PROSJEKT I:
Prosjekttittel: Straumforsyning 1,5 A
Føremål
· Samarbeidslæring,
ved praktisk og teoretisk gjennomføring i grupper.
· Tverrfagleg forståing Konkrete tiltak
(organisering av arbeidet)
· Tverrfagleg prosjektarbeid i studieretningsfaga
elektronikk, elektroteknikk, elektromekanisk arbeid
m/apparatmontasje, samt allmennfaga norsk, engelsk og
naturfag.
· Gruppedeling med 3 elevar pr. gruppe
· Rapportskriving.
· Presentasjon ved IKT og videofilm.
Status pr. 23.02.04:
Prosjektet er nå blitt ein naturleg del av undervisnings-opplegget
på grk. Elektro, og vert gjennomført kvart
år med berre små variasjonar frå år
til år. Normalt har prosjektet oppstart i veke
50 (dvs. i 1. termin), med avslutning i veke 09 (starten
av 2. termin).
Tal elevar som deltar aktivt i prosjektet:
12 (1G -Gk Elektrofag)
Tal lærarar som deltar aktivt i prosjektet: 6
stk.
Prosjektomtale
Fag involvert pr dd.:
Elektromekanisk arbeid og apparatmontasje, elektronikk,
naturfag, norsk og engelsk. Dei ulike faga er noko ulikt
vekta, men vi har positive erfaringar med å kople
allmennfaga opp mot prosjektet.
Læreplanmål
Elevane skal kunne lage og sette saman chassis for elektroniske
apparat og utarbeide dette etter teikningar. Dei skal
kunne framstille krinskort og montere komponentar og
leidningar. Dei skal og kunne utføre lodding.
Elevane sine evner og føresetnader.
Det er positivt for elevane å lage noe som er
nyttig, same kva fagleg nivå dei er på.
Dei fleste får det og til, og dei får sjå
eit resultat. Viss dei møter på eit problem,
er dei flinke til å hjelpe kvarandre.
Elevane skal bl.a. kunne bruke erfaringar og kunnskapar
tverrfagleg mellom allmennfaga og studieretningsfaga.
Dei skal kunne bruke verktøy og utstyr på
riktig måte, arbeide nøyaktig. Kunne anvende
forskrifter og kva som meinast med eit fagmessig utført
arbeid. Vise ansvar og samarbeide med andre. Alle desse
tinga får dei prøve seg på i løpet
av prosjektet.
Organisering, nivå og tempo.
Elevane har fått utlevert kvar sin straumforsyning,
der dei skal jobbe heilt frå grunnen. Dei er inndelte
i gruppe på tre, kor dei skal samarbeide med å
skrive logg og rapport. Oppgåva passer bra i forhold
til de kunnskapane elevane har.
Dei svake elevane har litt problem med å forstå
heilt korleis ein straumforsyning fungerar. Men ved
hjelp av lærarane og medelevane undervegs i prosjektet,
får dei kanskje meir kunnskapar om dette.
Læringsarena.
”Det grenselause klasserommet” finst, det
er bare for elevane å bruke det. Men mangel på
motivasjon og interesse kan være de største
hindrande for noen.
Arbeidsmåte og –metode.
Elevane må sende inn ein logg pr. gruppe kvar
veke, og dette blir sendt via e-post. Gruppene får
sjølv bestemme om dei vil levere ein rapport,
videofilm eller vise det via Power Point. |