Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her >> Utviklingsarbeid - Norsk IKT
IKT-eksamen i norsk - kva er det?

Våren 2001 var HVS, som ein av fire skular i Noreg, med på eit eksamensforsøk i norsk i regi av Læringssenteret. Ein av allmennfagklassane hadde begge dei skriftlege norskeksamenane sine på data.

Kva var nytt og nyttig i forsøket?
· I staden for å få utdelt eit ferdiglaga ressurshefte til den eine skrivedagen, fekk elevane ein førebuingsdag i grupper på skulen. Her fekk dei oppgitt eit tema. Gruppa skulle så samle stoff og drøfte problemstillingar over oppgitt tema. Denne dagen hadde elevane tilgang til alle hjelpemiddel, også Internett.

· Begge skrivedagane var open-bok-prøver, men då var Internett-tilgangen og annan kommunikasjon avstengt. · Opne oppgåver gav rom for differensiering.

· Samanhengen mellom skrivedag 1 - sjangerdag - og dag 2 - fagdag - vart god.

· Bruk av IKT i ein opplærings- og eksamenssituasjon er positivt.

· Norskeksamen med IKT påverkar undervisningsmetodane gjennom opplæringa. Samarbeidslæring, internettpedagogikk og kjeldekritikk undervegs er nødvendig.

· Svake elevar fell ikkje utanfor. Gruppearbeidet i førevegen er ei støtte for alle elevar.

Vegen vidare.
No når eksamensforsøket er avvikla, får HVS, saman med dei andre skulane i forsøket, halde fram med IKT-eksamen i norsk på allmennfag. Frå våren 2003 skal allmennfagelevane ha denne eksamensforma.



Les rapporten om forsøket