fotografert ved San Nicolas fjellstue, med utsikt bort til "La Alhambra". Fin utflukt!

 

Spania_Granada_1

Bilete 4: Granada Universitetet

 

Vi har lært litt om kvar av severdigheitane - og om mykje anna sjølvsagt :) For det var på språkskulen vi var større delar av dagane, og vi budde i private heimar, så vi fekk verkeleg prøvd oss språkleg!

 

Med helsing frå Spania.