Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

HVS - PILOT
Du er her: PILOT>>PILOT ved HVS 2001-2002
 


PILOT 2001/2002
(Oppdatert september - 02)

Vi hadde i utgangspunktet sett for oss ein del satsingsområde for PILOT i kommande skuleår, der vi har prøvd åfordele personar innafor dei ulike satsingsområda.

Desse personane skulle ha eit spesielt fokus og ansvar for følgjande områda innanfor PILOT. Det blir sannsynlegvis aktuelt åtrekke inn fleire personar, alt etter kva dei ulike prosjekta krev av ressurspersonar, og etter kvart som satsingsområda brer om seg:

· Samarbeidslæring (Oddleif Tolås, Jan Magne Helland) Dette er eit vidt og omfattande felt, og inngår på ulike måtar i fleire fag og samanhenger. Vi ser likevel for oss to konkrete opplegg i forhold til emnet, der det eine er eit "kurs" for 1.klassingane i samarbeidslæring (gruppeprosessar og eigen rolle i slike prosessar), det andre området går ut på at eldre elevar lærar opp yngre elevar i bruk av ulike dataverktøy t.d. PowerPoint.

· Storyline (Jan Magne Helland, Ingunn Hellevik) Dette er ein opplæringsmetode vi vil prøve ut og vidareutvikle for fleire fag og klassar. Gruppa vil difor bli utvida etter kvart som fleire blir trekt inn i arbeidet. Forskarar frå Volda er kopla inn på dette opplegget.

· Internasjonalisering (Ivar Roald, Håvard Garshol, Jan Magne Helland, Hilde Aasgaarden) Skulen er alt i gang med ein del internasjonale tiltak. Vi har ekskursjonar for elevane, ulike studieturar i samband med utvida læringsarena og nye læringsmetodar. Vi er i ferd med å bygge internasjonale alliansar som er lokalt forankra (Rolls-Royce og Aker Yards).

Les meir om dette under:
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
Europeisk ungdomsparlament i Torino 2002

I tillegg har vi IKT, som og gir nye rom for ein utvida læringsarena. Denne gruppa har ansvaret for åsamordne, vidareutvikle og legge til rette for internasjonalisering ved skulen.

· Skulen sin web (Torleiv Austnes, Hilde Aasgaarden, og Jan Magne Helland, Ivar Roald og Håvard Garshol). Denne gruppa blei oppretta for to år sidan, og har som oppgåve å planlegge og opprette ei informativ heimeside for skulen, samt legge ein strategi for korleis vi skal og kan presentere oss i det komande året.
Torleiv Austnes og Hilde Aasgaarden står for vedlikehald av Web-en.

· Learning Village (Torleiv Austnes, Sindre Vik, Jan Magne Helland) Dette er eit verktøy som vi vil ta i bruk på brei basis her ved skulen i inneverande skuleår. Det vert mellom anna gjennomført kursing i verktøyet for det pedagogiske personellet og kontorpersonell hausten 2001.

· Bruk av IKT på yrkesfaglege studieretningar (Torbjørn Volstad, Trond Gangstø og Eldar Korsnes) Innanfor yrkesfaglege studieretningar er mykje av den praksisorienterte opplæringa lagt opp som prosjektarbeid eller prosessbasert opplæring. Dette kan sannsynlegvis vidareutviklast, nye metodar takast i bruk, der IKT og har ein sentral plass i mange av faga. Kan allmennfaga verte meir yrkesretta og i tilfelle korleis? Korleis kan yrkesfaga profilere seg på t.d. yrkesmessa?

· Nettundervisning (Samfunnsfag) (Jan Ove Stene, Oddleif Tolås) Dette er eit fellesprosjekt som Haram vidaregåande skule har i samarbeid med Stranda, der kontakten mellom dei to skulane primært vil gå føre seg v.h.a. IKT. · Seniordata (Oddleif Tolås, Eldar Korsnes) Per Atle Ulvestad og Jan Magne Helland. Elevane lærer seniorane åbruke dataverktøy, som igjen innhentar materiale, tilrettelegg, arkiverar og presenterer dette for elevane i opplæringssamanhengar. IKT vil verte eit sentralt verktøy i arbeidet. Forskarar frå Volda vil følgje dette opplegget. Opplæringa startar opp måndag 29. oktober kl 1800.

· Robo-lab (Arne Vågnes, Torbjørn Volstad, Bjørn Austnes, Solveig Hersvik, Hilde Aasgaarden, Terje Pettersen) Dette er eit verktøy som kan nyttast i ulike realfag, der simulering kan gi nye måtar å lære på. Verktøyet har vore brukt i grunnskulen og på høgskulenivå. Det blir prøvd ut og vurdert kor vidt dette kan vere noko for oss her ved skulen.

· Eksamensforsøk (Jøstein Taftø, Ingunn Hellevik, Jan Magne Helland) Vi har fått frist til 1.oktober, med å skissere i kva fag . Det må skaffast eit oversyn over kva for fag som er aktuelle for forsøk før denne datoen (norsk, engelsk, yrkesfag, økn./info. ?……).

· Breiband vert etterlyst som hastesak. Etter fylkesavtalen vi har inngått skulle vi ha fått levert 2mb Internett-tilgang denne veka. Grunna konkursen i Enitel, vert det hevda at den garanterte leveringstida vert forskyve med ei veke. Vi burde etter dette ha den nye tilkoblinga på plass veka etter haustferien (veke 42).

· Ønskje om klassesett med berbare PC-ar Dette ønskje er grunngitt i større fleksibilitet og lettare tilgjenge til data for elevane.
Utlånsordning for berbare PC-ar (klassesett) starta hausten 2002.


Oppsummering ved prosjektslutt
24.06.03
Det vil bli høve til å lese meir om korleis det har gått i sluttrapporten frå HVS i PILOT som kjem i løpet av august/september.



 

PILOT ved HVS 2001-2002
Seniordata
Samarbeidslæring


Linkar
PILOT nasjonalt
PILOT Møre og Romsdal