PROSJEKT E:
Prosjekttittel : Tredreiebenk
Føremål
- Samarbeidslæring
- Større individuelt læringsutbyte.
Konkrete tiltak
Produksjon på grunnlag av teikning.
Gruppearbeid både i teori og praksis.
Planlegge og gjennomføre:
- fordeling av arbeidet, materialbehov, maskin og verkty-
bruk og montering.
Rapport om tverrfaglig prosjekt klasse 2F elektro-mekanisk
linje 2002/2003.
Elevgrunnlaget.
Det er 10 elevar i klassen som alle har grunnkurs mekaniske
fag frå før. Elevane sine kunnskapar og
dugleik varierer ein god del.
Læreplanmål og arbeidsplanar.
Oppgåva består i å lage ein tredreiebenk.
Dette arbeidet tar føre seg både maskinering
, montering og reparasjonsarbeid, sveising og elektro,
slik at den femner over ein stor del av læreplanen.
Nivå og tempo.
Nivået på dette prosjektet er forholdsvis
høgt når det gjeld alle fagområda.
Prosjektet, som er ganske omfattande, vil strekke seg
over ei tidsperiode på 2 til 3 månader.
Organisering.
For å auke læringsutbyttet til den enkelte,
fikk alle elevane utdelt eit komplett teikningssett
over prosjektet ved oppstarten.
Dei skal sjølv organisere arbeidet , og samarbeide
om å lage dei forskjellige delane framover. Dette
fungerer slik at den enkelte elev lager deler ut ifrå
kva for kvalifikasjonar han føler at han har.
Læringsarena og arbeidsmetode.
For å unngå stopp i framdrifta på
prosjektet bør både
maskinverkstad , monteringsverkstad og sveiseverkstad
brukast på same tid. Desse verkstadene er skilt
, så av tryggleiksgrunnar må arbeidsgangen
planleggast nøye. Til dømes planlegg elevane
det slik at dei gjør delane klar til sveising,
før heile klassen tar ei økt på
sveiseverkstaden. (Her ville det vært ideelt å
hatt eit sveiseapparat til dømes i tilknyting
til maskinverkstaden).
Vurdering av prosjektet i høve målsettinga.
Elevane har gjort sitt beste for å gjennomføre
ein forsvarleg
prosess, slik at dei har opplevd den gradvise utviklinga
som logisk og fornyande. Dei har og vore flinke til
å tilpasse seg kvarandre. I og med at elevane
er deltakarar i prosessen kan dei komme med både
positive og negative tilbakemeldingar. Dei kan og komme
med innspel i forhold til ulike opplegg. Noe som både
dei og vi opplever som positivt.
Tal elevar som deltar aktivt i prosjektet:
11 (Vk1 Elektromekaniske fag)
Tal lærarar som deltar aktivt i prosjektet: 2
Framdrift:
Status pr. 01.01.02:
· Maskinering er ferdig, og montering er påbegynt.
Status pr. 31.01.03
Tredreiebenken som blei laga i fjor er nå selt,
og produktet har fått gode tilbakemeldingar. Ein
ny tredreiebenk er i produksjon.
Status pr. 31.06.03
Prosjektet er nå avslutta, og tredreiebenken vil
bli sett ut tfor sal.
|