Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

Storyline
Du er her: Storyline>>Næringslivert som utvida læringsarena
 


JMH 4/02

NÆROMRÅDE/NÆRINGSLIV SOM UTVIDA LÆRINGSARENA



"Storyline" er ein opplæringsmetode der læringsprosessen vert sett inn i ein realistisk samanheng (Renell 1989). Dette er ein viktig del av metoden. Forteljinga skal sørgje for at kunnskapar og dugleik blir sette inn i ein samanheng som elevane opplever som meiningsfull. Den har som mål at elevane skal lære gjennom ei forteljing. Elevane kan då få ein meir motiverande måte å lære på, som kan gje større innsikt og utfordringar enn det tradisjonell undervisning ville gje. "Storyline" er ein metode som er nytta ein del både i grunnskulen og på høgskulenivå. Det er ikkje kjent at denne metoden er nytta i vidaregåande skule.

Elevgruppa er på 45 (2001) elevar (2 klassar grunnkurs allmenne fag). Vi vil dele desse inn i grupper på primært 3 - 4 elevar (12 - 15 grupper). Gjennom "storyen" får desse tildelt roller som arbeidssøkjarar med ei gitt utdanning, kundar i bank, forsikring, likningskontor, arbeidskontor eller som kundar på ulikt vis hos Haram kommune. Vi ser for oss at elevane vil vere ute og gjere feltarbeidet i nokre timar i veke 45 og 46 (6. - 17. november). Vi ønskjer kontaktpersonar med Internett-adresser til dei ulike bedrifter og offentlege kontor som vi etterkvart vil ta nærare kontakt med. Kva for bedrifter eller offentlege kontor vi kjem til å kontakte, kjem mykje an på gangen i dei ulike "storyane". Før, i og etter feltarbeidet er det ønskjeleg at mykje av kommunikasjonen foregår på nettet.

Det er viktig at elevane som kjem, blir mottekne i den rolla dei har fått tildelt, som kunde, arbeidssøkjar, eller ein som blir omplassert, permittert eller sagt opp. Når det er snakk om løn eller liknande forhold som bedriftene ikkje ønskjer å gå ut med, er det heilt greitt å bruke bransjetal, eventuelt legge inn moment i "storyen", der ein finn dette nødvendig (NB! Dersom det blir lagt inn dramatiske moment i ein "story", bør dette avklarast med faglærarane først. Då dette kan punktere resten av løpet).

 

Gjennom ein "story" får elevane seg arbeid. Dei få rekne på løna og skatten sin, eller oppleve å få mindre inntekt i kortare eller lengre periodar. Dette gjer at dei må justere forbruket etter inntektene sine, kanskje og måtte ta turen innom både arbeidskontor og bank. Vi trur elevane vil få eit større læringsutbytte, når teori og praksis vert kopla saman på denne måten. Alternativet ville vere ein teoretisk gjennomgang av stoffet. Metoden vil og gi godt høve til å differensiere. Gjennom innspela i "storyen" kan ein justere dei faglege utfordringane. Vi vil og legge stor vekt på at elevane skal produsere noko sjølve, gjerne gjennom presentasjonar som dei kan leggje fram for andre, og på den måten lære av kvarandre.

I 2. termin ser vi for oss eit liknande opplegg, men ser det som ønskjeleg at andre fag og vert trekte inn. Tema i faget økonomi og informasjonsbehandling er då bedrift, samfunn og internasjonalisering. Vi ser då for oss at vi får til eit tverrfagleg samarbeid, der både fag som engelsk, naturfag, norsk, matematikk og eventuelt tysk og fransk kan koplast inn. Feltarbeidet vil då primært foregå i 2 veker i perioden mars/april.





Vi håper at di bedrift eller ditt offentlege kontor er villig til å ta imot oss som "kundar" eller "tilsett". Prosjektet inngår i eit internasjonalt forskingsprosjekt (SITES M2 jfr. vedlegg) som vert leia av Stanford Universitet i USA, der den norske delen er finansiert av KUF. Forskarteamet som følgjer dei ulike opplegga, er frå Universitetet i Oslo.

 
~Internasjonal veke - OD 2001
~Næringslivet som utvida læringsarena
~Storyline i sam-arbeid med lokalt næringsliv
Storyline linkar
~Steve Bell sine heimesider