Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)




 

Differensieringsprosjektet
Du er her: Differensieringsprosjektet
 


PROSJEKT J:

Prosjekttittel: Differensiering i Naturfag

Oppdatert 24.02.04
Prosjektet vart utprøvd i 2001/2002 og gjennomført skuleåret 2002/2003. Ein tar sikte på å følge opp deler av prosjektet i kommande skuleår.


Føremål
· Gi elevane auka faglege innsikt/forståing
· Få elevane meir medvitne og reflekterer over ulike sider ved si eiga rolle i skulesituasjonen
· Få elevane til å vurdere si eiga læring
· Få elevane til vurdere sine arbeidsprosessar
· Finne høve for elevmedverknad i opplæringa med tanke på kva og korleis.

Konkrete tiltak
A) Tema VURDERING
Allereie frå første skuledag set ein fokus på vurdering i kvardagen, slik at elevane er medvitne i prosessen.
· Uformell eigenvurdering undervegs:
Elevane vurderer sin eigen arbeidsprosess 1 gong per veke ved å nytte eit tilpassa skjema.
· Uformell undervegsvurdering:
Etablere rutinar for faglogg; kommunikasjon elev - lærer. Dette gjerast for at eleven betre skal få gitt informasjon om kva lærar i faget har nådd fram med, og kva som er problematisk. Gir læraren betre høve til å følgje opp kvar enkelt elev. Dette blir gjennomført ca 1 gong per veke.

B) Tema EKSKUSJON
I 1NA skal elevane ut i felten. I høve ekskursjonen meiner vi det er særs viktig med høg grad av elevmedverknad i planleggingsfasen, både for å få elevane medvitne fagleg, sosialt og med tanke på utstyr dei treng å ha med. Målet er aktive og søkande elevar.
· Framarbeide nytt, tverrfaglege konsept for økologi/kroppsøvings-ekskursjonen.
· Involvere elevane meir i planleggingsprosessen

C )Tema LÆREPLANARBEID
Det blir lagt opp til systematisk arbeid med læreplanen i faget for at elevane skal forstå og akseptere måla, og kunne påverke konkretiseringar av desse.
Alle elevar skal i starten av t.d. eit kapittel/emne ha ei klar oppfatning av kva som skal lærast (vurderingskriterium ). Dei skal og ha høve til å kunne påverke desse kriteria
I denne samanhengen er ein vaken for alle høve for lokal tilpassing, dvs justering av fagstoffet til elevane sine røynsler og interesser.

Dette er ikkje enkelt å få til i praksis, men det blir jobba aktivt i seksjonen med saka. Førebels gjer ein det slik at læraren lager eit utkast/forslag som blir drøfta saman med elevane.

Status pr. 31.01.03:

A) Tema VURDERING
Temaarbeid/prosjektarbeid
Det blei gjennomført to temaarbeid i naturfag og eit prosjektarbeid (for klassene 1A og 1TAI). I tema-arbeida blei det utført såkalla mappevurdering. Den uformelle vurderinga blei vektlagt. Elevane fikk jobbe etter læringsmål som dei sjølve hadde formulert (med den naudsynte rettleiing som ev. måtte til). Tanken var at dette er det sentrale elementet i denne arbeidsmåten sitt potensiale til å differensiere undervisninga. Dersom disse måla i størst mogleg grad er formulert på basis av eleven sine interesser, føresetnader etc. – trur vi eleven har større høve til å lukkast med læringsoppgåvene. Elevane fikk og velje arbeidsmåte samtidig som dei blei presentert for nye måtar å arbeide med stoffet på.

Evaluering av arbeidet:
Utan å gå i detalj, meiner vi at vi har relativt gode erfaringar med denne arbeidsmåten. Arbeidsmåten har sin styrke i forhold til tilpassing, slik at meistring er innan rekkevidde for dei fleste elevane. Når elevane formulerer mål som dei forstår og aksepterer, får dei eit større eigarforhold til læringsoppgåvene. Når elevane i større grad definerer eigne mål og arbeidsmåtar vil læringsoppgåvene betre vere tilpassa den enkelte elev.

Her er nokon ”fallgruver”;
Blant anna er eigenarten til fagstoffet og ein tilpassa rettleiingsstrategi avgjerande for om elevane vil lukkast med å setje eigne læringsmål for så å forfølgje disse i læringsarbeidet. Når elevane sitt erfaringsgrunnlag/kunnskap om eit emne er tynt, vil dei ikkje så lett kunne formulere eigne mål om temaet.
Vidare er noe fagstoff i naturfaga av ein slik karakter at temametodar/prosjektmetodar ikkje fører til læring/meistring. Når ein tar føre seg desse emna, vil slike arbeidsmetodar verke motsett av føremålet.

