Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

Differensieringsprosjektet
Du er her: Differensieringsprosjektet
 
PROSJEKT K:
Oppdatert 24.02.04

Prosjekttittel: Elevstyrt aktivitet i kroppsøving

Føremål:
· Auka elevmedverknad
· Auka treningsglede
· Motivere og engasjere til eigentrening

Konkrete tiltak
· Elevane vel kva for aktivitetar dei har lyst til å arbeide med · Elevane lagar sine eigne periodeplanar, fordeler oppgåvene og lagar timeopplegg.
· Elevane er med på å evaluere arbeidet som vart gjort 1. termin. Dette blir lagt som grunnlag når 2. termin skal planleggast vidare etter same malen.

Utvikling i prosjektet
Opplegget vart gjennomført i 4 klasser skuleåret 2000/2001, 2 klassar VKI-AØA og 2 klassar VKII-AØA, totalt 80 elevar. Opplegget vart vidareført i dei tilsvarande 4 klassane skuleåret 2001/2002 .

Vi opplevde opplegget som positivt for elevane si utvikling. Dei fleste elevane fikk aktivitetar som dei har lyst til å vere med på. Gjennomføringa av timane varierte litt alt etter kven som var ansvarleg for opplegget, men sett under eitt, har alle elevane vorte flinkare også til denne delen.

Utfrå dei positive røynslene valde kroppsøvingsseksjonen å prøve opplegget ut på fleire klassar ved skulen. Skuleåret 2003/2004 er alle klassane ved skulen involverte i opplegget, men med variasjon i eigenstyringa tilpassa den enkelte klasse.

Rapport om delprosjekt KROPPSØVING
innafor differensierings-prosjekt skuleåret 2001/2002 og hausten 02.
Intensjonen med prosjektet var at elevane skulle velje kva aktivitetar dei hadde lyst til å arbeide med . Vi håpte at på denne måten ville aktivitetane i faget bli meir prega av lyst og elevane meir engasjert til eigentrening, og etter skuletida. Første timane etter jul evaluerer vi det vi har gjort i første termin, og så skal elevane få legge planane for andre termin.

Eg har no i to og eit halvt år prøvt med elevstyrt aktivitet i kroppsøving der elevane periodevis har hatt ansvar for opplegga sjølve. Det har stort sett vore elevar frå allmennfag, men siste halve året har eg også prøvt på ei VKI-klasse yrkesfag. Planar, organisering og erfaringar.
I allmenne fag har elevane vore flinke til å lage periode-planar, og dei har laga gode timeopplegg. Problemet har vore gjennomføringa av timane.
Mange har hatt problem med å organisere medelevane. Dette gjer at dei blir ståande å vente mykje og då blir dei lei.

Klassen i yrkesfag har hatt mykje vanskelegare for å greie dette avdi dei ofte har lagt for lite arbeid i planlegginga. Dei har og mindre trening i å lede medelevar. Dermed kan det lett blir for lite aktivitet i timen. Problemet ligg i at elevane har for lite trening i å organisere aktivitetane. Konklusjonen er at dette må vi bruke meir tid på å lære dei.

Aktivitetane.
At elevane har fått velje aktiviteten dei ynskjer har vore positivt, så dei er bra ivrige. Problemet har vore å få så stor aktivitet i timen at det verkeleg blir trening. Dette er det vi jobbar med no.

Gruppestorleiken har og ofte avgrensa kva aktivitetar dei enkelte klassane kan drive med. Dette har nokon klasser sett, og laga større einingar. Dei har og lært at i eit fellesskap må dei bøye litt av for at alle skal få den aktiviteten dei likar. Det er mykje positivt på gang, men dei treng tid for å få det til.

Læringsarena.
Gymsal og særleg utstyr avgrensar oss mykje for kor mange grupper og aktivitetar vi kan drive med. Skal vi få til differensiering må vi få tilgang til meir utstyr slik at elevane kan velje friare. Slik det er no er utstyr ofte oppteke når ei anna gruppe skal bruke det. Her bør vi få meir utstyr.


Konklusjon.
Eg meiner at elevane er positive og likar å velje ting sjølve, men dei treng tid for å sjå korleis dei skal organisere aktiviteten. Derfor er det viktig at elevane får utfordringa alle åra i vidaregåande skule.
Mange er heller ikkje vant med å ta ansvar for eiga trening så dette må dei også lære. Det er dessutan for lite med ein dobbelttime kroppsøving per veke til at ungdomen merkar at det er eit poeng i å trene. Framgangen uteblir. Dette er ein motarbeidande faktor i dette fagopplegget.
Mangel på utstyr gjer også at det blir store avgrensingar for kva aktivitet ein kan velje.

Der er mykje positivt i det vi held på med så prosjektet vil vi halde fram med.

H.V.S. 31.01.2003.
Stein Ravnestad.




 

 
Prosjekt A
Prosjekt B
Prosjekt C

Prosjekt D
Prosjekt E
Prosjekt F
Prosjekt G
Prosjekt H
Prosjekt I
Prosjekt J
Prosjekt K
Prosjekt L