| Du
er her: Allmennfag>>Utdanning som krev allmennfag |
| |
UTDANNINGSINSTITUSJONAR SOM KREV GENERELL STUDIEKOMPETANSE:
Helsefaghøgskulane (ergoterapi, sosionom, barnevernspedagog,
fysioterapi, sjukepleiar, vernepleiar):
Krav: Fullverdig vitnemål frå vidaregåande skule.
Nokre av skulane krev også praksis.
Lærarhøgskulane: Krav: Fullverdig vitnemål frå
vidaregåande skule. Alle karakterane på vitnemålet
tel og har lik vekt.
Universitet/høgskular: Dei fleste studium ved desse
institusjonane har regulert inntak. Krav: Fullverdig vitnemål
frå vidaregåande skule pluss inntak etter karakterar.
Dette gjeld filologi, jus. realfag, pedagogikk, psykologi,
sosiologi, samfunnskunnskap, statsvitenskap, sosialøkonomi
etc.
Inntaksforskrifter høgare utdanning
Dei viktigaste punkta i forskriftene er:
Primærvitnemålskvote
* Søkjarar opp til 21 år. Berre skulepoeng vil telje med
(karakterpoeng og fordjuping/bonuspoeng) Det er ikkje
høve til å forbetre karakterane som privatist. Om lag
30%-40% av studieplassane avsett til primærvitnemålssøkjarar
* Skulepoeng skal utreknast på grunnlag av alle karakterane,
også karakterar i fag som er tatt etter fullført skulegang
for å oppfylle spesielle opptakskrav.
* Ordninga med fordjupingspoeng blir vidareført. Ekstra
poeng for full fordjuping i studieretningsfag utover det
eine faget alle må ha fordjuping i.
* Det vil bli gitt 2 poeng pr. år i inntil 4 år etter
fylte 19 år (alderspoeng).
* Opptak etter individuell vurdering om lag 10% av studieplassane.
* Karaktersnitt: Alle karakterar på vitnemålet skal telle
ved opptak og utrekning av karaktersnitt. Det er ikkje
høve til å trekke ut fag frå vitnemålet.
* Begrensa adgang i å forbetre karakterar på lågare nivå.
T.d. har du tatt 3MX, kan du ikkje ta opp igjen 1MA for
å forbetre karakteren. *Ekstra fordjuping i realfag: ½
fordjupingspoeng for kvar av faga 2MX/2MY, 3MX/3MY, 2BI,
3BI, 2FY, 3FY, 2KJ og 3KJ. Poenga kjem i tillegg til dei
vanlege fordjupingspoenga, og vert også gitt dersom den
obligatoriske fordjupinga er eitt av desse faga. Dette
inneber at elevar som veljer desse faga kan få fleire
fordjupingspoeng enn det maksimale på 4 som gjeld for
andre fag.
* Det kan bli gitt 3 tilleggspoeng for eitt folkehøgskuleår
eller eitt år med høgare utdanning eller fullført militær-
eller sivilteneste.
|
|
|
Felles allmenne fag
Studieretningsfag
- oversikt
Utdanning som
krev allmennfag
Valfag
Krav for å
få vitnemål
Korleis velje
fag?
Engelsk
Tysk
Framandspråk
som studieretningsfag
Fysikk
Matematikk
Kjemi
Biologi
Samfunnskunnskap
Politisk idehistorie
Organisasjonslære
Bedrifsøkonomi
Sosialøkonomi
Rettslære
Informasjonteknologi
Mediekunnskap
|