| |
Du er her: PILOT
PILOTPROSJEKTET 1999
– 2003 |
| |
LONDON
(Foto: Helland/Austnes) |
SLUTTRAPPORT FRÅ
HARAM VIDAREGÅANDE SKULE |
Innhaldsliste
1 Fakta om skulen
2 Prosjektstart/mål
3 Prosess undervegs
4 Prosjektslutt/resultat
1 Fakta om skulen
Haram vidaregåande skule (www.haram.vgs.no) ligg
i Brattvåg, senteret i Haram kommune, ca 4 mil nord for
Ålesund og 6 mil sør for Molde. Skulen har ca.
220 elevar som er fordelt på studieretningane AØA,
EL, ME, TAF og HS. I tillegg har skulen eige ressurssenter.
Skulen har hatt eit tett samarbeid med næringslivet både
i Haram kommune og nabokommunane frå skulen vart grunnlagt
i 1975. Tradisjonelt har dette samarbeidet vore mest knytt opp
mot yrkesfaga, men i dei seinare åra har allmennfag kome
meir med, og hausten 1998 blei TAF (linje for Tekniske og allmenne
fag) etablert. Eit 4-årig tilbod, der elevane får
ei kombinert opplæring med 2 – 3 vekedagar i bedrift
og resten av tida på skulen. Frå hausten 2003 får
skulen eit nytt studietilbod innan allmennfag, IBD (International
Business Development).
2. Prosjektstart/mål
Haram vidaregåande skule har delteke i PILOT (Prosjekt:
Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi) Ei overordna
målsetting for dette prosjektet har vore:
”--- Å få den deltakande skulen
til å utvikle fleksible læringsmiljø ved
å ta i bruk dei pedagogiske og organisatoriske mogelegheitene
som IKT (Informasjon, Kommunikasjon, Teknologi) i læringsprosessen
opnar for, og å utvikle og spreie kunnskap om dette ---”
Denne målsettinga har vore styrande for skulen sin aktivitet
i dei åra vi har delteke i prosjektet og er rettleiande
for skulen sitt pågåande utviklingsarbeid og etablering
av nye studietilbod ved skulen.
Som praktiserande lærarar i den vidaregåande skulen
var vi opptekne av å få til ein undervisningsmetode
der læreplanar, pilottankegang og differensiering kunne
samordnast på ein naturleg måte. Vi stilte spørsmål
om kva vi kunne gjere for å få til ein undervisningspraksis
som både elevane og lærarane meinte var fornuftig.
Dei fleste lærarane stod med eitt bein i det tradisjonelle
opplegget og eitt i det ein kan kalle for ”prøvande
og utprøvande pedagogikk”. Vi var som kollegium
klar over at det ofte kan vere stor avstand mellom det ein faktisk
gjer og det ein kan tenkje seg å gjere. Det var vesentleg
å unngå at det var fleire undervisnings-kulturar
på ein og same skule. Elevane burde oppleve at skulen
som organisasjon hadde ein samla undervisningsfilosofi.
Utfordringa vart dermed å utarbeide konkrete opplegg for
å realisere ideane knytt til samarbeid, differensiering
og problembasert læring. Ei omlegging innebar ikkje berre
at faglærarane endra praksis. Skulen som organisasjon
måtte og ta omsyn til dette når det gjaldt tilhøve
som var knytt til timeplan, utstyr, romsituasjon, etterutdanning
og kurstilbod og personalpolitikken.
Skulen si grunnhaldning var at vi hadde ei felles plattform
når det gjaldt kva vi ville gjennomføre, men at
det kunne vere ulik praksis når det gjaldt korleis vi
ville gjennomføre måla. Vi ønskte ikkje
ei uniformering av undervisninga. Grunngjevinga var at skulen
utvikla seg best ved å ha eit mangfald i læringsmiljøet.
Dette er og ein føresetnad for å kunne prøve
ut nye idear i praksis.
Det vart tidleg klart at utviklingsarbeidet kravde at den pedagogiske
og organisatoriske omlegginga måtte gå parallelt.
3. Prosess undervegs
Det var tidleg klart at utviklingsarbeidet hadde to hovudområde.
