Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her >> Utviklingsarbeid

Utviklingsarbeid ved Haram vidaregåande skule
Oppdatert: 30.03.10.
   

PROSJEKT EUROSHIP I, II og III

- eit samarbeid mellom Haram vidaregåande skule og Istituto Tecnico Industriale "Arturo Malignani" om utveksling av lærlingar.



Istituto Tecnico Industriale “Arturo Malignani”

Leonardo Da Vinci-programmet
Haram vidaregåande skule fekk høve til å vere med på eit Leonardo-program, med prosjektstart sommaren 2006. Prosjektet har namnet Euro Ship.

I utvekslingsperioden på 3 veker vil dei norske ungdommane vere utplasserte i ulike italienske industribedrifter i regionen Friuli i Nord-Italia. I gjenvisitten vil 12 italienske elevar/lærlingar vere utplasserte i industrien i Haram.


Vidareføring av prosjektet ...
Prosjektet vart opplevd positivt av alle aktørar, både her heime og i Italia, og vert no vidareført, det gjenstår å sjå kor langt fram i tid det vil dreie seg om...
Nye elevgrupper får dermed høve til å gjennomføre dette spennande utvekslings-programmet ved HVS.

Våren 2008 vil elevar på TAF og elektro få høve til å delta. Nytt av året er at også involverte bedrifter og faglærarar får delta på utvekslingsprogrammet. Nokre tilsette ved skulen samt representantar frå samarbeidsbedriftene våre her i Haram, deltar på dette utvida utvekslingsprogrammet. Det ser dei fram til, og som førebuing er eit kurs i grunnleggjande opplæring i italiensk starta opp på kveldstid for elevar og tilsette her ved HVS.


Verftet Fincantieri, Monfalcone

Haram vidaregåande skule

Aker Yards AS, Brattvaag

Meir informasjon, inkl. medieoppslag og reiseartiklar :
- Les meir om sjølve prosjekt "Euro Ship"

- Tjuvstart på skuleåret 06/07 -
den første utvekslingsperioden ...
- Les eleverfaringane frå utvekslinga våren 2007 ... (pdf-fil)


- Arbeidsutveksling Haram - Udine våren 2009
- Italiensk arbeidskraft til Haram våren 2009 (Artikkel frå Haramsnytt 27.03.09.)

- Vellukka opphald i Udine våren 2010
- Praksishungrige italienarar i Noreg våren 2010 (Artikkel i Haramsnytt 30.03.10.)



Bakgrunnen for Leonardo da Vinci-prosjektet er dette;

COMENIUS PROSJEKTET - "NORTH WIND, SOUTH SUN"
-eit samarbeidsprosjekt mellom Italia og Noreg


Haram vidaregåande skule har i samarbeid med Istituto Tecnico Industriale ”Arturo Malignani” i Italia, gjennomført eit språkprosjekt skuleåret 2004/2005. Ved HVS var det elevane på VKIII TAF som fikk vere med i prosjektet, som bl.a. inkluderte eit Noregsbesøk for italienarane og ein tilsvarande gjenvisitt til Italia for våre elevar.

Ei oppsummering av prosjektet er å finne på heimesida til prosjektet, der ein har samla prosjektskildring, skulepresentasjonar, bilete og diverse artiklar og rapportar. Heimesida er hovudsakleg på engelsk, men med små italienske og norske innslag. (Read about the project!)


Elles finn du meir informasjon på heimesidene til samarbeidspartnarane våre:
1) Istituto Tecnico Industriale Arturo Malignani  (Sjå under Progetti - prosjekt)

2) ENIS (i engelsk versjon)
- inkl. presentasjonar av EUROLAB2 (2006/2008), e Twinning (2005), EUROLAB (2005/2007) og "North wind/South sun" (2004/2005), som alle er prosjekt der Haram vidaregåande skule er medaktør.

Diverre er noko av denne informasjonen på italiensk, men med samandrag på engelsk.



IBD - International Business Development
Dette er eit studietilbod for elevar på allmennfagleg studieretning ved Haram vgs. Tilbodet er utvikla i nært samarbeid mellom lokalt næringsliv, Haram kommune og Haram vidaregåande skule.


Norsk IKT-forsøk (Oppstart 2001)
Våren 2001 var HVS, som ein av fire skular i Noreg, med på eit eksamensforsøk i norsk i regi av Læringssenteret. Ein av allmennfagklassane hadde begge dei skriftlege norskeksamenane sine på data denne våren. Elevane ga positive tilbakemeldingar etter forsøket.

  IKT-eksamen i norsk - kva er det?
Rapport frå IKT-forsøket i norsk i vidaregåande skule
 

Med bakgrunn i erfaringane frå eksamen våren 2001, har stadig fleire avgangsklassar ved skulen valt å gjennomføre eksamen i norsk med IKT, og våren 2004 vil alle elevane ha denne eksamensforma ved avsluttande norskeksamen.

Storyline - ein arbeidmåte som gir høve til variasjon
Skuleåret 2000/2001 starta HVS opp arbeidet med å innarbeidet den pedagogiske arbeidsmetoden STORYLINE i undervisningskvardagen. Først i samarbeid med næringslivet, og da med faget Økonomi og informasjons-behandling (på gk AØF) som utgangspunkt. Opplegget utvikla seg etterkvart til eit større tverrfagleg prosjekt der faga norsk, matematikk og naturfag og vart kopla inn. Siden har fleire av lærarane ved skulen nytta metoden i fleire fag og med svært ulike innfallsvinklar i opplegga.



Differensiering og tilrettelegging i vidaregåande opplæring (2000-2003).
Dei nasjonalt styrte prosjekta Differensiering og tilrettelegging og PILOT har vore nært knytt til kvarandre her ved skulen. Nye læringsformer, vurderings- og organiseringsformer sett i lys av prinsippet om tilpassa opplæring for alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring, lå og inkludert i målsettinga for PILOT-prosjektet som starta opp noko før differensieringsprosjektet. Fleire av delprosjekta var dermed allereie i gong ved oppstarten våren 2000.


PILOT -Prosjekt Innovasjon i Læring, Organisasjon og Teknologi

I perioden 1999-2003 var Haram vidaregåande skule med i PILOT, eit nasjonalt prosjekt som hadde aktørar i ni fylke. Prosjektet i Møre og Romsdal omfatta både grunnskule og vidaregående skule.

Møre og Romsdal fylke deltok med Romsdal vidaregåande skule og Haram vidaregåande skule i prosjektet. Molde kommune hadde med Kviltorp barneskule, Sekken skule og Bergmo ungdomsskule, Giske kommune deltok med Godøy skule og i Haram kommune var Haramsøy skule, Søvik skule, Vatne ungdomsskule, Brattvåg skule og Brattvåg ungdomsskule med.

Sluttrapport for PILOT i Møre og Romsdal (pdf-fil)





Hovudsida