| Du
er her: Allmennfag>>Engelsk |
| |
A-SPRÅK - ENGELSK STUDIERETNINGSFAG
Her finst det to kurs:
GENERELL ENGELSK (modul 1), 3-timars kurs (kan lesast
i 2. eller 3. klasse)
ENGELSK STUDIERETNINGSFAG(modul 1+2)5 t. i 2. klasse og
5 t.(modul3) i 3. klasse Begge studieretningsfaga byggjer
på ENGELSK GRUNNKURS frå 1. klasse.
Generell engelsk, 3 t. pr. veke, er undervisninga knytta
til ulike emneområde slik at elevar med forskjellige studieretningsfag
kan skaffe seg kunnskap om fagterminologi og såleis betre
vere i stand til å lese faglitteratur på engelsk. Likevel
omfattar ikkje arbeidsstoffet berre sakprosa, omlag halvparten
er skjønnlitteratur. Generell engelsk er lik modul 1 i
engelsk studieretningsfag.
Evaluering
Det blir gjeve ein standpunktkarakter i faget, og elevane
kan kome opp til munnleg eksamen.
Faget generell engelsk kan reknast som obligatorisk studieretningsfag
i framandspråk.
I Engelsk studieretningsfag, 5 t. pr. veke over 2 år,
legg ein også vekt på emne av allmenn karakter som kan
gje grunnlag for vidare studium og personleg utvikling.
Her kan nemnast emne som skjønnlitteratur, språk, kultur
og samfunnstilhøve både i Storbritannia, USA og andre
engelsktalande land.
Arbeidet med dei forskjellige emna er knytta både til
sakprosatekstar og skjønnlitteratur, men det er også vanleg
å bruke lyd- og biletmateriale pluss film/video/TV/IKT
i undervisninga. Når det gjeld skjønnlitteratur, les ein
mest moderne stoff, men elevane vil også få litt kjennskap
til den eldre litteraturen på engelsk.
Evaluering
I VK I blir det gjeve ein samla standpunktkarakter for
munnleg og skriftleg aktivitet, og elevar som sluttar
etter VK I, kan kome opp til munnleg eksamen.
I VK II får elevane to standpunktkarakterar, ein for skriftleg
og ein for munnleg aktivitet, og ved avslutta kurs kan
dei kome opp til skriftleg og/eller munnleg eksamen.
Elevar som sluttar etter VK I, kan få engelsk 5 t/v godskrive
som obligatorisk studieretningsfag i framandspråk.
|
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|