Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

HVS - PILOT
Du er her: PILOT>>Samarbeidslæring
 


SAMARBEIDSLÆRING

Elevane arbeider svært mykje i grupper. Dette gjeld både når vi nyttar Storyline som metode, eller når vi driv med IKT- forsøk i norsk. Elevaktiviteten er både prosess- og produktorientert. Siktemålet er å auke kvaliteten på samarbeidet i og mellom klassar. Vi ønskjer å gjere elevane medvitne om si eiga og andre sine roller i ein gruppeprosess. Det er ikkje nok å appellere til elevane si velvilje og positive haldningar. Vi må i tillegg gje dei ein metode til å få større sjølvinnsikt og betre forståing av sine medelevar.

Metode
Vi har tatt utgangspunkt i Team Management System (TMS av Margerison- McCann) som vi har tilpassa til vårt nivå og formål. Vi har sterk tru på denne metoden fordi vi har oppnådd positive og konkrete resultat i undervisninga. Det verkar som om elevane får meir sjølvtillit og samstundes vert meir tolerante overfor sine medelevar. Dei vert meir medvitne om at dei er ulike og at denne ulikskapen er ein positiv ressurs som ein har fordel av i samarbeidet

Grunnpilarane i samarbeidslæringa
Dei sentrale elementa vi byggjer på er kommunikasjon, identitet og haldningar. Dette er grunnlaget for å få til eit fruktbart samarbeid. Det er stor skilnad på å kjenne til desse omgrepa og å vere medvitne om dei. Vi har difor utarbeidd eit eige program som elevane deltek i. Dette er eit opplegg der dei må ta stilling til sine eigne haldningar og kommunikasjon, men der dei og etter kvart oppdagar sine positive eigenskapar.

Måla i dei einskilde grunnpilarane
Når det gjeld kommunikasjon, er det sentrale målet at den einskilde vert medviten sin eigen og andre sin kommunikasjon. Eleven må sjølv ta stilling til det ein kommuniserer og kvifor. Dette vert så vidareført til omgrepet identitet. Den einskilde skal betre forstå korleis ein oppfattar andre og kvifor andre oppfattar ein sjølv på ein bestemt måte. Dette er utgangspunktet for mange av dei haldningane som kjem til uttrykk i eit klasserom. Det neste målet er difor at elevane er medvitne om kva for haldningar dei sjølv krev av andre og andre krev av dei. Konklusjonen på dette er så grunnlaget for eit fruktbart samarbeid. Det viktigaste er at ein samarbeider med andre ut frå den ein eigentleg er og ikkje ut frå den ein trur ein må vere. Elevane oppdagar etter kvart at dei har nytta mykje energi på sosialt rollespel. Etter kvart vert elevane tryggare på seg sjølv og andre. Dette er då utgangspunktet for å få til eit naturleg og effektivt samarbeid.

Gjennomføring
Det tek 4 - 5 skuletimar å gjennomføre det konkrete opplegget som vi presenterer som eit Power Point program. Elevane får utdelt notatsider og må heile tida ta stilling til seg sjølve ut frå det som vert gjennomgått. Etter sjølve programmet, må dei einskilde lærarane vidareføre arbeidet i det daglege arbeidet og i ulike fag.


 

PILOT ved HVS 2001-2002
Seniordata
Samarbeidslæring


Linkar
PILOT nasjonalt
PILOT Møre og Romsdal