Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Vg2 - Industriteknologi

Vg2 - Industriteknologi

Programområdet industriteknologi har som mål å leggje grunnlag for yrkesutøving innan mekanisk og teknisk industri, prosessindustri og grafisk produksjon. Denne typen industri er prega av kontinuerleg teknologisk utvikling med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar. Ein ønskjer å gje ei opplæring som skaper kvalifiserte og omstillingsdyktige fagarbeidere til det vide spekteret av yrke som denne fagutdanninga kan føre fram til.

Opplæringa skal bidra til å gje deg som elev ein kompetanse innan industriteknologisk produksjon og montasje. Opplæringa skal og bidra til kompetanse for drift og vedlikehald av maskiner og teknisk utstyr. Vidare skal opplæringen fremme ei forståing av samspelet mellom mekanisk oppbygging, regulering og styring. Utvikling av fagleg innsikt, praktiske ferdigheiter, nøyaktigheit, ordens- og tryggleiksforståing står sentralt.

Det er mange yrke som byggjer på Vg2 industriteknologi.
Dei finn du på faktasida til industriteknologi på vilbli.no

 

Praksis og teori må til for å skape den gode fagarbeidaren
Haram vidaregåande skule har i alle år hatt eit godt samarbeid med lokale bedrifter, både i Haram og i nabokommunane. Saman har ein som mål at elevane skal utvikle seg fagleg og få den kunnskap og dei kvalifikasjonar som ein god fagarbeidar skal ha. Skulen har lagt vekt på at elevane skal ha mest mogleg praktisk arbeid integrert i undervisningskvardagen, slik at timeplanen inneheld mykje verkstadtid. Dette har vi svært gode erfaringar med, og elevane viser ein auka evne til å setje praksis og teori i samanheng.  

 

Moglegheiter etter gjennomført Vg2
Elevane som har fullført to år ved eit yrkesfagleg utdannings-program, kan anten velje å gå ut i 2 år som lærling og ta fagbrev, eller gå direkte over på Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse. Det er og mogleg å først ta fagbrev og så byggje på med  Vg3 Påbygging til generell studiekompetanse, dersom ein finn ut at ein ønskjer å studere vidare mot ei høgare utdanning.

Kontaktpersonar

Håkon Sæterøy
Fagleder
71 28 17 05 / Mob. 950 67 318
Send e-post