Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Elektrofag

Elektrofag

Vg1 Elektrofag

Vil du vite kva som skjuler seg inne i ein pc, forsterkar, tv, vaskemaskin eller eit sikringsskap? Er du interessert i ny teknologi og installasjon og vedlikehold av elektriske eller elektroniske system?

Da kan elektrofag vere riktig for deg.

Du kan bli:

  • elektrikar, elektroreparatør eller energioperatør
  • tavle-, signal eller heismontør
  • avionikar eller flymekanikar
  • romteknolog, data- eller produksjonselektronikar
  • automatikar eller FU-operatør

Aktuelle arbeidsstader:

  • offentlege eller private bedrifter
  • prosess- eller elektronikkindustrien
  • mekanisk industri, energiverk eller jarnbanedrift
  • data-, fly- eller oljebransjen

Utdanningsprogrammet fører med andre ord fram til eit mangfald av yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system.

Du bør vere:

  • nøyaktig og kunne arbeide sikkert og systematisk
  • praktisk, logisk i tenkjemåte og ha godt handlag
  • serviceinnstilt
  • kreativ og løysingsorientert

Ofte er det eit krav at du har godt fargesyn.

Ved Haram vidaregåande skule tilbyr vi Vg1 Elektrofag på Vg1-nivå og Vg2 Elenergi og Vg2 Kulde- og varmepumpeteknikk på Vg2-nivå. Sistnemnde Vg2-tilbod finn du berre ved vår skule her i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Etter gjennomført Vg2 har vi god erfaring med å få elevane våre ut i lære, då vi omgir oss med eit spennande, positivt og dynamisk næringsliv som set pris på ungdom som ønskjer å stå på i yrket sitt.

Etter Vg2, eller etter oppnådd yrkeskompetanse (fagbrev), kan du velje Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse.

Kontaktpersonar

Håkon Sæterøy
Ass rektor
71 28 17 05 / Mob. 950 67 318
Send e-post