Det første var knytt til det organisatoriske og tekniske
tilhøve ved skulen, t.d. timeplanlegging, organisering
av datamaskiner på klasseromma, utstyr, programvare og
etterutdanning av kollegiet. Det andre hovudområde som
etterkvart blei det sentrale for oss, var å etablere ei
pedagogisk plattform eller utvikle ein grunnleggande pedagogisk
ide. Den vidaregåande skulen skal mellom anna førebu
elevane til arbeidsliv og vidare utdanning. Elevane vil møte
store krav til sjølvstende og evne til konstruktivt samarbeid.
Vidare skal skulen leggje grunnlaget for ei personleg utvikling
(det 13-årige skulelaupet). Det var difor vesentleg for
oss å møte elevane sin røyndom og haldningar.
Målet var å få til ein positiv læringsprosess
ut frå elevane sin individualitet, gjere dei medvitne
om sine personlege kvalitetar og lære dei å nytte
desse i positivt samarbeid med andre.
Nyare forsking syner at elevane ved læring gjennom samarbeid
kjenner større glede og lukkast oftare. I felleskap får
dei faglege utfordringar som ikkje berre set krav til fagleg
innsikt, men der dei og må nytte kvarandre sine kvalitetar
for å nå denne forståinga. Dette målet
var utgangspunktet for val av byggjesteinar som skulle vere
grunnlaget for samarbeidslæringa.
Som grunnlag for det konkrete opplegget bygde vi på :
- Kommunikasjon
- Individuell røyndom
- Identitet
- Haldning
Det var vesentleg for oss at elevane såg samanhengen mellom
desse elementa fordi dei er utgangspunktet får sjølvinnsikt.
Denne sjølvinnsikta skaper større toleranse og
forståing for medelevar.
Vi har tatt utgangspunkt i Team Management System (TMS av Margerison-
McCann) som vi har tilpassa til vårt nivå og formål.
Vi har sterk tru på denne metoden fordi vi har oppnådd
positive og konkrete resultat i undervisninga. Det verkar som
om elevane får meir sjølvtillit og samstundes vert
meir tolerante overfor sine medelevar. Dei vert meir medvitne
om at dei er ulike og at denne ulikskapen er ein positiv ressurs
som ein har fordel av i samarbeidet.
Satsingsområde
Denne pedagogikken ligg så i botnen for dei ulike konkrete
delprosjekta som skulen har hatt som satsingsområde. Desse
er (namn i klamma viser til kven som har hatt eit hovudansvar
for gjennomføring):
- Samarbeidslæring som pedagogisk verkemiddel (O.Tolås)
- Ekskursjonar (H.Aasgaarden)
- Storyline (J.M.Helland, I.Hellevik)
- Organisering/timeplan (H.Garshol)
- Differensiering (H.Aasgaarden)
- Ungdomsbedrift (J.M.Helland)
- Prosessbasert læring (T.Volstad, S.Hersvik,)
- Problembasert læring (L.Domås, H.Aasgaarden)
- Prosjekt Robolab (H.Aasgaarden)
- Seniordata (O.Tolås, J.M.Helland)
- Berbare PC-ar (K.Hellevik, T.Strand)
- IKT-verktøy (T.Austnes)
- Breiband (S.Vik, J.M.Helland)
- Alternative eksamensformer (I.Hellevik, J.M.Helland)
Desse delprosjekta og metodane har vore sett i verk på
ulike tidspunkt og følgd ein gitt tempoplan.
For å kunne gjennomføre desse prosjekta har vi
som kollegium gjennomført både lokale og eksterne
kurs og samlingar. Vi fann fort ut at det var viktig å
få stimulans og idear utanfrå. Dette har medført
interessante reiser i inn og utland, primært i England
og Skottland. Grunnen til at nettopp desse landa har vore sentrale
for oss, er det kjennskapet og kontaktane vi har fått
gjennom nettverket til det lokale næringslivet i Haram
:
- PILOT-tur til
Birmingham.
- London, våren 2001.
- Storylinetur til Glasgow, våren 2002.
- Språktur til York, hausten 2002.
- Torino som Noregs representantar til EUP, 2002
- Fylkessamlingar/Landssamlingar PILOT. |
Frå "Storylineturen"
til Glasgowi 2002. |
I tillegg har vi fått idear gjennom vår kontakt
med forskingsmiljøet ved Høgskulen i Volda og
Universitetet i Oslo.
