| Du
er her: Allmennfag>>Samfunnskunnskap |
| |
SAMFUNNSKUNNSKAP STUDIERETNINGSFAG, 2SK og 3SK
Gjennom dette faget får elevane kunnskap både om sosiale,
politiske og kulturelle tilhøve i moderne norsk samfunnsliv
og om det som er føresetnadene for eit ordna samfunnsliv.
Dei utviklar kritiske og ansvarsmedvitne haldningar til
samfunnspørsmål generelt sett og får impulsar som kan
stimulere til aktiv innsats i samfunnet. Respekt for andre
kulturar og toleranse overfor dei som tenkjer annleis,
er ein integrert del av faget.
Elevane vil få innblikk i problemstillingar og arbeidsmetodar
som karakteriserer studium i samfunnsfag, og dei får trening
i å finne fram til og arbeide rasjonelt, sjølvstendig
og analytisk med stoff av samfunnsfagleg karakter.
I 2SK, 5 t. pr. veke, arbeider ein med samfunnsfagleg
metode og innsamling av data, ein lærer om samfunn og
kultur, familie/slekt og samlivsformer, kjønnsrollemønster,
sosialisering og utdanning, arbeidsliv, sosial lagdeling
og avvik og kriminalitet. Opplæringa i 2SK, sosiologi
og sosialantropologi, skal gi forståing for kvifor vi
handlar som vi gjer, korleis vårt eige og andre sine samfunn
er bygde opp og korleis sentrale samfunns-oppgåver blir
løyste i ulike samfunn.
I 3SK-A, 5 t. pr. veke, tek ein m.a. for seg det
norske politiske systemet, massemedia, politiske institusjonar
og deltaking i samfunnet, politisk makt og internasjonal
politikk. Opplæringa i norsk og internasjonal politikk
skal gi innsikt i ulike sider ved det politiske system.
Politiske og administrative organ regulerar samfunnsgreupper
og individa sin atferd og påverkar fordelinga av goder
og byrder i samfunnet. Faget vil på den eine sida legge
vekt på generelle trekk ved den politiske beslutningsprosessen,
oppbygginga av politiske institusjonar, ulike kanalar
for politisk påverknad og tilhøvet mellom dei ulike deltakarane
i prosessen. På den andre sida vil faget skape forståing
for eit reelt demokrati og gi kunnskapar om ulike interesser
og verdiar som gjer seg gjeldande når det gjeld miljøpolitikk,
utviklingspolitikk, tryggingspolitikk, nasjonale og etniske
konfliktar.
3SK-B, 5 t. pr. veke, sosialkunnskap, skal gi innsikt
i tilhøvet mellom menneske og samfunni ulike livsfasar,
og gi kunnskapar om levekår til born, vaksne og gamle.
Sjølv om den moderne velferdsstaten har gitt folk flest
sosial og økonomisk tyggleik, opplever mange menneske
ein vanskeleg livssituasjon. I sosialkunnskap analyserar
ein årsakene til sosiale problem og drøfter kva som kan
gjerast for å forbyggje og løyse problema. Opplæringa
tar også opp spørsmål kring menneskerettane og problem
i høve til u-land
Modulane kan tilbyast/lesast uavhengig av kvarandre. Både
i 2SK og 3SK skal elevane arbeide sjølvstendig med fordjupningsemne
som dei kan velje enten innanfor eller utanfor emnelistene
i fagplanen.
Evaluering
Elevar som les 2SK og 3SK, får ein standpunktkarakter.
Etter fullført 2SK kan elevane kome opp til munnleg eksamen,
og etter fullført 3SK kan dei kome opp til skriftleg eksamen.
|
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|