| Du
er her: Allmennfag>>Matematikk |
| |
MATEMATIKK STUDIERETNINGSFAG, 2MX og 3MX
Matematikk er læra om tal, former og logiske slutningar.
Elevar som vil gå vidare med matematikk etter 1. klasse,
må velje modul 1MX 1.året.
Målgruppa
- elevar som vil studere naturvitskap eller ingeniørkunst
ved høgskular og universitet
- elevar som vil ha matematikk som ein del av allmennutdanninga
Innhaldet i kursa:
I det første vidaregåande kurset, 2MX, 5 t. pr. veke,
lærer elevane det formelle matematiske apparatet for å
drøfte funksjonar (derivasjon, integrasjon, osv.). Kurset
held fram med trigonometri (sin, cos,tan) som mange har
som tilvalsstoff frå 1MA. Elevane får også ei innføring
i vektorrekning.
2MX er eit fag ein normalt bør ta i 2. klasse. Det er
krevjande og passar godt for dei som vil fordjupe seg
i realfag og tekniske fag (tidlegare naturfagleg line).
3MX, 5 t. pr. veke, er eit framhald av 2MX kurset og bør
difor lesast i 3. klasse. I funksjonslæra brukar ein apparatet
frå 2MX til å analysere standardfunksjonar (potens-, eksponential-
og logaritmefunksjonar). Vi går vidare med derivasjons-
og integrasjonsteori. Vektorrekning og geometri er også
ein viktig del av pensumet. 3MX er eit hardt, krevjande
og lærerikt fag som er naudsynt for mange vidare studievegar.
Evaluering:
Elevar som les 2MX, får ein standpunktkarakter og kan
kome opp til enten skriftleg eller munnleg prøve.
Elevar som les 3MX, får ein standpunktkarakter og kan
kome opp til enten skriftleg eller munnleg prøve.
MATEMATIKK STUDIERETNINGSFAG, 2MY OG 3MY
2MY, 3t. pr. veke, les ein normalt i 2. klasse. Pensumet
er tilpassa elevar som ønskjer å fordjupe seg i samfunnsfag
og økonomiske fag. 2MY er meir krevjande enn 1MX, men
ikkje så krevjande som 2MX.
3MY, 5 t. pr. veke, les ein i 3. klasse. Kurset inneheld
kjernestoff og tilvalsstoff. Kjernestoffet utgjer 3/5
av arbeidsmengda i faget og byggjer på 2MY. Tilvalsstoffet
tilsvarar 2/5 av arbeids- mengda og kan omfatte sannsynsrekning
eller EDB.
Evaluering:
Elevar som les 2MY, får ein standpunktkarakter og kan
kome opp til enten skriftleg eller munnleg prøve.
Elevar som les 3MY, får ein standpunktkarakter og kan
kome opp til enten skriftleg eller munnleg prøve. |
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|