Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

Differensieringsprosjektet
Du er her: Differensieringsprosjektet
 
PROSJEKT L
Oppdatert 24.02.04

Prosjekttittel: Utlånsordning berbar-PC
(Differensiering i PILOT-prosjektet)

Føremål (kva ønskjer ein å oppnå/endre/prøve ut):
· Aktiv bruk av IKT i undervisninga.
· Finne ut av korleis den enkelte elev og lærar finn det formålsteneleg å bruke verktøyet når elevane kan ta med PC stort sett over alt.

Haram vidaregåande skule var med i PILOT, der pedagogisk bruk av IKT hadde ein sentral plass i prosjektet. Målsettinga før vi starta opp skuleåret 2002/2003, var å la alle allmennfagklassene få teste ut slikt utstyr. Men dei økonomiske rammene gav ikkje rom for det. Vi valde derfor å kjøpe inn eit klassesett og sette i verk ei utlånsordning. Kven som får låne, er avhengig av klassane sine arbeidsmetodar og pedagogiske opplegg.

Ved å la ei heil klasse prøve ut utstyret, håper vi likevel å kunne hente mange nyttige erfaringar, som kan gi lærdom i den vidare IKT-satsinga.

Konkrete tiltak (organisering av arbeidet):
· PC med lang oppladningstid (3 – 4 timar), og trådlaust nettverk på skulen. Internett-tilkopling heime.

· Elevar og lærarar har utarbeid ein plan over korleis dei trur dei vil bruke verktøyet.

· Rapportskriving og evaluering av nytteverdien av verktøyet etter 3 månader.

· Avvikle eventuele eksamen med bruk av IKT som hjelpemiddel i dei faga ein ønskjer det (godkjent som hjelpemiddel).

Status pr. 01.01.03:
Elevane på grk. AØA prøver no ut verktøyet i inneverande periode. Alle fag er involvert i oppleggt.

Økonomi og erfaringane ein no kjem ut med, vil avgjere kor stor spreiinga blir.

Tal elevar som deltar aktivt i prosjektet 2002/2003:
16 (1A, Gk AØA)

Tal lærarar som deltar aktivt i prosjektet : 7 stk.


Status pr. 24.02.03:
Elevane på grk. AØA fikk halde fram med ordninga på VKI.

Ei evaluering på slutten av 1. termin 03/04 viste at elevane føler varierande behov for tilgang til eigen, berbar PC i skulekvardagen. Nokre elevar har stor nytte av eigen PC, og fortel om betre struktur i eige arbeid og større læringsglede generelt enn tidlegare. Andre ga tilbakemelding om at dei ikkje har behov for kontinuerleg tilgang til eigen PC i skulekvardagen, og opplever PC-en til tider som eit forstyrrande element.

Denne variasjonen kunne knytast til fleire faktorar, både elevene sine val av arbeidsmetodar ved innlæring og til den enkelte elev sin PC-tilgang elles (PC heime etc.). Det har og vist seg at det ikkje er like naturleg å bruke PC i alle samanhenger i dei ulike faga eller emnene innan faga. Samstundes krev det stor grad av eigendisiplin av elevane for at læringssituasjonen skal vere god.
I tillegg har perioder med problem med ustabilitet i det trådlause nettverket/mottaket i PC-ane vore eit irritasjonsmoment undervegs. (Sistnemnte har skulen etterkvart fått utbetra).

Etter ein intern diskusjon, både i lærargruppa knytt til klassen og i klassen, kom ein fram til at klassen skulle halde fram med sine berbare PC-ar ut skuleåret. I semje med klassen kom ein og fram til klarare retningsliner for når og korleis PC-ane skal nyttast.
I fleire fag vert det og lagt opp til auka bruk av PC i undervisninga denne våren.


 

Prosjekt A
Prosjekt B
Prosjekt C

Prosjekt D
Prosjekt E
Prosjekt F
Prosjekt G
Prosjekt H
Prosjekt I
Prosjekt J
Prosjekt K
Prosjekt L