| |
INFORMASJONSTEKNOLOGI STUDIERETNINGSFAG ( EDB)
Faget er samansett av 4 modular med 5 timar pr. veke.
Gjennom faget informasjonsteknologi skal elevane lære
seg å bruke edb som eit verdifullt hjelpemiddel. Dei
får eit fagleg grunnlag for vidare studiar, og dei får
både teoretisk og praktisk grunnlag for møtet med edb
i arbeid, heim og fritid.
I Modul 1a, Brukersystemer, er undervisninga ei vidareføring
av informasjonsbehandling på grunnkurs og basismodul
for dei andre delane av informasjonsteknologifaget.
Mykje av tida går med til å trene på skulen sine datamaskiner,
og elevane får undervisning i generell bruk av maskinen.
I tillegg får dei kunnskap om arbeidsmiljø, etikk og
personvern. Bruk av tekstbehandling, rekneark, databaser,
kommunikasjon og program for simulering er viktige deler
av pensum. Problemløysing ved hjelp av brukarprogram,
kunne lage modeller som skal kunne brukast av andre.
Evaluering
Elevane får standpunktkarakter. Dei kan kome opp til
ein skriftleg/praktisk eller munnleg/praktisk eksamen.
Modul 1b, Informasjonsbehandling, er ein utdjuping
og vidareføring av sentrale emne frå modul 1a. Her får
elevane ei brei innføring i ulike måtar å nytte og utvikle
edb-system på. I tillegg søkjer faget å fremje likeverd
og likestilling og å gje trening i kreativ tenking og
samarbeid.
Kurset er praktisk retta med mykje trening på maskin.
Elevane lærer å utvikle og bruke database, dei lærer
programmering og arbeide med operativsystemer.
Evaluering
Det vert gitt standpunktkarakter. Elevane kan bli trekte
ut til eksamen som blir organisert som ei kombinert
prøve ( skriftleg/praktisk eller munnleg/praktisk )
Modul 2a, Systemutvikling, bygg på modul 1a.
Elevane skal kjenne dei viktigaste metodane og teknikkane
for systemutvikling og kunne velje metode, teknikkar
og verktøy i forhold til det problemet som skal løysast.
Kunne planlegge, gjennomføre og følgje eit systemutviklingsprosjekt.
Evaluering
Det vert gitt standpunktkarakter. Elevane kan bli trekte
ut til skriftleg/praktisk eller munnleg/praktisk eksamen.
Modul 2b, Systemdrift, bygg på modulane 1a og
1b.
Elevane skal ha kunnskapar om installasjon og tilpassing
av datautstyr og systemprogramvare. Dei vil arbeide
med planlegging, installering og vedlikehald av lokalnett.
Planlegge og utvikle løysingar i samarbeid med brukarmiljø
i ein organisasjon. Elevane vil arbeide med digital
og mikroprossessorteknikk, forstå dei grunnleggjande
prinsipp og mekanismer som blir lagt til grunn ved bruk
av datateknisk utstyr.
Evaluering
Det vert gitt standpunktkarakter. Elevane kan bli trekte
ut til skriftleg/praktisk eller munnleg/praktisk eksamen
.
|
|