Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Du er her: HVS - YSK, tidlegare kalla "Tekniske og Allmenne Fag" > Informasjon



YSK ved Haram vidaregåande skule


Yrkes- og studiekompetanse 4-årig løp (tidl. TAF)

Haram vidaregåande skule tilbyr to løp innan YSK; - Teknikk og industriell produksjon og Elektro. Begge utdanningsløpa
går over 4 år, med ein kombinasjon av yrkesfag, fag frå studieførebuande utdanningsprogram og prakstisk opplæring i bedrift.


Oppdatert 13.12.11.


Organisering av opplæringa
Opplæringa har ein praktisk og ein teoretisk del, der praksis blir gitt i verksemder og teoriundervisninga på skulen. Etter endt 4-årig vidaregåande opplæring får elevane både yrkeskompetanse (fagbrev) og spesiell studiekompetanse,
retta mot t.d. ingeniørutdanning på teknisk høgskule
.

Teoridel
Fellesfag og felles programfag frå studiespesialisering innan studieførebuande utdanningsprogram. Den teoretiske utdanninga har fordjuping i dei felles programfaga matematikk og fysikk. I tillegg kjem yrkesteori frå dei yrkesfaglege utdanningsprogramma Teknikk og industriell produksjon eller Elektrofag.

Praksis i bedrift
I dei 3 første skuleåra er elevane 3 dagar pr. veke på skulen og utplasserte i verksemder 2 dagar pr. veke. Fjerde, og siste, år er det 2 dagar pr. veke på skulen og 3 dagar pr. veke i verksemder.

Ved utplassering dei 2 første åra, blir elevane følgde opp av lærarar frå skulen. Elevane må og arbeide som lærlingar i minimum 4 veker ved praksisverksemdene i sommarferien, slik at dei oppfyller kravet om praksistid, og dermed får gå opp til fagbrev etter 4. året. (Vi gjer merksam på at det er ulike krav til læretid avhengig av fagområde. Elektro krev lengre læretid enn t.d. fagområde innan Teknikk og industriell produksjon. For meir info om slike detaljar, ta kontakt med skulen).

Skulen har intensjonsavtalar med verksemder i Haram, Giske, Vestnes, Midsund og Skodje. Det blir tatt omsyn til at praksisverksemda ligg så nært som råd heim eller skule.


Betaling til elevane/lærlingane

Under opplæringa får elevane/lærlingane betaling som for lærlingar. Dei 2 første åra kan dei få lærlinglønn for 2 dagar pr. veke. Dette er det verksemdene som avgjer.

Dei 2 siste åra blir det gitt full lærlinglønn for 5 dagar pr. veke.
Betalinga for dei 2 siste åra er bygd opp slik:
Første halvår: 30 % av fagarbeidarlønn
Andre halvår: 40 % av fagarbeidarlønn
Tredje halvår: 50 % av fagarbeidarlønn
Fjerde halvår: 80 % av fagarbeidarlønn

Elevar kan tene inntil kr 3 260 pr. mnd før det får innverknad på lån/stipend frå Statens Lånekasse. Inntekt i sommarferien blir ikkje irekna dette beløpet.


Korleis søkje?
Du søkjer til første året på Vg1, som ordinært via www.vigo.no. Tilbodet er markert som eit 4-årig løp*. Det er krav om minimum karakter 4 i matematikk og naturfag frå grunnskolen for å vere kvalifisert til dette utdanningsløpet i vidaregåande skule. Tilboda har eigne namn for søking på Internett
*Dersom du fyller krava til inntak, vil skolen automatisk flytte deg opp til neste trinn.

NB!
- Dersom du set opp eit av desse tilboda som ditt 1. ønske på søknaden på vigo.no, må du fylle ut eit eige vedleggsskjema i tillegg.
Vedlegg skjema finn du på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune:
- Søknad til skule- og læreplass ...


Meir info om Yrkes- og studiekompetanse 4-årig løp (YSK) på www.vilbli.no:
- www.vilbli.no - Informasjon om YSK




Tidlegare oppslag:

Artiklar om studieretninga TAF:

Nasjonal TAF-konferanse i Møre og Romsdal

Foto: Zspor
Haram vidaregåande skule arrangerer nasjonal dags-konferanse for tekniske og allmenne fag (TAF) torsdag 27. november 2008. Denne konferansen er for alle som har erfaringar med, ønskjer å starte opp, har interesse av eller vil vite meir om TAF-ordninga. Ordninga har eksistert i meir enn 16 år, og har blitt godt mottatt både av elevar, skule og næringsliv.
Les meir ...


- CERN -

- Marin teknisk senter -

- Stø kurs mot CERN for 4TAF (Februar 2008)
- X-fag = nye, spennande utfordringar (Skuleåret 07/08)
- Prosjekt Euroship I og II (Skuleåret 06/07)


- TAF, grk 05/06 -

- TAF, grk 04/05 -

- Ladies in aktion (Februar 2006)
- Susanne styrer store maskiner (
Haramsnytt, 24. august 2005)
-
Vil sikre TAF tilbodet (Haramsnytt, 24. august 2005)

- Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
- COMENIUS PROSJEKTET - "NORDAVIND / SYNNASOL"
- 1TAF tar ikkje ferie: Sveisekurs (Februar 2005)

- TAF-tilbod i Noreg


Hovudsida