| |
FYSIKK STUDIERETNINGSFAG, 2FY og 3FY
Fysikk tyder læra om naturen.
Målgruppe
- elevar som vil studere fysikk ved høgskular eller universitet
- elevar som vil studere medisin, kjemi, biologi, tekniske
fag, landbruksfag o.l., og som treng fysikk som ein del
av grunnutdanninga
- elevar som vil ha fysikk som ein del av grunnutdanninga
Innhaldet i kurset
Det grunnleggjande kurset, 2FY, 5 t. pr. veke, byrjar
med elementær lyslære (optikk). Etterpå går vi gjennom
rørslelæra (kinematikk) og samanhengen mellom kraft og
rørsle, Newtons lover (dynamikk). Etter jul i 2. klasse
arbeider vi ein periode med moderne fysikk (atomfysikk
og kjernefysikk). Den siste delen av kurset tek for seg
elektrisitetslære og energibruken i eit moderne samfunn.
Det er ein føresetnad at alle som vel fysikk, også les
matematikk, 2MX, i 2. klasse.
Det vidaregåande kurset, 3FY, 5 t. pr. veke, inneheld
stort sett dei same emna som 2FY, men her får emna ei
meir generell og avansert matematisk handsaming. Vi lærer
også litt om relativitetsteori (Einsteins fysikk), feltteori
og astrofysikk.
I 3FY vil det på einskilde område verte nytta matematikk
frå 3MX kurset.
Evaluering
Elevar som les 2FY, får ein standpunktkarakter og kan
kome opp til enten skriftleg eller munnleg eksamen. |
|