| Du
er her: Allmennfag>>Kjemi |
| |
KJEMI STUDIERETNINGSFAG, 2KJ og 3KJ
2KJ, 3 t. pr. veke, byggjer på kjemidelen i naturfag I.
Det legg grunnlaget for 3KJ og er opptakskrav for ein
del vidare studium. Kurset er også eit viktig støttefag
for elevar som vel vidaregåande kurs i biologi og fysikk.
Den faglege innsikt og forståing ein kan få gjennom 2KJ,
vil vere til nytte i mange yrke seinare i livet.
Lærestoffet omfattar desse hovudmåla:
- kunne utføre forsøk på ein sikker/forsvarleg måte og
kunne observere, tolke og presentere resultata
- ha kunnskapar om symbol og modellar som beskriv stoff
og atom i ulike kjemiske tilstandar, og kjenne eigenskapane
til sentrale kjemiske forbindingar
- kunne beskrive stoff, deira tilstand, mengder og reaksjonar
- ha kunnskapar om drivkrefter som fører til kjemiske
reaksjonar og kjemisk likevekt, og kunne på førehand sjå
konsekvensar av inngrep i likevektssystem
- ha kvalitativ forståing av oppløysings-,syrebase-og
redoksrelasjonar og kunne foreta enkle berekningar
- ha kunnskapar om eigenskapane til og bruksområda for
ulike hydrokarbonar og kunne sette namn på dei. Kunnskapar
om løysemiddel betydning og handtering, og bruken av råolje-produkt
i petrokjemisk samanheng.
- ha kunnskapar om delar av kjemien sin historie og kjenne
eksempel på kemien sin betydning for samfunnet og samfunnsutviklinga.
Emne/tema:
- viktige kjemiske reaksjonstypar - støkiometri (mengdeforhold
i samband med reaksjonar)
- energiforhold i samband med kjemiske reaksjonar
- kjemisk likevekt - atom - kjemisk binding - uorganisk
kjemi
Evaluering:
Elevar som les 2KJ, får ein standpunktkarakter og kan
kome opp til munnleg eksamen med eksperimentelt innslag.
3KJ, 5 t. pr. veke, byggjer på 2KJ. Til saman utgjer dei
to kursa eit åttetimarskurs. Den faglege innsikt og forståing
ein får gjennom 3KJ, vil vere til nytte innanfor mange
yrke, og det er dessutan eit godt grunnlag for dei som
vil studere kjemi, fysikk, biologi, landbruksfag, medisin,
odontologi, farmasi o.l. ved universitet og høgskular.
Lærestoffet omfattar følgjande hovudmål:
- kunne utføre forsøk på ein forsvarleg/sikker måte og
kunne observere, tolke og presentere resultata
- ha kunnskapar om dei viktigaste organiske stoffgruppene
og kjenne til sentrale stoff sin framstillingsmåte, eigenskapar
og bruksområde
- kunne kvalitativt gjere greie for syrer, baser, saltløysingar
og redoksrelasjonar og kunne utføre enkle berekningar
- ha kunnskapar om forekomst, framstilling av, eigenskapar
til og bruk av nokre materialar i kvardag, teknikk og
næringsliv og kunne drøfte avfall- og ressursproblem knytt
til desse
- skal kjenne aktuelle stoff sitt naturlege krinsløp,
kunne forstå dei kjemiske reaksjonane som skjer og kunne
vurdere korleis menneskelege aktivitetar påverkar krinsløpa
lokalt og globalt
- skal kjenne til analysemetodar i uorganisk kjemi, kunne
velje framgangsmåte for eigne analyser, kunne utføre berekningar
og kunne tolke og presentere resultata
Emne/tema:
- organiske stoffgrupper og viktige organiske reaksjonstypar
- kvalitativ og kvantitativ organisk analyse
- organiske syntesar
- generell kjemi
- metall
- kvalitativ uorganisk analyse
Evaluering
Elevar som les 3KJ, får ein standpunktkarakter og kan
kome opp til skriftleg og/eller munnleg eksamen med eksperimentelt
innslag. |
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|