Vurderingsform:
Karakterar er eit objektive kriterium på kva som er bra og dårleg – og på kva som er meistring. Men dei kan og føre til (og i mange tilfelle ei uheldig) sosial samanlikning blant elevane, og tar ikkje i same grad høgde for dei føresetnadene, eller utgangspunkt, og dei mål kvar enkelt elev har. Det å lukkast avhenger da av korleis man presterer, samanlikna med andre, og ikkje ut frå dei mål/føresetnader kvar enkelt elev har.
Det har vært ønskeleg at meistringsopplevinga skal knytast til indre kriterium i staden for ytre.

På temaarbeida blei det lagt vekt på uformell vurdering og det ble lagt vekt på samanheng mellom innsats, læring og resultat. Altså fokus på læringsorientering og utvikling av et fordelaktig attribusjonsmønster hos elevane. Ein prøver å hjelpe elevane til å grunngi det positive og negative i arbeidsprosessen til kontrollerbare faktorar for eleven; innsats og val av strategi (ikkje evner og flaks/uflaks).

Elevane si vurdering av seg sjølv og av undervisninga:
Dette ble gjennomført, men ikkje på langt nært så ofte som det opphavleg var tenkt (1 gong per veke). Denne evalueringa gav likevel verdifull informasjon om elevane sine ønske omkring arbeidsmåtar i faget. Elevane si evaluering av seg sjølv vil eg tru gjorde dei medvitne om korleis dei sjølv arbeida med faga, samarbeidet og heimearbeid, slik at dei lettare kunne sjå kor dei arbeida bra kor dei kunne betra seg/utvikle seg. Evalueringa blei og grunnlag for elevsamtale.

Arbeidsmåten vil bli vidareført dette skoleåret (02/03) for to emne, og med nokon endringar.


B) EKSKURSJON:
Elevane blei sterkt involverte i planleggingsprosessen, både i val av aktivitetar og i utarbeiding av utstyrslister, matinnkjøp, pakking etc. Dei ulike arbeidsgruppene fikk og større fridom i felten og kunne ha noe ulikt fokus på temaet for ekskursjonen.

Positivt trekk ved dette opplegget var at elevane fikk høve til å gjere ulike val – noe som sannsynlegvis styrka eigar-forholdet og motivasjonen for aktivitetane.
Det differensierande aspektet lå i at eleven valde aktivitetar som hadde ei viss interesse og som på den måten betre var tilpassa eleven med tanke på erfaring, modning, interesse og læreføresetnader.

Vi har sett at det er viktig at elevane får litt ”input” på førehand. Elevane veit da meir og har større grunnlag for å gjøre kyndige val. Derfor var det gjort eit godt forarbeid fagleg før ekskursjonen.


C) LÆREPLANARBEID
I dei emna kor lærarstyrte undervisningsformer blei valt (oppgåver, øvingar, formidling), blei læringsmåla formulert av lærer. Kunnskapsmål innan kvart emne, samt eigna deler av fellesplan blei broten ned og sett inn i ein taksonomi som elevane fikk. Elevane har fått høve til å uttale seg.

Det er og prøvd å gi dei ”minst motiverte” elevane tilbod om å jobbe med ein avgrensa del av måla – slik at dei kan oppleve meistring ut frå målsetnadene dei (til ei viss grad) sjølv har sett/valt.

Evaluering:
· Den opphavlege tanken var at elevar som ønska det, kunne (i samråd med lærar) arbeide med ei avgrensa del av læringsmåla. Det blei ikkje ytra ønske frå nokon av elevane om dette. Truleg har det ikkje vore gjort nok frå lærar for å stimulere slike val. Det kan og ha med eit sosialt klima og aksept blant elevane om det å gå ulike veier.
Generelt har dette vore eit vanskeleg punkt fordi det og fører med seg større endringar for andre variablar i undervisninga. Det blir jobba vidare med å undersøke om et slikt konsept er ønskeleg og korleis undervisninga kan organiserast innanfor slike rammer.

· Få elevar ønska å uttale seg om/endre ”lærarformulerte” læringsmål slik at deira reelle innverknad har nok vært relativt liten. Det kan ha med måten og tidspunktet i læringsprosessen dette blei presentert.

· Læringsmåla hadde likevel ein viktig funksjon med tanke på motivasjon: Det gjorde elevane meir medvitne på kva som blei kravd av kunnskap, og det gjorde det lettare for dei å evaluere seg sjølv undervegs i læringsprosessen. I førebuinga til fagprøver har det og gitt løft i elevane sin motivasjon. Dei ser lettare kva som er viktig og kan rette fokus mot det. Dersom dette gir økt samsvar mellom elevane sin innsats og ”resultat” vil det kunne hjelpe til et gunstigare attribusjonsmønster og økt grad av læringsorientering.

Tal elevar som deltar aktivt i prosjektet 2002/2003:
40 elevar fordelt på:
1A- Grunnkurs AØA
1I - Grunnkurs TAF
2KJ - VKI AØA

Tal lærarar som deltar aktivt i prosjektet: 2

 

 

Prosjekt A
Prosjekt B
Prosjekt C

Prosjekt D
Prosjekt E
Prosjekt F
Prosjekt G
Prosjekt H
Prosjekt I
Prosjekt J
Prosjekt K
Prosjekt L