Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

Storyline
Du er her: Storyline>> Samarbeid med lokalt næringsliv
 
STORYLINE I SAMARBEID MED LOKALT NÆRINGSLIV

JMH 4/02

Vi har arbeidd med eit opplegg i Storyline i skuleåret 2000/2001 der næringslivet og nærområdet har fungert som utvida læringsarena. Elevane laga sin eigen familie eller enkeltpersonar, som deretter fekk ulike utfordringar ut frå dagleglivet. Eksempel på dette kunne vere at hovudpersonen eller ein familiemedlem mista jobben, måtte skaffe seg ny jobb, blei sjuk eller varig skada. I dei tilfella der elevane hadde valt roller som framstilte personar i ein negativ sosial situasjon, la vi inn element som gav storyen ein positiv utgang.

I tillegg til bedriftene brukte vi også banker og offentlege kontorer (arbeidskontor, trygdekontor og kommunale tilsette) som ressurser. Desse gav tilbakemelding om at dette ikkje gav dei spesielt ekstraarbeid. Dei tok imot dei fiktive personane som ordinære kundar/klientar. Nokre av dei fiktive personane blei rett nok definert som krevjande kundar/klientar. Tema for dei ulike storyen var forankra i læreplanane i faget Økonomi og informasjonsbehandling, og norsk. IKT var eit gjennomgåande verkty.

Etter at elevane hadde fått den grunnlærande opplæringa både i Storyline metoden og i IKT, fekk dei prøve seg som konsulentbyrå og rådgjevarar i bedriftene. Dette opplegget var svært fagleg krevjande, men dei fleste gruppene kom i frå oppdraga på ein mesterleg måte.

Ein del elevar blei og trekt ut til alternativ eksamen, der eksamensforma var lagt nært opp til arbeidsmåtane gjennom året. Elevane leverte etter 54 timar inn eit skriftleg arbeid, som dei seinare forsvarte i plenum. I tillegg blei det lagt opp til ein gruppesamtale, der elevane blei vurdert individuelt.

Hovudkonklusjonen frå dei som var involverte i eksamensforsøket, var at dette var vellukka.

Tilbake til STORYLINE


 
~Internasjonal veke - OD 2001
~Næringslivet som utvida læringsarena
~Storyline i sam-arbeid med lokalt næringsliv
Storyline linkar
~Steve Bell sine heimesider