| |
INTERNASJONAL VEKE - OD
Etter at vi var i Glasgow og møtte Steve Bell,
har vi prøvd å overføre dette til eigen
skule. I samband med Internasjonal Veke og tema som
er knytt opp mot OD, har vi gjennomført eit
metodisk nærast identisk opplegg, som det vi
gjennomførte i Glasgow. Dette gjekk over 3
veker der 2 grunnkursklasser allmenne fag var med.
Storyline blei kopla mot faga norsk, økonomi
og informasjonsbehandling, engelsk og naturfag.
Elevane synest dette var kjekt, og at dei har lært
mykje om OD-prosjektet, samtidig som dei lærte
mykje IKT.
Grunnkurselevane fekk sjølve opplæringa
i bildebehandling og presentasjonsverktøy av
3. klassingane.
|
|