Når vi har hatt så vidt mange satsingsområde,
er dette eit resultat av ein gradvis prosess på skulen.
Vi byrja med avgrensa mål der eleven var i fokus. Etter
kvart som vi fekk erfaring og følte at vi hadde lukkast
med det vi hadde gjort, vart vi stimulert til å utvide
læringsarenaen til stadig nye område og å
prøve ut nye arbeidsmetodar. Når vi meiner å
ha lukkast med dette, heng dette og saman med den spreiingsstrategien
vi har nytta lokalt. Den einskilde lærar har vore oppteken
med eit avgrensa ansvarsområde utan å måtte
sette seg inn i alle tilhøve knytt til PILOT-tankegangen.
Etterkvart har lærarane sjølv teke på seg
stadig større oppgåver og ansvar fordi dei blei
trygge i arbeidssituasjonen. Såleis har personalpolitikken
vore ein del av prosjektet.
I utgangspunktet hadde skulen ei kjernegruppe med ansvar for
PILOT. Denne gruppa har i perioden 1999 – 2003 hatt stort
sett same samansetning, men etterkvart som nye delprosjekt har
vore sett i verk, har ein utvida gruppa. Dette gjeld særlig
med tanke på at ein har involvert nye studieretningar.
Dersom ein skal peike på eit prosjekt som kan vere av
spesiell interesse, fell det naturleg å nemne Storyline.
Grunngjevinga for dette er at her får vi kombinert dei
fleste andre delprosjekt på ein unik måte. Vidare
er det og slik at denne metoden gjev elevane dei mest realistiske
opplevingane knytt til sjølve læringsprosessen.
I Storyline vert ikkje kunnskapen berre teori, men dei må
anvende det dei har lært på ein konkret og målretta
måte. Dette er ein metode som og vert nytta i grunnskulen
i Haram, og som elevane etterkvart vil kjenne (13-årige
løpet), og som kan vere eit naturleg fagleg/metodisk
knytepunkt mellom grunnskule og vidaregåande skule.
Kva er Storyline?
Storylinemetoden blei utvikla i Skottland på midten av
60-tale, og har etterkvart spreidd seg til mange land over heile
verda. Metoden legg til rette for problembasert undervisning,
der lærar langt på veg vil kunne fungere som tilretteleggjar
og rettleiar.
Opplæringa vert systematisk bygd opp gjennom temaforteljing,
ein Storyline som vert driven vidare av såkalla nøkkelspørsmål.
Dette er opne spørsmål som kan bli svart på/løysast
på ulike måtar. Læraren legg inn uventa ting
i Storyen, for å skape overraskingar, som får temaet
til å ta andre retningar. Elevane får då nye
utfordringar som dei må analysere og finne nye løysingar
på. Elevane vert på denne måten opplært
til problemtakling og samarbeid.
Spørsmåla fører til dialog og varierte problemløysande
aktivitetar. Den fiktive verda som vert skapt gjennom forteljinga,
skaper og motivasjon til utforske den verkelege verda utanfor
skulen. Det vil skje stadige samanlikningar mellom den fiktive
og den verkelege verda.
Tema/fag der Storyline og IKT har vore brukt som eit
integrert verktøy:
| Tema |
Fag |
Gjennomført |
| Privat økonomi |
ØKI |
Hausten 2000 |
| Bedrifts-/samfunnsøkonomi |
Norsk, ØKI |
Våren 2001 |
| OD-Internasjonal veke |
Norsk, ØKI, naturfag, engelsk |
Hausten 2001 |
| Kvardagslivet på Island i norrøn tid |
Norsk, geografi, historie |
Hausten 2002 |
| Rus i tenåringsmiljø |
Norsk, HS-faga på Helse og Sosial grk. |
Våren 2003 |
Steve Bell, grunnleggar av metoden, kjem med følgjande
utsegn om Haram vidaregåande skule:
| |
Can Storyline be used in a Technical
High School?
Thirteen members of staff from Haram Vidaregåande
skule (Haram Upper Secondary School) from Brattvåg,
Norway, visited Glasgow to attend a one-day Storyline
course with Steve Bell on Monday 1st October. They were
accompanied by three representatives from the business
community of their home area. The school is particularly
engaged in preparing students for careers in the engineering
and technical fields and are interested to know if Storyline
can be adapted as an approach that would fit effectively
into their system. This would be another 'first' since
I am unaware of Storyline being used elsewhere in a
technical high school like this. I look forward with
great interest to see what may develop.
