Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Nyheiter > Vg2 ST-Skottland tjuvstarta skuleåret

Vg2 ST-Skottland tjuvstarta skuleåret

Den nye elevgruppa til klassa i Skottland er på plass.

I år er det 15 elevar frå rundt om i fylket vårt som skal gå eit år i West-Lothian. 

Denne veka har dei flytta inn med familiane sine, hatt introduksjonsdagar, starta undervisning i lag med lærarane sine og vore på Military Tattoo Show.

Til informasjon, Edinburgh Military Tattoo er ei spesiell oppleving. Showet blir arrangert årleg i august i den skotske hovedstaden Edinburgh og er omtalt som «The World's Greatest Show». Scenen for denne tattooen er esplanaden foran historiske Edinburgh Castle, med ei vindebro som entré. Ein kjekk intro til eit år i Skottland.

No ventar fag og undervisning på engelsk og mange nye opplevingar.

Lykke til med eit spanande skuleår!

Tatoo1
Tattoo3
Tattoo2
Tattoo4
Tattoo5
Tattoo6