| Du
er her: Allmennfag>>Organisasjonslære |
| |
ORGANISASJONSLÆRE
Målet for faget er å gi forståing for og kunnskap om dei
problem ein kan møte i forskjellige arbeidssituasjonar
- særleg dei ein møter i yrkeslivet etter avslutta skulegang.
Organisasjonslære 3 t. pr. veke i 2. klasse og 5 t.
pr. veke i 3. klasse, skal gi innsikt i korleis ein
organisasjon/arbeidsplass er bygd opp og fungerer. Kommunikasjon
og informasjon mellom dei som arbeider der, avgjer som
regel om tilhøva er bra eller dårlege. Både når ein skal
ta avgjerder, og når ein skal leie andre, er ein avhengig
av kommunikasjon. Difor tek faget opp ulike måtar å ta
avgjerder på og ulike måtar å leie ein arbeidsplass på.
Organisasjonsutvikling blir meir og meir viktig i alle
organisasjonar. I kurset diskuterer ein kvifor det er
nødvendig med organisasjonsutvikling, kva midlar ein kan
ta i bruk for å gjennomføre dette og kva som kan bli konsekvansane
av organisasjonsutvikling.
Viktige arbeidsmåtar i dette faget er diskusjonar og løysing
av oppgåver som er knytta til konkrete problem og kasus
frå organisasjons- og arbeidsliv.
Vi kan nemne følgjande stikkord frå emnelista:
- gruppepsykologi og psykologiske jobbkrav
- konfliktar og problemløysing
- arbeidsmiljø, føresetnader og konsekvensar
- målsettingane med ein organisasjon/arbeidsplass
- organisasjonsteori og organisasjonsmodellar, organisasjonsutvikling
- kommunikasjon i organisasjonen, korleis tek ein avgjerder?
- makt, leiing og styring
- aktuell debatt
- etikk
Evaluering
Elevar som les organisasjonslære 1, får standpunktkarakter
og kan kome opp til munnleg eksamen.
Elevar som les organisasjonslære 2, får standpunktkarakter
og kan kome opp til skriftleg eksamen. |
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|