Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Ta vare på skuleskysskortet!

Ta vare på skuleskysskortet!

Informasjon frå Samferdsels-avdelinga - viktig for alle elevar som har ei skyssordning via Samferdselsavdelinga!

Her kjem informasjon som alle elevane må hugse på no når sommarferien startar:

• Ta godt vare på skuleskysskortet dykkar! Dette skal du bruke igjen til hausten.

 
• Elevar må alltid søkje om skuleskyss etter å ha fått tildelt og godtatt endeleg skuleplass.

 
• Søknaden om skuleskyss må vere inne før utgangen av juli for at skuleskysskortet skal vere hos skulen til skulestart for dei av elevane som ikkje har hatt skuleskyss før, eller av andre grunnar må ha nytt skuleskysskort. Dykk andre nyttar dykkar gamle.

 

• Ved å søkje om skuleskyss blir skuleskysskortet automatisk oppdatert for dei som oppfyller krava om gratis skuleskyss. 

• Elevar som har mista skuleskysskortet sitt i løpet av sommaren, bestiller erstatningskort gjennom skulen.

 
• Elevar søkjer på skuleskyss gjennom sjølvbetent nettløysing - gå inn her: https://skoleskyss.mrfylke.no/

 

• App kjem i løpet av skuleåret og meir informasjon vil kome i forkant. Vi er lei for at denne ikkje er klar til skulestart, slik vi hadde håpa og sett for oss. Uansett, dette er informasjon vi vil gje til elevane når produktet er klart til bruk.

 

  

For meir informasjon om skuleskyss for elevar i Møre og Romsdal fylkeskommune, sjekk her: Skuleskyss

 

Mvh

Samferdselsavdelinga,
Møre og Romsdal fylkeskommune