| Du
er her: Allmennfag>>Politisk idehistorie |
| |
POLITISK IDEHISTORIE STUDIERETNINGSFAG
Nazisme, fascisme, marxisme, konservatisme. Du veit nok
litt om desse politiske tankeretningane. Dersom du synest
du godt kunne vite litt meir, kan du setje av to timar
i 2. eller 3. klasse til politisk idehistorie.
Då kan du også få lære om anarkisme, liberalisme, feminisme,
om forholdet mellom kyrkje og stat i mellomalderen, om
populisme og om Platon og Aristoteles sitt idealsamfunn.
Kva rolle politiske idear og ideologiar har spelt i historisk
og samfunnsmessig samanheng, og om demokratiet og demokratiet
sine avgrensingar frå den klassiske greske bystaten og
fram til i dag.
Den siste tredelen av faget skal du velje ut ditt eige
emne som du kan studere grundigare. Dette er emne som
- nasjonalisme som politisk ide,
- korleis politiske idear hemmar eller fremjar likestilling
mellom kjønna
- den idehistoriske bakgrunnen for økologisk tenking og
handling.
- samanhengen mellom politiske og religiøse idear
Faget er særleg verdifullt for elevar med studieretningsfaget
samfunnskunnskap fordi det gir eit historisk perspektiv
på den moderne samfunnsvitskapen. Men sidan faget er svært
allmenndannande, er det interessant og nyttig for andre
elevar også. Både historie, norsk og religion er fag som
i pensumet sitt har tilknytingspunkt til idehistoriefaget.
Evaluering
Elevar som les politisk idehistorie, får standpunktkarakter
og kan kome opp til munnleg eksamen. |
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|