Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her >>
Aktivitetsdagar
Oppdatert 01.07.10.
Skuleåret 2010/2011
Vi gjer oss klare til nye aktivitetar og utfluktar
i regi HVS - er du klar?
Skuleåret 2009/2010
Aktivitetsdag 17.juni - trim før skuleslutt
Program
for dagen
| 0800 - 1100 |
Volleyballturnering i Brattvåghallen |
| 1100 - 1130 |
Lunsj (kantina held ope) |
| 1130 - 1430 |
Fotballturnering på kunstgrasbana
Etter lunsj vert det og arrangert
aktivitetsløype, med start ved klubbhuset
og løype rundt Synnalandsvatnet.
|
|
|
Flott innsats både i hallen og på bana! Veret sette
riktig nok ein stoppar for aktivitetsløypa, men for spelarane
elles verka ikkje veret nemneverdig inn.
JENTEBØLGEN i Ålesund - vi var der!
10.06.10.
For første gong stilte
ein kvinneleg kollega-gjeng i samla tropp under JENTEBØLGEN
i Ålesund.
Det skapte "liv og røre" i denne delen
av kollegiet i fleire veker i forvegen, med planlegging
og organisering. Det at ein skulle stille i lag med kollegaer
frå andre vidaregåande skular (Sykkylven-
og Ørskog vgs.), verka positivt inn på engasjementet.
I flokken frå HVS var alle interne yrkesgrupper
representerte.
Torsdag 10. juni var ein dag mange såg fram til!
Og arrangementet sto til forventingane - dette vert første,
og langt frå siste, gong HVS sine kvinnelege tilsette
stiller. - Vi gler oss til neste vår!
, stråler damene på HVS, som vart fotograferte
- bare sjå her
|

Kjelde: www.smp.no
Jentebølgjen i Ålesund
- alt for damene -
|
Basketball-turnering pågår ...
Veke 9 - 15, våren 2010
Sidan oppstarten 3. mars har
åtte lag vore i aktivitet i basketball-turneringa til
HVS i Brattvåghallen. Kvar onsdag i 5.-6. time har nye
lag kasta seg ut i det, i håp om å vinne heidar
og ære.
Og nokon ligg framleis godt an - onsdag 7. april går semifinalane,
og så vert det klart kven som kjempar i finalen onsdagen
etter. Følg med!
Onsdag 7. april er det tid
for semifinalar!
Kl.1130 1TTTIP/EL - 1ST3
Kl.1230 2ST - 2PIN
Onsdag 14. april vert det heile avgjort:
Kl.1130 Bronsefinale
Kl.1205 FINALE |
|
Basketball-turneringa er avslutta!
Onsdag 14. april skulle
det vore full innsats i gymsalen - men heildagsprøver
i framandspråk stoppa finalen.
Men i dag, onsdag 21.april, vart resultatet klart, etter
at 2ST slo 1TT-EL 23-21 i finalen. Vi gratulerer vinnarane!
1. plass: 2ST
2. plass: 1TT-EL
3. plass: 2PIN |
FINALE
21.04.10. |
Måndag 21. desember - Aktivitetsdag
Kl.0805 Oppmøte i basisgruppene med kontaktlærar
Kl.0815 Frisbee-turneringa startar (sjå
kampoppsett)
Kl.1300 Vi avsluttar dagen etter finalekampen ... |
|
Meisterskap i volleyball for vgs 2009
19.11.09.
Meisterskapen i volleyball for
VGS vart arrangert i Fagerli-hallen torsdag 19. november.
Haram vgs. stilte med eit gutelag i år.
- Innsatsen var god, men i år hadde vi ikkje
marginane på vår side, smilte kroppsøvingslærar
Ravnestad.
- Men det er artig å vere med. |
|
Skuleåret 2008/2009
Aktivitetsdag før ferien - bli med!
22.06.09.
Klokka 0800 er det oppmøte i gymsalen
(gjeld alle elevar).
Program med kampoppsett står oppslått nede
i gymsalen.
Det vert først gjennomført ei volleyballturnering
inne i hallen, deretter vert det køyrd fotballturnering
ute på kunstgressbana.
Lukke til! |
|
Basketballturnering i studietida
Oppstart onsdag 22.04.09.
Det blir for tida arrangert
turnering i basketball onsdagar i studietida ved HVS.
Kvar basisgruppe/klasse har hatt høve til å
melde på lag, og ein gjennomfører no to kampar
kvar onsdag, med kampstart kl 11.30 og neste kl. 12:05.
