| |
Differensiering og tilrettelegging
i vidaregåande opplæring.
Haram vidaregåande skule er ein av to vidaregåande
skular i Møre og Romsdal som var med i det nasjonale
prosjektet PILOT, som starta opp hausten 1999. Når
differensierings-prosjektet starta opp like etterpå,
var det naturleg å setje desse to prosjekta i samanheng
med kvarandre. Fleire av arbeidsområda i PILOT vart
dermed delprosjekt i det nystarta differensieringsprosjektet.
Kvart delprosjekt er omtala spesielt (til høgre).
Status pr. 19.02.04
Differensieringsprosjektet vart formelt avslutta våren
2003. Dei av delprosjekta som går vidare etter prosjektperioden,
vil bli oppdatert med ny informasjon. Dette gjeld delprosjekt
A, B, C , G (der H er inkl. i delprosjekt
G), I, (J), K og L.
Tidlegare oppdateringar:
Rapport for skuleåret 2002/2003
Status pr. 31.01.03
Aktivitet og spreiing
Aktiviteten innan Differensieringsprosjektet er omtala
under dei ulike delprosjekt både her (sjå
kvart enkelt prosjekt) og på heimesida til Læringssenteret.
Dei fleste prosjekta er godt innarbeid i skulekvardagen,
mens nokon få prosjekt har vi måtta ta ut
eller endre på. Dette kjem fram under omtalen
til kvart prosjekt.
Med tanke på spreiing, har vi hatt ulik fokus
på delprosjekta. Dei av delprosjekta som ikkje
fell saman med PILOT, har vi informert om via heimesida
vår. Delprosjekt som er kopla opp mot PILOT, har
i tillegg blitt rapportert inn til Læringssenteret
i eigne rapportar, og nokon av desse igjen blitt omtala
og/eller presenterte på diverse PILOT-konferansar.
Det har og vore samarbeid med forskingsmiljø
(ITU og Høgskulen i Volda) i høve enkeltprosjekt.
Sistnemnde samarbeid held fram denne våren.
Elevmedverknad
Den generelle elevmedverknaden ved skulen har vore relativt
låg fram til i år. Enkelte elevgrupper har
vore sterkt involverte i arbeidet og kjenner godt til
fleire av delprosjekta, mens andre elevar ikkje har
vore informerte i same grad. Elevane har i ettertid
gitt signal om at dei kjenner lite til prosjektet og
kva det går ut på. Noko som og kom fram
under spørjeundersøkinga ELEVINSPEKTØRANE
i fjor. Dette skapte ein debatt i elevrådet om
å gå aktivt inn i Differensieringsprosjektet,
og elevrådet er nå mykje sterkare engasjert
i prosjektet.
I inneverande skuleår har skulen eit engasjert
og energisk elevråd. Dei har hatt representantar
med på Differensieringskonferansen i Molde hausten
2002, og informerte etterpå elevrådsstyret
og elevrådet grundigare om prosjektet.
Dei ønskjer nå å auke elevdeltakinga,
og har i første omgong tatt fatt i Differensieringspakka.
Det var tidlegare planlagt å gjennomføre
”Haustkampanjen” noko på etterskot,
nærare bestemt medio januar, men det let seg dessverre
ikkje gjennomføre. I staden vil dei arrangere
eit plenumsopplegg med informasjon og filmframsyning.
Målsettinga deira er eit meir aktivt elevråd
på generell basis og medvitne, aktive elevar i
skulekvardagen.
Differensieringspakka
Elevrådet har samla sett filmen ”Slipp
elevene til” med det resultat at enkelte
elevar tok idear med seg inn i klassen og fortsette
diskusjonen der. I ettertid har ei AF-klasse lagt ideane
sine fram for klassestyrar og rektor, og denne klassen
har nå lagt inn studietimar i timeplanen sin.
Elevrådet har planer vidare som bl.a. omfattar
å vise film(ar) frå Differensieringspakka
for alle elevane ved skulen.
Lærarane hadde ein studiedag med fokus på
arbeidsformer og differensiering i høve halvårsplanlegginga
rett etter nyttår. Alle lærarane fikk utlevert
eit større utdrag av kompendiet, og med utgangspunkt
i film 5 ”Om varierte arbeidsformer”
og film 6 ”Om nivådifferensiering”
var det lagt opp til gruppevis diskusjon/idemyldring
i forhold til eigne fag og klassar, og ei oppsummering
i plenum til slutt.
Vidareføring av prosjektet
Grunnlaget for endring i pedagogikk og arbeidsmetodar
var allereie lagt ved arbeidet med PILOT. Kvart delprosjekt
er ein naturleg del av den pedagogiske utviklinga ved
skulen, og vil halde fram dersom det viser seg at resultata
står til målsettingane og behova ein hadde
når ein starta opp.
Vi har planer om, og arbeider med, ein systematisk
oppbygging av arbeidsmetodar som gir meir elevmedverknad,
og som i større grad vil omfatte alle elevar
ved skulen.
Deltakarar i skulen si prosjektgruppe
Elevrepresentantar:
Kine Orheim Ulla (2A-Vk1 AØA)
-vara Lise Longva (1H-Gk HS)
Ruben Harsjøen Wilhelmsen (1D-Gk ME)
-vara Johan Roaldsnes (3I-Vk3 TAF) Lærarrepresentantar:
Leif Domås
Eldar Korsnes - inspektør II
Prosjekt-koordinator:
Jøstein Taftø - rektor, tlf. 70 20 96
05,
- vara Hilde K. Aasgaarden – inspektør
II. tlf. 70 20 96 10,
e-post: Hilde.Aasgaarden@mr-fylke.org
Differensieringsprosjekt skuleåret
2001/2002
Deltakarar i skulen si prosjektgruppe
Elevrepresentantar:
Ingrid Klokk (2B-Vk1 AA)
-vara Line Frostad (2A-Vk1 AA)
Jon O. Slyngstadli (2B-Vk1 AA)
-vara Henning O. Koppen (1D-Gk ME ) Lærarrepresentantar:
Leif Domås
Hallgeir Kvinnesland
Eldar Korsnes - inspektør II
Prosjekt-koordinator:
Jøstein Taftø - rektor, tlf. 70 20 96
05,
e-post: jostein.tafto@mr-fylke.org
Hent
rapporten i Word-format
|
|