| Du
er her: Allmennfag>>Rettslære |
| |
RETTSLÆRE STUDIERETNINGSFAG
Kurset er på 3 timar pr. veke på VK1, og 5 timar pr.
veke på VK2.
Gjennom faget rettslære får elevane kjennskap til korleis
rettssamfunnet er bygd opp. Målet er å gje elevane ei
forståing av korleis samfunnet formar retten, og korleis
retten har innverknad på samfunnet og einskildmennesket.
Rettslære 1 inneheld hovedsakleg privatrett, medan Rettslære
2 inneheld hovedsakleg kontraktsrett og offentleg rett.
Elevane får først eit oversyn over kva rettslære er og
korleis rettsreglane skil seg frå dei andre reglane som
regulerer tilhøvet mellom menneska i eit moderne samfunn.
Faget gjev og ei innføring i dei sentrale reglane i statsrett,
personrett, eigedomsrett, avtale- og kjøpsrett, kausjons-
og panterett, konkurs og viktige reglar innan familieretten.
Undervisninga er basert på bruk av lærebok, lovsamling
og oppgåvesamling. Oppgåveløysing er ein sentral del av
faget, og mykje av undervisningstida går med til dette.
I løpet av kurset får elevane vere med på 1-2 rettssaker.
Faget er med på å gje eit grunnlag for juridiske og økonomiske
studier på universitets- og høgskulenivå.
Evaluering
Det blir gitt ein standpunktkarakter i Rettslære 1 og
ein i Rettslære 2. Resultat av prosjektarbeid skal inngå
i standpunktkarakteren. Eksamen, elevane kan kome opp
i skriftleg eller munnleg eksamen i Rettslære 1 og Rettslære
2. |
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|