Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






 



Yrkesmessa 2002 vel i hamn!


Bilde frå messa
Bilde frå utstillarane

Yrkesmessa 2002 er over, og Haram vidaregåande skule håper at messa har gjeve ungdomsskuleelevar i Haram, Midsund og Sandøy lyst til å søkje på tilboda her ved skulen.

Yrkesmessa har som mål å syne det mangfaldet av arbeid og utdanningsvegar som finst i Haram, Sandøy og Midsund, og utan hjelp frå kommunane og dei ulike bedriftene hadde dette vore vanskeleg.

Ungdomsskuleelevane fekk omvising av dyktige guidar frå Haram vidaregåande skule, og dei var innom åtte ulike utstillarar. Utstillarane hadde eit kvarter på å orientere elevane som vitja standen deira, og dei fleste hadde med seg lærlingar som kunne greie ut om sitt eige utdanningsval. Etter ei runde med orientering fekk elevane prøve maten i vår framifrå kantine - og vi veit at det gav meirsmak!

I tillegg til omvisinga fekk elevane ei grundig orientering om skulen sin pedagogiske plattform. Inspektør I, Jan Magne Helland, gjorde greie for teoriane bak desse arbeidsmåtane, og Haram vidaregåande skule sine eigne elevar viste dette i praksis.

Etter at omvisinga var slutt, fekk alle elevane vere med på ein konkurranse der dei vitja fire nye utstillarar, og på denne måten fekk dei svar på spørsmål som var relaterte til bedrifter eller ulike utdanningsvegar. Resultatet frå denne konkurransen vil kome på heimesida vår neste veke.

Torsdagskvelden var messa open for publikum. Spesielt inviterte var 9. klassingar og føresette. I tillegg til å gå rundt å vitje dei ulike utstillarane, fekk dei frammøtte høyre på elevar frå Haram vidaregåande skule og partnerskapselevar frå Brattvåg ungdomsskule.

Både våre eigne elevar og elevane frå Brattvåg ungdomsskule imponerte med gode presentasjonar og sikker framføring. Det er tydeleg at elevane har fått øvd seg i å stå fram for eit publikum, og at dei i tillegg har den faglege kunnskapen som skal til for å gjennomføre ein god presentasjon.

Elevane frå Haram vidaregåande skule presenterte ulike prosjekt og synte arbeidsmåtar med utgangspunkt i tankane bak Storyline og Pilot, medan elevane frå Brattvåg ungdomsskule presenterte samarbeidet dei har til bedrifter i Haram kommune.

Det er mange som er involverte rundt å avvikle ei yrkesmesse, og skulen skulle ønske at fleire tok seg tid til å vitje dei ulike utstillarane den tida messa var open torsdagskvelden. Det ligg mykje arbeid og prioriteringar bak både frå skule og næringsliv, og det er god plass til alle som vil møtast for å orientere seg eller treffe andre.

Haram vidaregåande skule ønskjer å takke alle bedrifter, ungdomsskular, lærarar, eigne elevar og andre samarbeidspartar som har vore med på å få messa i stand. Vi ønskje alle elevar eit godt skuleval og ønskjer alle vel møtt til neste år!

 

Deltakarane var:

*Brattvåg Elektro AS
*Aetat Brattvåg
*Haram lensmannskontor
*MøreNot AS
*FONS
*Aker Brattvaag AS
*Haram Elektro AS
*Rolls-Royce Marine AS
*Nogva Motorfabrik AS
*I. P. Huse AS
*Johansen Maritime AS
*Haram kommune
*Sandøy kommune
*Midsund kommune
*Stokke Gruppen AS
*Opplæringskontoret i Haram
*Haram samråd