Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

HVS - Allmennfag
Du er her: Allmennfag>>IBD informasjonsfolder

INTERNATIONAL BUSINESS DEVELOPMENT
Allmenne og økonomisk/administrative fag med høve til internasjonal fordjuping!

 
 
 
IBD - kunnskap for framtida

- International Business Development -
eit unikt studietilbod innanfor
allmennfagleg studieretning
ved
Haram vidaregåande skule
i samarbeid med lokalt næringsliv og Haram kommune
 

 

Kva er IBD?
IBD - International Business Development - er eit studietilbod for elevar på allmennfagleg studieretning ved Haram vgs.

Tilbodet er utvikla i nært samarbeid mellom lokalt næringsliv, Haram kommune og Haram vidaregåande skule.

 

(Foto: Johan Behrentz, Sunnmørsposten 28.01.03)
 

Næringslivet ønskjer å gi elevane innsikt i korleis det er å arbeide i lokale bedrifter. Ikkje minst er det viktig for dei å synleggjere at mange bedrifter opererer på ein internasjonal arena. Dette set krav til dei tilsette sin kompetanse innanfor kulturforståing, språk og kommunikasjon.

Kva bidrar næringslivet med?
Elevane får innsikt i næringslivet gjennom:
-
Utplassering i bedrift 2. og 3. år
-
Gjesteforelesar frå lokalt, nasjonalt og internasjonalt næringsliv
-
Prosjektarbeid mot næringslivet
-
Studietur til utlandet finansiert av lokalt næringsliv

Målsettingar med IBD
Føremål:
-
Auke rekrutteringa av medarbeidarar med internasjonal næringslivskompetanse
-
Opprette tidleg kontakt mellom næringsliv og elevar frå nærmiljøet/regionen
-
Synleggjere moderne/framtidige arbeidsplassar for delar av ungdomskulla
-
Fremje innovasjon og entrepenørskap
-
Gi skulen ein regional utviklarrolle
-
Styrke rekrutteringa til studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag ved Haram vgs.

Overordna læringsmål:
-
Internasjonal handlingskompetanse
- språk
- kulturforståing
- internasjonal politikk og økonomi/handel
- kommunikasjon
- teknologi
-
Næringskompetanse
- kunnskap om lokalt, nasjonalt, internasjonalt næringsliv

- bedriftskunnskap - lokal, regional og internasjonal
- bedriftskunnskap - avdeling/område
-- -- -- marknadsføring
-- -- -- sal og innkjøp
-- -- -- logistikk og produksjon
-- -- -- økonomi

- etablererkunnskap
- produktutvikling
-
Generell studiekompetanse

 

Krav til særskilte fag på IBD-studiet

1. år (grk) :
Valfag Internasjonalisering
2. og 3. år :
Studieretningsfaga:
Engelsk
Etablerarkunnskap
Kultur, kommunikasjon og teknologi

Oppbygging av IBD-studiet
Elevar som ønskjer å byrje på IBD, søkjer opptak til grunnkurs allmenne og administrative fag ved Haram vidaregåande skule. 1.år er felles for alle elevar, om dei ønskjer å gå IBD eller ikkje.

Det er først ved opptak til det 2. året elevane må søkje særskilt på IBD-studiet. Omlag 10 elevar vil bli tatt opp. Karakteren frå grunnkurs allmenne fag blir avgjerande for kven det er som kjem inn på IBD.

Det 2. og 3. året vil dei aktuelle elevane få eit skreddarsydd opplegg i samarbeid med næringslivet. utplassering i bedrifter vil skje ei veke på hausten og ei veke på våren det 2. året.
3. året vil elevane bli utplasserte ei veke på hausten, medan dei i løpet av våren får ein studietur til utlandet - finansiert av næringslivet. Gjennom begge åra vil elevane arbeide med ulike prosjekt saman med bedrifter. Næringslivsrepresentantar vil halde foredrag og stø til med sine kunnskapar og råd inn mot elevane sitt arbeid.