Kampoppsett finn du som oppslag i korridorane på
skulen.
Første kampdag er onsdag 22. april, så no
begynner det å hardne i konkurranselivet ...
Lukke til med ein aktiv skulekvardag! |
|
-
Baskettballturnering pågår - |
Velkomen til skidag i regi HVS!
17.03.09.
Tysdag 17. mars står
bussane klare til avreise kl.0830. Sjekk info-oppslaga,
og møt opp i god tid før!
Reisemålet er Arena
Overøye i Stordalen, og vi håper alle
som er med, både elevar og lærarar, kler seg
godt og nyter norsk natur og snøen sine mange moglegheiter.
- Kos deg, anten du vel langrennskia, slalom-bakken
sine utfordringer, akebakken sine overraskingar eller
berre slapper av i frisk luft i sol(?)veggen.
Det er oppmodinga frå kroppsøvings-seksjonen. |
|
Ha ein god
og aktiv skidag!
|
Flott innsats i NM i volleyball - MVGS 2009
Publisert 26.01.09.
Landsfinale i volleyball for
vidaregåande skular vart arrangert i Steinkjer 23-25.
januar.
Stod Volley var teknisk arrangør. Dei
siste seks åra har det vore Førde som har
arrangert denne mesterskapen, men i år hadde stafettpinnen
altså gått vidare til Stod Volley.
Heile 58 lag var klare for NM denne helga, og HVS var
representert ved gutelaget sitt. Dei gjorde ein heiderleg
innsats, og kjempa seg vegen fram til kvartfinalane på
søndag. Vi er verkeleg stolte av 6. plassen deira!
Sjekk linkane under :-)
Linkar: Videosnuttar
frå meiserskapen - Haram er med!
Resultatlister
|
|
Klasse G - Gutter
Resultatliste
1. WANG Toppidrett
2. Sunnfjord FHS
3. Øystese gymnas
4. Grenland FHS
5. Indre Troms VGS avd Sjøvegan
6. Haram
vgs
7. Volda VGS
8. Sortland vgs
9. Åmli VGS
10. St Svithun vgs
11. Skedsmo vgs
12. Grong VGS
13. Rælingen vgs
14. Drammen vgs
15. Inderøy VGS
16. Rjukan vgs
17. Byåsen vgs |
KM i volleyball for vidaregåande skular, Møre og
Romsdal
Publisert 20.11.08
Torsdag 20. november vart
den årlege Fylkesmeistar-skapen i volleyball for
vidaregåande skuler i Møre og Romsdal arrangert
i Fagerlihallen.
HVS stilte med eit gutelag og eit jentelag. Med seg hadde
dei lærarane Stein Ravnestad og Arvid Jenssen.
Vi ønska dei lukke til, og heim kom dei med ein
2. plass til gutelaget og ein 3. plass til jentelaget.
Vi gratulerer!!! |
Illustrasjonsfoto |
Fjelldag på sparket!
09.09.08.
Erfaring gjer klok - og vår
erfaring er at veret kan ingen råde med ...
Så i år kom beskjeden kjapt, og tildels overraskande
på dei fleste. - Fjelldagen er rett om hjørnet,
allereie i morgon, tysdag 9. september, skal alle få
seg ein god tur i dei flotte nærområda våre!
meldte kroppsøvingsseksjonen måndag.
Og tysdag var skulen stille og oppe i fjellskrenten kunne
ein skimte ein straum av menneske i sig mot Hestevatnet
og etterkvart mot toppmålet Hildrehesten.
|

Hildrehesten
med Hestevatnet i forgrunn |
Kroppsøvingsseksjonen melder om godt oppmøte på
toppen av Hildrehesten. - Ein stor del av elevflokken
tok turen heilt opp, etter grillpausa nede ved Hestevatnet.
Blide og positive ungdommar. Blir dei og litt betre til å
rydde opp etter seg, kan vi ikkje klage på ungdommen vår.
Skuleåret 2007/2008
Aktivitetsdag før sommarferien 2008
17.06.08.
VOLLEYBALL/FOTBALL
Kl 0800 Oppmøte
Kl 0815 Start fyrste volleyballkamp i Brattvåghallen
Kl 1100 Pause
Kl 1130 Start fyrste fotballkamp på kunstgrasbana
(Vi har førebels ikkje bilete å leggje ut
frå desse to turneringane - kjem nok) |
|
Fylkesmeisterskapen
i basisdugleikar 2008
23.04.08.
