Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

HVS - PILOT
Du er her: PILOT
 


Skulen i lokalsamfunnet

Seniordata, anno 2003

Bilete er frå introduksjonen av "Seniordata" og produktet deira for elevar ved HVS, 3. juni 2003.

Seniordata
Dette er ein snøball som starta noko tilfeldig, men som har ein dynamikk i seg, og eit potensiale, til å føre fram til noko særs bra.


Kåre Sønderland, ein av dei 19 medlemman
i Seniordata, i arbeid ein ettermiddag på HVS.


Seniordata, anno 2003
Seniordata er allereie godt i gang etter initiativ frå dei eldre sjølv. Skulen ønskjer å få til eit naturleg og nært samarbeid med lokalsamfunnet. Dei eldre representerer sentrale og viktige kunnskapar som vi kan nytte i undervisninga på ulike måtar og som kan integrerast i faga på ein naturleg måte. I tillegg til dei reint faglege kunnskapane som elevane får, er dette og ein måte å gje dei ein lokal identitet. Dei får faste haldepunkt som gjev dei røter å vokse på.

Kven er deltakarane?
Seniordata Fritid er namnet på gruppa som har 19 medlemar i alderen 60- til 80 år. Gruppa vart starta 21. august 2000 med Ivar Fjørtoft som leiar. Deltakarane er samfunnsengasjerte, og dei lærer kvarandre å bruke data.

Kort om konseptet og ideen.
Dei eldre skal vere aktive bidragsytarar og produsentar.
Ein skal freiste å presentere flest moglege sider ved Haram kommune. Ein skal nytte dei eldre sine eigenskapar og personlege erfaringar Skulen skal stille sine ressursar til disposisjon for å samordne og systematisere arbeidet saman med dei eldre. Våre beste og viktigaste ressursar er elevane. Dei hjelper til i oppstarten slik at deltakarane får lære seg program som til dømes Power Point.

Ein tenkjer seg prosjektet gjennomført i fire fasar:
1. Kartlegging og innsamling av kunnskap og kjelder
2. Systematisering av kjeldene
3. Tilrettelegging av kjeldene (data)
4. Presentasjon av produkta.

Dette produktet vil både skulen og lokalsamfunnet dra nytte av. Samarbeidet vil vere av ein naturleg karakter. Dette vert så ein prosess som kan gå over lang tid. Dei eldre kan både arbeide i grupper og enkeltvis. Det er dei eldre som er dei sentrale bidragsytarane og sikrar ettertida viktig kunnskap Samstundes vert det eit naturleg samarbeid mellom ulike generasjonar

Ulike emneområde Seniordata fokuserar på:
- Skular
- Bedrifter
- Fiskeri og landbruk
- Kommunepolitikk
- Kommunealbumet
- Framvoksteren av bygder og tettstader

Samarbeidet i praksis
Seniorane har sjølve full kontroll på fase 1) kartlegging og innsamling og fase 2) systematisering. Elevar frå HVS har vore inne og bidratt med IKT-kompetanse undervegs (fase 3), og no (våren 2003) er produktet kome så langt at det var høveleg å leggje til rette for ein presentasjon:



 

PILOT ved HVS 2001-2002
Seniordata
Samarbeidslæring


Linkar
PILOT nasjonalt
PILOT Møre og Romsdal