Ved sida av IBD-studiet følgjer elevane ordinær undervisning i obligatoriske, allmenne fag. Dermed vil dei oppnå generell studiekompetanse på lik linje med dei andre elevane på allmennfagleg studieretning.

Arbeidsmåtar som involverer og aktiviserer
Utvida læringsarena
-
Verkelege problemstillingar
-
Elevaktivt og elevstyrt
-
Innovativt og nyskapande
-
Læringsressursar frå bedriftene
-
Ny teknologi som verkty

Arbeidsmåtar
-
Ungdomsbedrift
-
Storyline
-
Prosjektarbeid
-
Case
-
Læringsaktivitet i bedrift
-
Utanlandsopphald


Smakebitar frå opplegg knytt til IBD:
Grunnkursnivå
- Kurs i samarbeidslæring for gk. AØA H-04, Valfag Internasjonalisering - Kurs i samarbeidslæring for gk. AØA H-03, Valfag Internasjonalisering
- Vellykka foredrag av Richard Lewis, H-03

Med glimt i augo heldt engelskmannen frå firmaet "Richard Lewis Communications plc" foredrag på Haram vidaregåande skule 02.12.04.
Alle som ikkje var til stades, spesielt dei som gjer forretningar med folk i utlandet, gjekk verkeleg glipp av eit interessant og lærerikt foredrag.

VKI-nivå
- Kunnskapsrikt foredrag for 2IBD av Jan Petter Hagen, V07
- Besøk hos Sparebanken Møre, Ålesund, V06
- Spenande samarbeid med Aker Yards Brattvaag, V06
- Fylkesmessa 2006. Ungt entrepenørskap. V06
- Bedriftsbesøk og eksterne forelesarar i IBD, H-05
- Elevdeltaking på programsida av læreplankonferansen, Molde 2005
.
- Prosjektperiode for IBD VKI-AF, V-05
- Ungdomsbedrifta Global Connection køyrer kurs, V-05
- Ekskursjon til Trondheim for IBD-elevane H-04, VKI AØA



VKII-nivå
- Ny studietur til York for 3IBD, H-06
- Haram Designstudio bringar HVS ut i verda. Europadagen 09.05.06
- Bedriftsbesøk og eksterne forelesarar i IBD, H-05
- Studietur til York for 3IBD-elevane på VKII-AF, H-05

Korleis søkje?
Søk på vanleg måte på allmenne og økonomisk/administrative fag, grunnkurs, ved Haram vidaregåande skule, og du får automatisk med deg valfaget Internasjonalisering.

Først på VKI (2. året) gjer du det endelege valet om du ønskjer å fordjupe deg i internasjonalisering eller om du vil velje eit tradisjonelt tilbod innanfor allmenne fag!

 

Tenk framtidsretta, vel IBD!
Sidan 1990-talet har det vore eit sterkt samarbeid mellom næringsliv og skule i Haram. Partane har forlengst forstått atdei saman må mobilisere krefter for å gjere Haram til ein attraktiv kommune å arbeide og bu i. Næringslivet i Haram representerer så mykje av verdiskapinga i regionen, at det for regionen si framtidige konkurranseevne vil vere avgjerande å vidareutvikle desse næringane.

Kompetanse og kompetanseutvikling blir avgjerande for om Haram og så i framtida blir ein attraktiv stad for bedriftene. Formålet med studietilbodet IBD, er nettopp å stimulere til kompetanseutvikling i tråd med det lokale næringslivet sitt kompetansebehov - i dag og ikkje minst i framtida.

 

Bakgrunnsinformasjon

- Entreprenørskap og internasjonalisering ved HVS
(Frå Haramsnytt 10.01.03)

- Vil gi elevane internasjonal kompetanse
(Frå Haramsnytt 17.01.03)

- Flytter klasserommet ut i verda
(Frå Sunnmørsposten 28 .01.03 )


Felles allmenne fag
Studieretningsfag - oversikt
Utdanning som krev allmennfag

Valfag

Krav for å få vitnemål
Korleis velje fag?

Engelsk
Tysk
Framandspråk som studieretningsfag

Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi

Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære

Informasjonteknologi

Mediekunnskap