På vegne av Møre
og Romsdal idrettskrets har idrettslinja ved Ulstein vidaregåande
skule på nytt arrangert fylkesmeisterskap i basisdugleik,
og tevlinga gjekk av stabelen i Ulsteinhallen onsdag 23.
april.
HVS sendte tre gutar til Ulsteinvik, og desse markerte
seg på ein framifrå måte!
Les
meir ... |
Vegard
i aksjon
i Ulsteinhallen, våren 2008
|
Skidagen 2008 vart ein suksess!
27.03.08.
Det er lenge sidan Ørskogfjellet hadde besøk
av elevane frå HVS, men i år kom vi, med 4
stappfulle bussar. Det er nok også nokre år
sidan vi hadde fullklaff med veret på ein skidag,
men i år fant vi fram til rette dagen. Flottare
ver- og føreforhold kunne vi ikkje vente å
finne nokon stad!
Les meir og sjå bilete frå dagen ...
|
Høg
aktivitet i skibakken |
Badminton-turnering i studietida - kjekt tiltak!
Publisert 06.03.08.
Ny turnering pågår
i studietida ved HVS.
Badminton eller "fluepisking", kall det kva
du vil, men kjekt er det, og spennande vert det når
ein stiller til turnering.
Kroppsøvingslærar Stein Ravnestad organiserer
det heile og kampane går tett kvar onsdag mellom
11:30 og 13:00. Mange vil vere med og innsatsen er stor.
Etterkvart har det vist seg det tar tid å gjennomføre
kvar kamp - her er det ingen som gir seg frivillig!
Sånn skal det vere.
|
|
Frisbee-turnering før jul, i år som i fjor!
17.12.07.
Frisbeear har sust i gymsalen
i fleire veker allereie - for før ei turnering
må ein trene!
Og det fine med frisbee-spel, er at dette er noko som
får dei aller fleste ut på banen. Så
blir det nok også fart og moro under denne turneringa
...
Still lag, ver heiagjeng og gje alt før vi tar
juleferie!
|
 |
Les
meir og sjå korleis det gikk under turneringa ...
Innebandy-turnering 2007
Hausten 2007
Gjennom heile hausten har basisgruppene
kjempet mot kvarandre i innebandy-turneringa, som har
vore arrangert i studietida. For kvar veke har basisgruppe
etter basisgruppe blitt slått ut. Finalen gikk onsdag
5. desember mellom elektrikarane i 1EL1 mot dei i 1EL2,
altså ein rein elektrikar finale som det gneistra
av! Det seirande laget, og skulemeistarar vart 1EL1. Vi
gratulerer! |
|
KM i volleyball for vidaregåande skular i Møre
og Romsdal.
09.11.07.
Torsdag 9. november vart Fylkesmeistarskapen for vidaregåande
skular gjennomført i Fagerliahallen. HVS stilte
også i år med både eit jente- og eit
gutelag, og begge laga gjorde det godt.
Best ut kom gutelaget, som endte på ein 3. plass.
Vi gratulerer! |
Illustrasjonsfoto |
Skuleåret 2006/2007
Sommarturneringa 2007 18.06.07.
Siste aktivitetsdag er gjennomført
for dette skuleåret.
Eksamenstida var jo allereie historie, og elevar og lærarar
var sjølvsagt veldig klare for den etterlengta
ferien.
Men ein god cup er ikkje å forakte. Nest siste skuledag
stilte elevane opp klassevis, til tevling i både
volleyball og fotball, slik tradisjonen er blitt ved HVS. Les
meir ... |
Ver aktiv - ha det gøy! |
Skidag på Overøye
22.03.07.
Det vart endeleg skidag for
alle elevar ved HVS torsdag 22.03. I år gikk turen
inn til Overøye i Stordal. Vi fikk ikkje tak i
finveret, diverre, men det såg ut som elevane og
lærarane treivst likavel.
Program
for dagen ...
Les meir
om turen vår ...
Kik elles innom www.stordalalpinsenter.no
|
Det
er alltid noko å gjere på så lenge
det er snø!, smilte Tormod Strand |
Frisbee-turnering med full innsats!
20.12.06.
Forslaget om Frisbee-turnering før jul vart møtt
med ein viss porsjon skepsis ... Nokon ville av naturlege
årsakar ha volleyball, andre basket, o.s.b.
Men det vart frisbee, og dagen full av fart, moro og spenning!
