Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Haram VGS > Studietilbod > Tekniske og allmenne fag

Tekniske og allmenne fag

Tekniske og allmenne fag (TAF-EL/TAF-TIP)

Utdanningsprogrammet Yrkes- og studiekompetanse (YSK), meir kjend som Tekniske og allmenne fag (TAF), gir både spesiell studiekompetanse og fagutdanning/fagbrev innan programområda for elektrofag eller teknikk og industriell produksjon. Den spesielle studiekompetansen er knytt til full fordjuping i realfaga fysikk og matematikk.

Yrkes- og studiekompetanse (YSK), tidlegare tekniske- og allmenne fag (TAF), vart oppretta som ei forsøksordning i 1992. Føremålet var å få fleire unge til å velje ingeniørutdanning etter vidaregåande skole, og ein meinte å kunne stimulere til dette ved å lage ei ordning der elevane etter ei 4-årig vidaregåande opplæring kunne oppnå både fagbrev og spesiell studiekompetanse. Ei ordning som og næringslivet har ønska velkomen.

 

Den doble kompetansen oppnår ein ved at utdanningsprogrammet går over 4 – 4½ år. Gjennom heile opplæringsløpet nyttar ein utplassering i verksemder; - to dagar pr. veke dei tre første åra og tre dagar pr. veke det 4. året. Elevane er som hovudregel ved same verksemd gjennom heile opplæringa.

Dette gir tidleg kontakt mellom verksemd og elev frå nærområdet, og synleggjer på ein god måte moderne teknologifag og industriarbeidsplassar for ungdommen. Verksemdene får eit betre rekrutteringsgrunnlag, og elevane får kunnskap om moglege yrkes- og utdanningsval som ligg i forlenginga av TAF.

Elev-/lærlingstatus i det 4-årige løpet
Dei to første åra har ein status som elev, dei to siste som lærling. Lærekontrakt vert inngått ved starten av det tredje opplæringsåret. Elevane på dette utdanningsprogrammet følgjer bedriftene sitt arbeidsår. Dei to første åra får elevane lærlingløn for arbeidstida, og dei to siste åra får lærlingane løn heile veka.

 

Utdanninga er krevjande, og ein bør ha eit godt teoretisk grunnlag frå ungdomsskulen. Difor er det lagt inn krav om karakteren 4 eller betre i både naturfag og matematikk frå grunnskulen ved opptak til dtte utdanningsprogrammet.

 

Kontaktpersonar

Håkon Sæterøy
Fagleder
Mob. 950 67 318
Send e-post