Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Boklister

Læremiddel 2018/2019

Fylkestinget vedtok at frå hausten 2009 skulle det vere ordning med gratis skulebøker til elevar i vidaregåande opplæring. Haram VGS har som følgje av dette ei utlånsordning av lærebøker til alle elevar. Bøkene blir lånt ut klassevis frå skulebiblioteket ved skulestart.

Vi gjer merksam på at skulebiblioteket sine regler gjeld for alt lån av bøker, også desse skulebøkene. Unntaket er at skulebøker blir lånt for eit heilt skuleår.

Skadde bøker, og eventuelle manglande innleveringar, vil verte fakturert den enkelte elev rett etter skuleslutt.

Skrivesaker og arbeidsbøker, inkl. arbeidsbøker med utfyllingsoppgåver, er elevane pliktige til å halde seg med sjølve.

(Boklistene vil bli oppdaterte til 1.skuledag kvar haust, slik at alle har oversikt over kva for læreverk etc ein nyttar på dei ulike utdanningsprogramma).

Krav om PC i vidaregåande skule
I Møre og Romsdal fylkeskommune er elevar i vidaregåande opplæring pålagt å vere utstyrt med berbar PC til bruk i undervisninga.
Elevane ved skolane eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune kan få PC gjennom ei eiga avtale som fylkeskommunen har inngått med leverandør, eller dei kan kjøpe eigen PC. Ved kjøp av eigen PC får eleven utbetalt eit PC-stipend.

Les meir om denne PC-ordninga her
eller på nettportalen for elevar i Møre og Romsdal: Ungweb - info om PC-ordninga

 
Vi rår ALLE til å lese denne informasjonen!

Kontaktpersonar

Helene Austbø
Lærer
71 28 17 14 / Mob. 908 84 813
Send e-post

Dokument

Boklister skuleåret 2019-2020
PDF-dokument - 113,89 kB