Kjelde: Steve Bell si heimeside.
|
|
Vi har ikkje oppfatta Storyline som eit endeleg konsept, men
som eit utgangspunkt for ei stadig pågåande utvikling
når det gjeld læringsmetodar og læringsarenaer.
Bell seier sjølv at ein må tilpasse metoden til
lokale tilhøve og dei ressursane ein til ei kvar tid
rår over. I den grad vi har prøvd det, ser vi at
det har stor overføringsverdi frå eit fag til eit
anna, og frå ei studieretning til ei anna. Vi har mellom
anna nytta dette i samband med Seniordata. Deltakarane får
ut frå sine personlege føresetnader presentere
sitt bygdelag, det lokale nærings- og kulturliv gjennom
tekst og bilete, samt munnleg presentasjon. Kva
er Seniordata?
(Frå Seniordata, anno juni 2003
(03.06 og 10.06 2003), www.haram.vgs.no)
"Seniordata" starta opp 21. august 2000. Samarbeidet
med HVS starta med at ”seniordata”, med sine ca.
20 medlemmar fekk ein presentasjon av samarbeids-læring
og Storyline, og fekk innsikt i korleis elev lærar av
elev. Dei ville gjerne få til noko tilsvarande, der
dei fekk opplæring i bildebehandling og PowerPoint på
ein praktisk måte og organisert i små grupper.
Elevar frå skulen skulle stå for opplæringa.
Seniorane fekk denne opplæringa, og dei henta tema og
bildemateriale frå lokalhistoria. Denne historia er
på mange måtar unik, og dei skal ause tilbake
til elevane av denne, inn i skuledagen i ulike fag. Gjennom
presentasjonane vil dei gje sine sjølvopplevde historier
liv.
Elevar frå VKI Allmennfag som har stått
for opplæringa
|
I juni 2003 har Seniordata hatt to økter i auditoret
vårt, knytt opp mot faga geografi og historie Publikum
vart først og fremst elevar i klassen VKI AF, men fleire
klassar frå yrkesfaglege studieretningar meldte si interesse
og fikk vere med.
Frå ein presentasjon i auditoriet
|
Vi trur at dette og vil vere med på å gi identitet
til dei unge, i eit lokalt industrisamfunn som blir hevda
å vere kulturfattig. Dette er kunnskap som langt på
veg ville vere borte med denne generasjonen, men som vi her
gjennom eit digitalt medium kan vere med å ta vare på.

Styret for seniordata
- frå venstre Karl Inge Hurlen,
Olaf Rogne, Oddmund Tennøy, Sigurd Johansen
(Leiar Ivar Fjørtoft bak kameraet)
|
Dette arbeidet har spreidd seg som eld i tørt gras. Seniorane
rekrutterer stadig fleire til sitt prosjekt, dei tek seg no
av opplæringa av nye sjølve. Dei har og funne alternative
måtar å spreie resultata på (heimeside) som
alternativ til PowerPoint. Dette fordi dei har mykje tekst som
dei ønskjer å publisere i samband med bildemateriale.
Vi har forventningar til at det materialet som dei etterkvart
legg fram, er av høg kvalite
Seniordata er eitt døme på korleis skulen kan samarbeide
med lokalsamfunnet. Det er vesentleg for oss at skulen har ein
naturleg plass i folk sitt medvit. Skulen vert dermed ein aktiv
bidragsytar til å gi mellom anna ungdom forståing
for lokalsamfunnet si historie og for sine kulturelle røter.
Heimesida
Heimesida er kanskje den viktigaste spreiingskanalen skulen
har. Vår erfaring er at foreldre og besteforeldre følgjer
godt med på kva elevane er opptekne av og kva skulen legg
ut på nett. Vi har lukkast i å bygge opp vår
eiga heimeside, og greidd å halde den dynamisk over tid.
