Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Om skulen > Kvalitetsplan

Kvalitetsplan 2018 - 2022 for Møre og Romsdal fylkeskommune

Kvalitetsplanen 2018-2022 for vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal

Dette er ein målretta plan for arbeidet med kvalitet i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal fylkeskommune for perioden 2018-2022.

For å utvikle kvaliteten i vidaregåande opplæring vil Møre og Romsdal fylkeskommune vere tydeleg medspelar på vegne av fellesskapet i regionen. Skuleeigar og skulen vil arbeide for at alle involverte er profesjonelle i alt dei gjer, syte for at skulane våre er fagretta, utviklingsorienterte og elevorienterte og arbeider med tydeleg respekt for det samfunnsoppdraget vi er gitt.

Gje utfordringar for alle, ha gode læringsmiljø, ha betre gjennomføring og tettare oppfølging i vidaregåande opplæring er fanesaker i utviklingen av kvalitet i den vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal. Ei hovudmålsetting er at talet på elevar som gjennomfører vidaregåande opplæring med greidd resultat etter 5 års opplæring skal aukast til 79% ved utgangen av planperioden.

Kvalitetsplanen til Møre og Romsdal fylkeskommune skal følgjast opp gjennom årlege tiltaksplanar både på skule- og skuleeigar-nivå. Kvar av dei vidaregåande skulane i fylket skal lage eigne handlingsplanar med konkretisering som gjeld for eigen skule.

Tiltaksplan for Haram vidaregåande skule finn du ved linken på høgre side.

Vi rår alle våre tilsette og elevar å halde seg orienterte om innhaldet i denne planen, og å arbeide for at skulen når sine målsettingar.

Administrasjonen

Dokument

Tiltaksplan for HVS 2019-2020
PDF-dokument - 155,33 kB