Sjå
bilete frå turneringa! |
|
Kretsmeisterskapet i volleyball for vidaregåande skular
2006
09.11.06.
HVS gratulerer begge skulelaga i volleyball med flott
innsats under Kretsmeisterskapen i volleyball for vidaregåande
skular. Det vart sølv til gutane frå Haram
under Kretsmeisterskapet i volleyball for vidaregåande
skular i Ålesund torsdag. Jentene kom på 4.
plass. |
 |
Les
meir ...
Endeleg vart det FJELLDAG ved HVS !
14.09.06.
Vi ligg midt i eit tur-eldorado, men veret er ikkje alltid med
oss. Derfor er det lenge sidan HVS arrangerte fjelldag ved skulestart.
I år klaffet alt - til slutt.
Programmet
for dagen
Sjå
bilete frå ein flott dag i fjellet !
Skuleåret 2005/2006
Turneringar før sommarferien.
19.06.06.
Aktivitetsdag rett før
skuleslutt, og feriestart, er tradisjon ved HVS. Eksamenstida
er bak oss, til og med munnleg var unnagjort i år,
og elevane var veldig klare for den etterlengta ferien.
Men en god cup er ikkje å forakte. Elevane stilte
klassevis opp både til tevling i volleyball og fotball.
|
|
Les
meir ...
Skidag onsdag 8. mars 2006 !
Dersom veret held seg, vert det skidag for dei som har
meldt seg på, annonsert vi. Og finveret det fortsatte,
så onsdag 8. mars reiste 3 fulle busslaster til
fjells med glade ungdommar og lærarar.
|
|
Sjå
bilete frå skidagen vår!
KM i volleyball for vidaregåande skular 2005/2006
16.11.05.
Fylkesmeisterskapen i volleyball for vidaregåande
skular vart arrangert i Fagerlihallen onsdag 16. november.
Haram vidaregåande skule stilte med eit jentelag
og eit gutelag, og er godt nøgd med innsatsen til
elevane. Ein flott gjeng, synd det glapp for dei i siste
kanp, meldte kroppsøvingslæraren Ravnestad.
|
|
Resultatliste
Skuleåret 2004/2005
Volleyball- og fotballturnering
i juni 2005
16.06.05.
På tampen av året arrangerte HVS
aktivitetsdag. Dagen starta med volleyballturnering inne
i hallen og vart avslutta med fotballturnering ute i finveret.
Alle basisgrupper stilte med lag, så sant det var
folk nok igjen etter at munnleggruppene var trekte ut.
I følge kroppsøvingslærar Ravnestad
var det ikkje mangel på innsats.
Ettersom avgangselevane var opptatt med munnleg, fikk
nykomlingane fritt spillerom. Grunnkurselevane gjorde
reint bord - flott lagspel. Fotografane svikta oss i år,
så vi har ingen bilete å by på frå
dagen, men premieutdelinga i kantina veka etter fikk vi
med! |

1ME vann volleyballturneringa,
medan 1AF vann i fotball
|
|
|
Skidag på Strandafjellet -
februar 2005
Onsdag 16. februar vart det skidag for elevane ved HVS.
Riktig nok uten full sol i år, men elles var det
flotte forhold i bakkane. Alle møtte med fornuftige
kle, og kunne nyte snø, litt vind og mykje frisk
luft.
Sjå
bilete frå turen. |
|
Basketball-turnering
-desember 2004
Etter veker med tentamensavvikling, var det tid for å
få ut oppdemde spenninger og energi hos elevane.
Nest siste dagen, måndag 20.12., var det basketball-turnering
ved HVS i Brattvåghallen.
Les
meir ...
|
|
KM i volleyball
for vidaregåande skular 04/05.
NVBF Region Midt inviterte alle vidaregåande skular
til spennande volleyballturnering i Fagerlihallen onsdag
17.11.04.
HVS stilte med eit jentelag og eit gutelag. Og i år
fekk spelarane kreditt for innsatsen.
Les
meir ...
|
|
Skuleåret 2003/2004
Skidag på
Strandafjellet 10. mars.
Skikledde morgonfuglar gledde seg til å
innta fjellet denne dagen - og finveret la ingen dempar
på stemninga!
Les
meir
|
|
| Innebandyturnering.
Veka før jul er alltid litt spesiell - og på
ein skule.
Onsdag 17.12 vart det arrangert innebandy-turnering,
slik at vi fikk opp pulsen litt ekstra før jul.
Les meir
|
|
| |