4 Prosjektslutt/resultat
For kvart år har skulen utarbeidd rapportar knytt til
dei ulike fagområda når det gjeld framdrifta av
PILOT. Når vi ser desse i samanhang, er det tydeleg at
skulen har gjennomgått ei tydeleg utvikling når
det gjeld organisering, haldningar både i lærarkollegiet
og mellom elevar og tilsette. Det same gjeld datautstyr, programvare,
nettverk og datakunnskapar. Vi hadde i utgangspunktet ein ide
om kva vi ville, og korleis vi skulle nå måla. I
ettertid ser ein at noko kunne vore gjort annleis, spesielt
i samband med kurs/etterutdanning. Både i høve
til opplevinga av kurset og den eventuelle nytteverdi kurset
skulle ha. Dette hang mellom anna saman med at vi opererte på
ukjent mark. Det låg dermed i sakens natur at det blei
ein del prøving og feiling.
Ser vi alle åra under eitt, er vi av den oppfatning at
PILOT har ført til ei vitalisering av skulen når
det gjeld form og innhald. Sjølv om prosjektet er avslutta,
vil den utviklinga den har skapt gå vidare til stadig
nye område. Det i seg sjølv gjer at vi opplever
at PILOT ved vår skule har vore vellukka. Vi har mellom
anna fått auka kompetanse når det gjeld kva utviklingsarbeid
medfører av arbeidd. Vi ser og at eleven som ressurs
har kome i fokus på ein heilt annan måte. Dette
har gjort et eleven har utvikla sine kreative talent, evne til
samarbeid og ikkje minst presentere faglege produkt og vurderingar
på ein meir heilskapleg måte. Dette kan vere ein
av grunnane til at vi ved årets munnlege eksamen hadde
dei beste resultata ved skulen historisk sett. Det at elevane
stadig forbetrar seg og sine resultat og er positive til læring,
har og gitt oss mykje goodwill i det lokale næringsliv.
Vi tør no å satse på nye studietilbod og
samarbeidsformer, der er erfaringane frå PILOT er heilt
grunnleggjande. Dette vil konkret for vår del seie at
vi i samarbeid med det lokale næringslivet opprettar eit
internasjonalt studietilbod (IBD) og eit Innovasjonsstudio som
og vil auke samhandlinga mellom skulen og næringslivet.
I tillegg er vi inne i eit nytt samarbeid med Haram kommune
(HØYKOM) som vil auke fart for Internett frå 2
til 10 mb, som igjen gir nye utviklingsmoglegheiter. Dette vil
gi oss moglegheit for å teste ut fjernundervisning, videokonferansar,
lyd og film som pedagogiske verkty.
Vi er ein skule ”i rørsle”.
Vi tek sikte å vere ein skule med høg kompetanse
på mange felt og skulen har mange satsingsområde.
Ein metode for å bygge opp og vedlikehalde spisskompetanse,
er å la lærarane få spesialisere seg innanfor
prioriterte satsingsområde. Desse kjem skulen og elevane
til gode gjennom tverrfagleg samarbeid og læraren som
ressurs i å rettleie elevar/kollegaer.
Spreiing
Når det gjeld spreiing viser vi til skulen si heimeside
(www.haram.vgs.no). I tillegg håper vi å få
til eit meir samla og dynamisk Pedagogisk Forum
på skulen, utanom dei tradisjonelle fagseksjonane. Vi
håper spesielt å vidareutvikle læringsstrategiar,
læringsstilar og pedagogiske metodar.
Vi har prøvd ut Trinnteam, men vil tilpasse
dette til den nye pedagogiske situasjonen vi står overfor
i samband med nye studietilbod og ny organisering av timeplanen,
der det mellom anna vert innført studietid for alle elevar
på skulen.
Den kompetansen vi har oppnådd gjennom dei ulike satsingsområda
i PILOT-perioden (sjå tidlegare
i rapporten), der konkrete lærarar har fått
eit bestemt ansvar, ser vi for oss å formalisere og vidareutvikle.
Denne kompetansen håper vi å kunne tilby og legge
ut på PILOT sin ressursbase i nær framtid.
Brattvåg 27.06.2003
Jan Magne Helland
koordinator PILOT |
Oddleif Tolås |
| |
referent PILOT |
Snarvegar til aktuelle tema på heimesida vår:
Storyline
Differensieringsprosjekt
(inkl. prosessbasert - og problembasert læring)
Ekskursjonsaktivteten ved skulen
EU-parlamentet, Torino
2002
Ungdomsbedrift
Seniordata
Berbare PC-ar
Samarbeid med lokalt næringsliv
|
|